Ei blanding av moderne teknologi og tradisjonelt handtverk skal gi auka kvalitet på arbeidet og betre lønsemd for bonden.

Liv Kristin Sola

Slakteriet i Førde vart bygd i 1984 som eit fullskala anlegg, med slakt, skjering og foredling. Foredlingsavdelinga vart effektivisert vekk på 1990-talet.

I dag er anlegget i Førde størst i landet på skjering av småfe. I tillegg til eigne tilførslar kjøper dei inn småfeskrottar frå andre anlegg. Fabrikken er eit råvareanlegg som sel nedskore kjøt og heile skrottar til industrien, blant anna går mykje av småfekjøtet til Nortura Sogndal kor det vert nytta i spekemat- og pinnekjøtproduksjonen.

Eitt slakteri – tre dyreslag

Slakteriet har 120 fast tilsette, og arbeidsstokken aukar til 260 i sesong, veke 36-44. Anlegget er eit av få Nortura anlegg som slaktar tre dyreslag, gris, småfe og storfe.

– Det er summen og balansen mellom desse som avgjer vår totale kapasitet, seier fabrikksjef, Eivind Fonn.

Tilførselsområde for slakt strekk seg frå Romsdalsfjorden i nord til Bergen i sør. Eit område på storleik med 2/3 av Danmark, men med noko meir krevjande transporttilhøve enn vårt flate naboland.

Årleg slaktar Nortura Førde 23.300 storfe (6190 tonn), 37.000 gris (3100 tonn) og 135.000 småfe (2900 tonn). Medan talet på småfe er aukande, er talet på gris i området relativt lite, men stabilt. For storfe har det vore ein jamn nedgang, noko som no ser ut til å endre seg.

Førde er store på nedskjering med 3700 tonn storfe og 3468 tonn småfe. Griseskrottane vert selde heile til andre industrikundar. Slakteriet har ein eigen ullstasjon der ein klasser 550 tonn ull per år.

Pacebone gir auka lønsemd

Slakteriet har tre parallelle skjerelinjer; voksen sau, lam og storfe. Det gir høg fleksibilitet og kapasitet i anlegget. Per i dag er kjølekapasiteten den største flaskehalsen på anlegget. Anlegget var det første i Nortura til å installere Pacebone på storfeskjering. Tradisjonelt har ein kjøtskjerar skore ned heile skrotten. Med Pacebone er slaktet i konstant rørsle gjennom heile nedskjeringsprosessen. Skjerelinja har blitt meir lik slaktelinja.

– Me ser ei betydeleg forbetring i skjereøkonomien med ny linje, men er ikkje heilt i mål. Dei tilsette viser stor vilje og innsats for å lukkast. Balansering av linja, det at me klarer å ha ei jamn fordeling av oppgåvene langs linja, noko som varierer i forhold til dyremateriale og skjeremønster, er særs viktig for å lukkast med denne type skjering, seier Fonn.

Slakteriet er stadig på leit etter dei små marginane som kan gjere dei enda meir effektive. Samstundes jobbar dei kontinuerleg for forbetringar innan HMS, utbytte og teknologi.

– Det handlar om å auke utbyttet til bøndene, noko som er viktig for oss som driv i industrien, seier Fonn.

Topp kvalitet

Fabrikken er i kontinuerleg drift frå klokka sju om morgonen til nærmare åtte om kvelden, fem dagar i veka. Natta vert nytta til vasking og desinfisering. I porten møtast dei, gjengen på første skift på slakteriet og gutta frå vaskebyrået som er på veg heim. På viktige nøkkelposisjonar langs linja har dei tilsett profesjonelle slaktarar frå Aust-Europa og New Zealand.

Lærer av dei beste: Profesjonelle slaktarar frå New Zealand tilfører både kunnskap og humør langs produksjonslinja.

 

– New Zealand er fremst i verda innan småfeslakting og dei klassifiserer sine slaktarer som A, B eller C slaktarar. Dei aller beste kjem til Førde, seier fabrikksjefen og smiler nøgd.

Øya heilt sør på kloden har ein moderne og høgteknologisk industri som er mange gonger større i volum enn her til lands.
– Teknologisk er Norge hakk i hæl. Me syg til oss kompetanse og kunnskap frå desse karane for heile tida å bli betre, seier Fonn.

Hygiene og matsikkerheit

Fonn er oppteken av at anlegget skal vere ein sikker og triveleg arbeidsplass. Dei fast tilsette har i snitt 23 års ansiennitet. Fabrikken har ein null-visjon for skader i anlegget. For å nå det ambisiøse målet jobbar dei med dei tilsette sine haldningar slik at dei er motivert til å sikre seg sjølve og resten av arbeidslaget.

– «Eg skulle bare…», er gjennomgåande forklaringa når det skjer ei uønska hending, fortel Fonn. Her kjenner eg meg att sjølv, både privat og i jobb. Denne tankegangen skal vi klare å endre slik at vi får ein enda sikrare arbeidsplass.
Fabrikksjefen er stolt av anlegget og arbeidsgjengen på Nortura Førde. Han oppmodar produsentar til å besøke anlegget for ei omsyning og informasjon om drifta.

– Me har alltid ope for bøndene. Me er heilt avhengig av våre eigarar, seier fabrikksjefen ved Nortura Førde.

Moderne slakteri: Nortura Førde slaktar småfe, storfe og gris og er størst i landet på skjering av småfe.

Stikkord denne saka: ,