Dyrevelferd: Pelsdyrnæringa har gått gjennom ein omfattande snuoperasjon dei siste åra for å sikra god dyrevelferd. Mattilsynet, veterinærtenesta, interne tilsyn og omfattande loggføring bidreg til full merksemd på dyrevelferd året rundt.

Leiar i Rogaland pelsdyralslag, Jan Ove Horpestad, har vore gjennom tidenes snuoperasjon for å få pelsdyrnæringa på rett kjøl. No delar han gjerne erfaringane med svinebønder under press.

Sjur Håland

Svinenæringa i Rogaland er under lupa grunna tilsynsrapportar som avdekker brest i dyrevelferda.
– Ein slags massesuggesjon retta mot Mattilsynet blir feil og er heilt unødvendig. Det er langt betre å ta nødvendige grep i eigne hus og endra rutinane der det eventuelt trengst, meiner Horpestad.

Knalltøft

Det har gått fleire år sidan presset mot pelsdyrnæringa var på det sterkaste. Leiaren i Rogaland Pelsdyralslag, som nett no har ansvar for 9.500 dyr på farmen, fortel om knalltøffe tak og sterke psykiske påkjenningar. Farmarane var skvisa frå mange hald. Kjensla av einsemd og isolasjon var sterk.
– Næringa var også under politisk press. Det verka som om alle ville ta oss, og me innsåg fort at me måtte gjera ei rekke tiltak for å skapa ny tillit og berga pelsdyrnæringa frå avvikling.

Jan Ove Horpestad

Tydeleg beskjed

Pelsdyrnæringa søkte hjelp frå landbruket sine organisasjonar og fekk tydeleg beskjed om å ordna opp.
– Den same beskjeden bør også grupper med andre husdyrslag under dyrevelferdspress få. Norsvin og svineprodusentane har ikkje andre alternativ enn å ta ansvar, rydda opp og syta for ei haldningsendring der det trengst, erfarer Horpestad. Han presiserer at han deler eiga erfaring og ikkje ønskjer å hovera eller vera belærande. Han understreker også at Norges Bondelag seinare har bidrege med innsats og ressursar for å støtta pelsdyrnæringa.

Snudd på hovudet

I dag er det meste snudd på hovudet. Pelsdyrnæringa er ikkje til å kjenna att frå den gongen det storma som verst, meiner Horpestad.
– Forholdet til Mattilsynet er det beste, og me får tilbakemelding på at næringa vår, frå deira ståstad, blir oppfatta som eksemplarisk i høve til tilsyn og besøk. Dyrevelferda er også god.

Dyrevernarar på hogget

Dei siste tre åra har dyrevernorganisasjonar saumfart postlistene til Mattilsynet og bedd om innsyn i alle saker der pelsdyr er involvert. Det må pelsdyrfarmarane leva med.
– Dei har eigne folk som jobbar med å henta ut offentlege dokument og fotomateriale, og eg reknar med at dei lagar eigne statistikkar og til ei kvar tid har full oversikt over til dømes skadefrekvensane blant pelsdyra.

Tilsyn del av kvardagen

Umelde tilsyn er ein del av kvardagen til pelsdyrnæringa, og blir handtert på strak arm. Ei omfattande sjekkliste blir kvittert ut kvar dag på farmane og er alltid tilgjengeleg om det dukkar opp kontroll eller tilsyn.
– I tillegg til Mattilsynet, får me tilsyn av eigne personar frå sentralt hald i dei mest kritiske periodane mai, juni og september, oktober.
Det europeiske velferdssystemet, Velfur, syter også for at norske pelsdyrfarmar blir sett under lupa med eit årleg besøk av danske ekspertar på dyrevelferd. Og, som om ikkje dette er nok; tre årlege obligatoriske veterinærbesøk høyrer med hjå dei som har pelsdyr på garden.
– Sjølv hadde eg fire besøk på ei veke i år. Klart det er hektisk, men eg er roleg og kjenner meg trygg på at dyrevelferda er i orden til ei kvar tid. Skulle noko bli påpeika, må eg straks følgja opp for å lukka avviket, det er ikkje verre enn det, seier han.

Bonden sitt ansvar

Horpestad minner om at det som skjer på garden alltid er bonden sitt ansvar.
– Å skulda uønskte situasjonar på ein tilsett eller ein ung avløysar blir feil. Plassering av ansvaret der det høyrer heime er avgjerande viktig, også for dyrevelferden på bruket, erfarer han.

Del av demokratiet

Å få retta søkjelyset mot eigen produksjon kan vera ubehageleg, det veit vi det meste om, stadfestar Guri Wormdahl, kommunikasjonssjef i Norges Pelsdyralslag.
– Om frontane var steile ei tid i starten, opplever me no eit godt samarbeidsklima og har ei felles forståing kring god dyrevelferd, seier ho.
Wormdahl held fram at det er Mattilsynet sin rett og plikt å vera demokratiet sin forlenga arm ovanfor storsamfunnet for å sikra god dyrevelferd på gardsbruka.
– I vår næring har me kome lenger i høve til å vera opne og søkja dialog. Mattilsynet er ein viktig aktør som formidlar til storsamfunnet om at det står bra til i næringa vår, understrekar ho.
Legitimering av husdyrhaldet gir tryggleik for bonden. Kommunikasjonssjefen held fram at dei ulike rollene må vera til stades for at samfunnsoppdraget til Mattilsynet skal fungera.
– Det er, og skal vera slik, at hjarta dunkar hardare i brystet når det umelde tilsynet dukkar opp hjå våre produsentar. Men rolleskilnadane er ikkje til hinder for at profesjonelt mannskap i Mattilsynet også kan bidra med god rettleiing i kva som til ei kvar tid må ryddast opp i. Den rettleiinga har vi alltid bruk for, seier ho.

Stikkord denne saka: ,
Share This