Avlsdiplom: Tre generasjonar Pollestad, Rasmus, Gabriel og Rasmus, fekk tildelt avlsdiplom for oksen 11881 Pollestad.

Utdeling av avlsdiplom og heder til to nye kyr som har nådd milepælen 100 tonn mjølk levert til meieriet, sette ein ekstra spiss på Geno sitt avslmøte torsdag i førre veke.

Liv Kristin Sola

– Det er fint å kunne hauste fruktene av eit langt og systematisk avlsarbeid som er gjort av førre generasjon, seier Gabriel Pollestad, og viser til det arbeidet faren, Rasmus, gjorde då det var han som hadde ansvaret for drifta.

Eldste generasjon Pollestad er framleis aktiv i fjøset kvar dag, sjølv etter at sonen Gabriel og kona Monica overtok garden i 2006.

– Avlsarbeid er langsiktig arbeid og krev tålmod, stadfestar den erfarne bonden.

 

Frå gardsokse til inseminering

Rasmus overtok i 1970 og dreiv garden i 36 år. Han overtok ein buskap med Sør- og Vestlandsk raudkolle.

– Far nytta avlsokse, noko som kunne gje store utslag på kvigene som ikkje alltid vart gode produksjonsdyr, seier Rasmus.

Han starta med inseminering og gjekk over til NRF då han overtok.

– Kvar generasjon må tenke nytt og gjere sine tilpassingar, konstaterer han.

 

For Rasmus var det avlsarbeid og røyrmjølking, og 75-åringen er truleg blant dei som har opplevd den største omveltinga i mjølkeproduksjonen.

– Eg kan ikkje peike på ein spesiell ting. Det er eit samspel, alt heng saman. Etter krigen kom mjølkemaskinane for fullt. På 50-talet vart traktorar meir vanleg på gardane, minnest Rasmus.

For Gabriel har utviklinga handla om mekanisering, lausdrift, mjølkerobot og dobling av mjølkekvoten.

 

Helse og mjølk, jur og bein

Avlsdiplom blir tildelt oppdrettarar av NRF-oksar som vert rekruttert direkte frå buskapane, og seinare nytta som eliteoksar.

Oppdrettar får éi krone per dose av oksen som vert nytta innanlands.

20 år gamle Rasmus vil ta agronomutdanning ved vinterlandbruksskulen og overta heimegarden når det vert aktuelt, men først er det fagbrev som elektrikar og nokre år i fast arbeid som står høgst på dagsorden.

Medan Rasmus tek utdanning og Gabriel er leiar for ei mekanisk bedrift som han sjølv har bygd opp, er det eldste generasjon Rasmus som tek seg av deg daglege arbeidet i fjøset.

Dei har 40 årskyr fullt påsett, inkludert framfôring av oksar. ytinga ligg rundt 8.500 liter.

– Stabil yting er viktigare enn høg yting, konkluderer Gabriel.

Yting ligg som eit grunnlag når dei vel kyr, men dei er mest opptekne av helse generelt og klauvhelse, bein og jur spesielt.

– For komande generasjon trur eg dei store endringane vil koma kjem til å koma på uteområdet, med førarlause traktorar, mindre maskinar og presisjonsjordbruk, trur Gabriel.

 

11881 er etter 11078 Gopollen som igjen er etter 10177 Braut. Pollestad har 10795 Hoøen som morfar. Foto: Geno/Oksekatalogen.

Okse sterk på jur

Mor til 11881 Pollestad døyde av ukjende årsaker, rett før avsining etter første kalven, 11881 Pollestad. Ho hadde mjølka rundt 8000 liter på første kalven. Utfordringa var jureksteriør, med eit midtband som ikkje klarte første laktasjon.

Tore Joa set opp avlsplanen for buskapen. Han fortel om ei ku som ikkje sjølv hadde eit godt jureksteriør, men som hadde ein far som var ein sterk jurokse og var sjølv inseminert med okse med godt jur.

– Tala for dei ulike eigenskapane er basert på GS-verdiar, fortel Tore Joa. – Det forklarer at oksen etter denne kua var den sterkaste juroksen då han var presentert i oksekatalogen.

Framleis har oksen 44 i avlsverdi. Han er ikkje lenger i katalogen, men er tilgjengeleg i dunkane hjå enkelte inseminørar – som spermvital.

Stikkord denne saka: ,
Share This