Smart tak: Nokre bønder har investert i tak til gjødselkummen. Dermed unngår dei redusert lagerkapasitet grunna store mengder regnvatn. (Illustrasjonsfoto)

Ein blaut og regnfull vår og haust får konsekvensar for fleire bønder på Jæren. Nokre opplever at gjødselkummane er så fulle at dei renn over.

Jane Brit Sande

Olav R. Husveg, i prosjektet Frivillige tiltak i landbruket, er uroa over mengda gjødsel som ligg i stadig fullare gjødselkummar på Jæren.

– Det er på veg til å bli fullt på grunn av mykje regn i haust, og særdeles dårlege gjødslingsforhold i 2017, seier han.

Søknadsfristen for tilskot til bygging av gjødsellager var 15. desember. Husveg fortel at det kom inn 70 søknadar.

– Dette tyder på at det er eit stort behov for auka lagerkapasitet, slår han fast.

Olav R. Husveg

Dugnad

Siste frist for å køyre gjødsla oppå bakken var 1. september. Fram til 1. november kunne bøndene molde ned gjødsla.

– Men jorda var så blaut at dei aller fleste kunne ikkje køyre utpå då heller. Og det var godt dei ikkje gjorde det. Det ville blitt mykje avrenning til vassdraga, seier Husveg.

Bøndene kan begynne å køyre ut gjødsla 15. februar, så fremt enga ikkje er frosen eller det er snødekt mark.

– No håper me alle på ein tidleg vår, seier Husveg.

Bønder som opplev at gjødselkummane begynner å bli fulle, må flytte gjødsla til eit ledig lager. Husveg vonar bønder i gjødselknipe kan få hjelp av sine yrkesfeller.

– Det er ein del tomme løer rundt på Jæren, som er bygd på 1970-talet eller seinare. I desse løene er det gode gjødselkjellarar. Eg vil oppmode dei som har tomme gjødselkjellarar eller ledig kapasitet i sine gjødsellager, om å stille desse til disposisjon for bønder som treng dei, seier Husveg.

– Det er mange som ikkje vil ha den trafikken dette fører med seg i tunet, men dette er ein unntakssituasjon, slår han fast.

Teori om «lokk»

Då Bondevennen var på besøk hjå Husveg, hadde han akkurat vore på synfaring hjå ein bonde med full gjødselkum. Det var ikkje første gong Husveg høyrte om teorien bonden presenterte.

– Det er nokre bønder og entreprenørar som har ein teori om at størkna storfegjødsel på topp av kummen fungerer som eit lokk. Dette er heilt feil, seier Husveg.

Den biologiske massen er ikkje  tett. Vêr og vind vil påverke.

– Dersom det er vind, vil skorpa bevege seg og det vil bli sprekker i den, seier Husveg, som eit eksempel.
– Og hugs; det er bonden som disponerer kummen som sit med ansvar for at gjødsla ikkje renn over og når vassdraga.

Stikkord denne saka: ,