Lever farleg: Mengda kløverhumle er sterkt redusert i Rogaland dei siste 50-100 åra. Bønder kan gjera ein viktig innsats for å sikra leveområda til insekt. Foto: Frode Ødegaard.

Mengda insekt minkar dramatisk i Europa. Landbruket er ein stor del av problemet, men er også ein viktig del av løysinga, seier insektekspert Frode Ødegaard.

Bothild Å. Nordsletten

Den totale mengda insekt i 63 tyske naturreservat er redusert med 75 prosent sidan 1989. Sommarstid er nedgangen oppe i 82 prosent. Årsaka er samansett, men landbruk med monolandskap spelar truleg ei viktig rolle. Dei dramatiske tala som vart publisert i forskingsmagasinet Plos One nyleg er truleg representative for utviklinga i øvrige delar av Europa, og har vekt internasjonal oppsikt. For insekt spelar ei avgjerande viktig rolle i heile økosystemet. Så kva med Noreg, er det grunn til å vera uroa for småkrypa sin lagnad også her?

Insektekspert: Frode Ødegaard. Foto: Agne Ødegaard

Burde studert Jæren

– Me veit eigentleg lite om insektmengda her, fordi me ikkje har hatt overvaking. Me har berre indikasjonar, seier Frode Ødegaard, seniorforskar og insektekspert ved Norsk institutt for naturforskning, NINA.
– Det er ikkje noko som indikerer dramatisk nedgang i Noreg. Me har veldig mykje skog og fjell, det likar insekta. Men når det gjeld det mest industrielle landbruket på Austlandet og Jæren, så hadde det vore interessant å sjå på langtidsdata over insektmengd. Me kan ikkje utelukka tilsvarande effektar som dei me har sett i Tyskland.

Insekt er navet

– Er insekt viktige for landbruket?
– For dei landbruksplantene som treng pollinering er dei sjølvsagt det, medan korn ikkje er avhengige av insekt. Det spesielle med den tyske studien at det dreier seg om mengda insekt, ikkje om einskilde truga artar. Når mengda insekt blir redusert kan ein byrja å tala om funksjonane til insekt, for dei inngår i alle økosystem. Bortfallet av insekt går utover det større næringsnettet. Me merkar det på bestanden av alle dei andre dyra som et insekt, som fugl, fisk og pattedyr. Næringsnettet kan også bli heilt omkalfatra dersom parasittar og rovinsekt skulle bli borte. Dei dreg med seg soppsporar og bidreg til nedbryting av daud ved, lauv, barnåler, møkk og åtsel. I tillegg har insekta viktige økosystemfunksjonar i det dei syter for frøspreiing og pollinering for planter. Insekta er navet i økosystemet. Dersom utviklinga går utover funksjonar i naturen, er det verkeleg alvorleg.

Arealbruken er syndebukken

– Er det grunn til uro?
– Ja, eg er uroa for stoda, også her til lands. Fleire hundre artar har anten forsvunne eller er sterkt truga.
– Kva er det største trugsmålet mot insekta?
– Heilt klart arealbruken av landskapet. Det handlar om å ta vare på ulike, sjeldne naturtypar med mange artar. Eg er også uroa over landbrukspolitikken. Ting blir gjort på same måte til same tid overalt, både i skogbruket og jordbruket, anten det dreier seg om treplanting, såing, pløying, behandling av kantsonar eller sprøyting. Då blir landskapa homogene og me mistar den mosaikkstrukturen i landbruket, som er viktig for å bevara leveområda til insekta. Landbruket er del av problemet, men også del av løysinga, meiner Ødegaard.

Mangfald i kantsona

– Det spanande med landbruket er at sektoren også har høve til å gjera noko positivt. Bøndene kan ta vare på og utvida restområde, der det er mykje stein eller det kostar for mykje å dyrka. Sett av område, gjerne dei mest vassjuke – dei er svært spanande for insekta. Kantplanting har også heilt klart effekt. Om bonden dyrkar insektpollinerte planter, vil kantsonar med rikt mangfald tiltrekka seg fleire insekt, noko som vil kunne gi større avling.
Ødegaard slår også eit slag for dei gamle slåtteengene.
– Dersom landet gror att, forsvinn dei såkalla openmarksartane. Desse artane likar dei næringsfattige plantene i det gamle jordbrukslandskapet, som var utan kunstgjødsle og sprøytemiddel.
Insekteksperten vedgår at ein del av tiltaka nok går utover bondens umiddelbare økonomi.
– Det er snakk om forandring av store landskap. For å få effekt på landskapsnivå må ballen difor sparkast over på styresmaktene, meiner Ødegaard.

Stikkord denne saka: ,