To kyr – 210 tonn mjølk: Kua Atlanta hjå Andreas Joa har mjølka 104,4 kilo medan nr 490 hjå Svela samdrift har mjølka 105,4 kilo. John Henry Svela, Svela samdrift (t.v. ) og Andreas Joa

 

Utdeling av avlsdiplom og heider til to nye kyr som har nådd milepælen 100 tonn mjølk levert til meieriet, sette ein ekstra spiss på Geno sitt avslmøte torsdag i førre veke.

Liv Kristin Sola

To kyr vart hylla for å ha nådd ein livstidsproduksjon på 100.000 kilo mjølk. Denne gongen var det Andreas Joa og Svela samdrift som var invitert til Avlsmøtet på Genoloftet på Særheim, for å ta imot diplom og eit gåvekort på fem gratis sæddosar for å ha nådd denne milepælen.

– Ei «usynleg» ku som fungerer godt i buskapen og takla overgangen frå båsfjøs til lausdrifta på ein god måte, seier Svela.

– Det same kan eg seie. Kua er heilt anonym, gjer ingenting av seg, men gjer det ho skal i fjøset, og held seg frisk, seier Joa.

Tore Joa, avlsrådgivar i Tine, stadfestar at dette er trenden for dei kyrne som når denne milepælen.

– Desse kyrne er typisk små og spedbygd og ganske anonyme i buskapen. Dei søker ikkje kontakt med røktar og vert opplevd som anonyme, seier avlsrådgivaren.

Ku nr 490 hjå Svela Samdrift

Kua er fødd 22. juli 2005 på Vikeså i Bjerkreim. Ho har produsert 105,4 tonn på ti laktasjonar.

– Kua hadde ein GS-verdi på imponerande 20 då ho vart slakta, seier Tore Joa.

Far er 5618 Guterud. 4919 Øyslebø er morfar og 4756 Gimstad som mormors far.

– Denne kua er resultat av tre ledd med eliteoksar. Kua til Andreas er eit resultat av tre ledd med ungoksar, summerer Tore Joa.

Ti laktasjonar: Ku nr 490 hjå Svela Samdrift er fødd i 2005. Ho har mjølka 105,4 tonn mjølk på ti laktasjonar.

Atlanta hjå Andreas Joa

1242 Atlanta vart fødd 2. november 2006 i buskapen til Andreas Joa på Sola. Ho har mjølka 104,4 tonn og ventar sin 11. kalv i juli i år.

Far er 10434 Nesthorne. Farfar er 5438 Hodalen. Morfar er 5823 Lindvik. Kua har 6 i avlsverdi.

– Artig å sjå at mormors far er 4697 Myhrer. Ein tøffing og stor kjendis i si tid, kommenterer Tore Joa.

Stikkord denne saka: ,
Share This