Stress: Lindis Hetland, psykolog ved Jæren DPS, hadde føredrag om stressmeistring.

Fleire deltakarar tok til orde for intern oppvask i svinenæringa under fagmøte.

Jofrid Åsland

– Vi er på veg inn i ei ny tid. I framtida må bøndene leve med auka krav til dyrevelferd og kontroll i besetninga, seier Bjørn Høyland, svineprodusent og ansvarleg for gris hos Prima Slakt.
Høyland var ein av om lag 60 frammøtte på eit fagmøte på Øksnevad i Rogaland i førre veke. Møtet var skipa av Norsvin. På dagsorden stod stell og rutinar i grisehuset, fôring, marknad og sal og råd frå ein psykolog. Stemninga på møtet bar preg av at næringa er under lupa til Mattilsynet om dagen.

Kanalen til folket

– At Mattilsynet ser oss i korta er vår legitimitet ut mot samfunnet. De må også vere veldig klar over at dyrevernorganisasjonane igjen ser Mattilsynet i korta, sa Per Inge Egeland, leiar av Norsvin Rogaland.
– Mattilsynet er våre auge ut til samfunnet. Dersom me kranglar med dei, øydelegg me for samfunnet sitt inntrykk av oss, sa han.
Egeland gjekk gjennom rutinar for stell og viste til informasjonen som ligg på Norsvin sine nettsider.
– Er det dårleg stelt, når ein må ha tema som stell og fôring på fagmøte, spurde Bondevennen etter møtet.
– Nokon gonger må ein gjerne bli fortalt korleis ein skal tenkje. Det handlar om bevisstgjering. Ein kan gå seg inn i mønster etter mange års drift, og det kjem alltid nye produsentar til som vil ha behov for kunnskapen, svara Egeland.
Under diskusjonen om uvarsla tilsyn, tok fleire til orde for at næringa må gå seg sjølv etter i saumane.
– Me må gå ut og seie at me vil ha orden i svinenæringa, ordne opp, og ikkje gå i skyttargrava, påpeikte Bjørn Høyland.
Bondevennen skreiv i førre nummer om mange bønder som uroar seg for Mattilsynet sine umelde tilsyn. Fleire av møtedeltakarane skildra korleis det kan vere tøft for ein bonde å stå åleine i slike situasjonar. Norsvin hadde invitert psykolog ved Jæren DPS, Lindis Hetland, for å gi råd.

Grunnar til stress

Hetland er gift med ein pelsdyrbonde, og veit ein del om korleis svinebøndene har det. Ho fortalte om korleis stress kan resultere i konsentrasjonsvanskar, humørsvingingar, angst og utfordre familielivet.
– Men stress er ikkje berre negativt, påpeikte ho.
– Stress kan skjerpe og gjere at ein leverer betre. Negativt stress, derimot, er stress som varer over lang tid, og gir kjensla av at ein ikkje strekk til.
Hetland understreka at det var viktig å undersøke kvifor ein blir stressa, og delte stress inn i tre kategoriar:
1. Reint mjøl i posen: Du følgjer regelverket.
2. Ikkje reint mjøl i posen: Du bryt lova.
3. Veit ikkje: Du veit ikkje om du driv på korrekt måte.
– Dersom du er i kategorien «ikkje reint mjøl» i posen eller «veit ikkje», så gjer noko med det. Sett deg inn i regelverket. Kunnskap er makt. Då kan du heller stille spørsmål til Mattilsynet om kva dei meiner er dei beste løysingane, råda Hetland.

Ta ein pause

Psykologen oppmoda bøndene til å opptre smart i møte med Mattilsynet, og ikkje gå i forsvar eller stikke av.
– Korleis kan ein vere smart når ein er veldig nervøs eller sint? spurde ein frå salen.
– Dersom du kjenner at det koker over, prøv å finne ein måte å få ein pause på. Sei at du må på do eller liknande, slik at stressnivået kan få synke litt, svara Hetland.

Stikkord denne saka: ,