Ein milepæl: I sin tiande laktasjon har Litago passert 100.000 liter mjølk. Ho ventar sin ellevte kalv i oktober.

Tre avlsdiplom og heider til Litago som har produsert 104.000 liter mjølk. Dette vart markert på ope avlsmøte på Genoloftet på Særheim, i midten av juni.

Liv Kristin Sola

Avlsdiplom vert delt ut til oppdrettarar av NRF-oksar som vert nytta som eliteokse. I tillegg til diplom, får bøndene ei krone for kvar dose som vert nytta innanlands. Avlsdiplom vert tildelt ein gong per okse. Blant eliteoksane som kom i mars, var tre frå Jæren.
– Ikkje heilt kvardagskost, seier Inger Husveg Lassen i Geno.
Trønderoksar har hatt ein tendens til å dominere i oksekatalogen, og det har vore relativt få eliteoksar frå Rogaland.

Tre gonger Jæren: Tommy Skretting, Skretting KU (t.v.), Tor Bjarte Grødem, og Torbjørn Garborg med sine avlsdiplom. Foto: Tore Joa.

Framtida er genomisk

Tida for ungoksar er over og 11284 Skretting er den siste avkomstgranska oksen som får tildelt avlsdiplom. Skretting er god på eksteriør, bein, jur, lynne, hastigheit og mjølk. Oksen produserer no sæd for eksport til Kina.
11284 Skretting har 22016 A. Linne som far og 22004 Orraryd som farfar. Morfar er 5603 Lien. Oksen er fødd hjå Skretting Ku i Hå kommune.
11833 Knappholen har 11060 Nymoen som far og 22009 Långbo som farfar. Morfar er 10540 Eik. Oksen er fødd hjå Anne Frøyland og Tor Bjarte Grødem i Time kommune.
11827 Garborg er ein nordisk blanding med svenske 22025 VR Viro som far og finske 23009 S Velpas som farfar. Morfar er danske 28004 R David. Oksen er fødd hjå Torbjørn Garborg i Time.

104 tusen liter mjølk

Tildeling av diplom til kyr som har mjølka hundre tonn er ikkje daglegdags, men desto meir imponerande når det skjer. Denne gongen var det Litago frå Timpelen Ku som vart heidra. I tillegg til diplom får bøndene fem dosar valgfri NRF-sæd.
1083 Litago er fødd hjå Ommund Frafjord på Idse. Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen kjøpte kua før ho kalva andre kalven. For fire år sidan flytta kua og resten av buskapen frå eit båsfjøs på Forsand til eit nytt robotfjøs på Byberg i Sola kommune. Ein overgang Litago takla bra.
Ein speneskade etter tredje kalven gjorde henne trespent, noko som kunne korta ned livet til Litago. Men ho vart behandla og mjølker no på alle spenane.
Om naudsynt vert kyrne sjekka av veterinær ein periode etter kalving, for å oppdaga og handtera eventuelle problem så tidleg som råd. Det kan auke levetida for enkelte kyr. Målet er at kyrne skal halda mange laktasjonar. Overskot av kviger kan seljast som livdyr.
1083 Litago er fødd 31.desember 2005. Far er 5603 Lien og morfar er holsteinoksen 6608 Var Calano. Middel produksjon siste fem år, er 12.100 kg, med 3,8 prosent feitt og 3,3 prosent protein. Ho var 22,6 månadar ved første kalving, og har eit kalvingsintervall på 11,7 månadar. Gjennomsnittleg celletal for alle laktasjonane er på 32.000. Kua ventar sin ellevte kalv i oktober. To år på rad var ho kåra som Gullkua, den mest haldbare kua, under kuustillinga på Jærmessa.
– Ho får leva så lenge ho fungerer så godt som ho gjer no, kommenterer Inga Skretting Timpelen.

Stikkord denne saka: ,