To menn i et drivhus

Bjarne Kvist Hansen, styreleiar i Oikos Rogaland (t.v), og Kåre Egeland, driftsleiar andbruk ved Øksnevad vgs, i tomatdrivhuset på skulen.

– Forbrukarane er interesserte i økologiske produkt, og me må produsera det forbrukarane etterspør.

Jane Brit Sande, Bondevennen

Det er Ola Andreas Byrkedal, leiar i Rogaland Bondelag som meiner dette.
Oikos Rogaland og Økouka inviterte, i samarbeid med Landbrukets Økoløft til fagdag om rådgjeving, sertifisering og marknaden innan økologisk landbruk tysdag 27. september. Bakgrunnen for møtet var det aukande behovet for økologisk produksjon i Norge.

Rogaland dårlegast

– I Rogaland er me gode til mykje, men det er berre til å innrømme at Rogaland ikkje er det beste fylket når det kjem til økologisk matproduksjon. Forbrukarane er interesserte i økologiske produkt, og me må produsere det forbrukarane etterspør, sa Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag.
– Det økologiske landbruket er ein spydspiss for det konvensjonelle, der det konvensjonelle landbruket drar nytte av erfaringar og kunnskap frå det økologiske landbruket. Me treng begge deler, og me skal ha begge deler. Me skal produsere det forbrukarane ønskjer, slo han fast.
Torbjørn Norland, nestleiar i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, håpar Landbrukets Økoløft kan inspirere og påverke bønder til økologisk produksjon.
– Det er eit paradoks at Røros, ein av dei skrinnaste stadene i landet, er best på økologisk produksjon, medan her i Rogaland, kor me produserer så mykje forskjelleg, er me dårligast på økologisk matproduksjon, sa han.

Øko-innslag på Øksnevad vidaregåande skule

På Øksnevad vidaregåande skule er gardsdrifta konvensjonell, men dei har ein åker der dei dyrkar økologisk kålrot. Åkeren er på 30 daa, med vekstskifte kvart sjuande år.
– Eg har alltid sagt det slik; tør du ikkje gjere feil, gjer du aldri rett heller, sa Kåre Egeland, driftsleiar landbruk ved skulen.
– Eg trur der er eit vanvitig potensiale i økologisk produksjon, men for vår del, her på skulen, er det ei utfordring med avgrensa tilgang på midlar. Ein må vere på hogget når ein produserer grønsaker, og ein må passe ekstra på med økologisk, meiner han.
– Det er ei utfordring å få folk til å tenke volum. Skal ein produsere økologisk, må ein legge om på ein slik måte at ein kan leve av det, og ikkje berre for det. Jærbonden går ikkje på noko, utan at der er volum, meiner han.
I tillegg til økologisk kålrot, har skulen produksjon av økologiske cherrytomatar. Gjødsel som kunne nyttast i produksjonen, var allereie tilgjengeleg på skulen. Egeland fortel dei er lite plaga med sjukdommar i tomatproduksjonen.
– Eigentleg litt for lite, dette er jo ein del av undervisninga. Eg trur det har ein samanheng med at drivhuset står tomt i to månadar.

Etterspør økologiske råvarer

Bjørn Oppberget, marknadsansvarleg i Gartnerhallen, viste til at satsinga til Rema1000 og NorgesGruppen opnar for volumproduksjon av økologisk.
– Rema1000 har 570 butikkar i Norge, dei har avtale med Tine om sju økologiske produkt, og frukt og grønsakar og brød og korn er på veg. I tillegg vil òg industriaktørane, som Findus og Bama, ha økologisk, sa han.
Utfordringa ligg i det avgrensa økologiske landbruksarealet, og talet på økologiske produsentar. I 2015, var det 34 økologiske produsentar på landsbasis i Gartnerhallen.
– For oss i Gartnerhallen er det viktig å hindre auka import av varer som kan produserast i Norge, sa Oppberget.
Økologiske produsentar har minimum ein årleg revisjon. Debio har delegert myndighet av Mattilsynet til å utøve tilsyn. Skal produkt merkast og seljast som økologiske produkt, må dei vere godkjende av Debio. Omlegging frå konvensjonell til økologisk drift, tek to år.
– Men kan du dokumentere at det ikkje er sprøyta eller nytta kunstgjødsel på arealet dei siste tre åra, kan du søka om forkorta karenstid, sa Gro Thørud, kvalitetsrevisor i Debio.

Inspirasjonsbønder

To av landbrukets Økoloft sine inspirasjonsbønder var invitert til å fortelje om drift på eigen gard. Kolbjørn Anda driv Leikvoll Gard i Randaberg kommune, Rogaland. På garden er det produksjon av mjølk og storfekjøt. Ytinga ligg på 8537 EKM/årsku, og Anda har 28,7 årskyr. Dyra er på beite frå mai til oktober.
– Hjå meg er det ikkje eit mål med høg yting, men høgast mogleg yting på minst mogleg kraftfôr, sa han.
Anda har produsert økologisk sidan 2004.
– Det var den heilskapelege tankegangen som fascinerte meg; jord, organismar, dyr og menneskjer, sa han.
Vårgjødslinga blir gjort unna med ein slangespreiar, ei løysning Anda er meir enn nøgd med.
– Eg får minst mogleg køyring på jordet, påpeika han.
Anda har to slåttar kvar sesong, og i tillegg nyttar han mykje beite.
– Eg har ikkje hatt reduksjon av avling etter eg slutta med kunstgjødsel. Husdyrgjødsla gjer jobben, viss eg berre nyttar det på rett måte, sa han.
– Eg har nulltoleranse for høymole. Eg luker ut alt, og skal ikkje ha det i siloen.
Aud Mari Folden, bonde i Levanger har økologisk produksjon av gulrot parallelt med konvensjonell produksjon. Folden driv garden Røstad Øvre i Levanger, Nord-Trøndelag, saman med Bent Ingar Fuglu. Dei produserer økologisk gulrot på 60-70 daa, med eit 5-årig vekstskifte. Avsettingskanalane deira, er Gartnerhallen og Bama, Økologisk Midt-Norge, og eigen gardsbutikk.
– Me kunne produsert det dobbelte, men me trur det vill blitt vanskeleg å halde kontroll på at alt blir gjort riktig, det vil seie økologisk riktig, sa Folden.
Til gjødsling nyttar dei husdyrgjødsel, både frå økologisk og konvensjonell produksjon. Dei supplerer med pelletert hønsegjødsel (Grønn 8K frå Grønn Gjødsel AS).
– Eit verktøy som har vist seg å vere nyttig for oss, er GPS-en me nyttar ved såing, planting og hausting. Ei GPS-kule på traktor og på reiskap hjelper oss å optimalisere dette arbeidet, fortelde ho.
Ugraset må haldast nede manuelt, men ei spesiallaga lukevogn har både letta og effektivisert arbeidet.
– Etter me fekk denne vogna på plass, har sesongarbeidarane meldt seg frivillig til å luke. Det gjorde dei ikkje før, smilte bonden.
Folden uttrykte at ho likar utfordringane som kjem med den økologiske produksjonen.
– Ei vellukka økologisk avling gir ein betre, og kanskje til og med meit, lykkerus enn ved vellukka konvensjonell avling. Der er meir arbeid bak, og det handlar meir om det rette tidspunktet.

Spesiallaget lukemaskin i en åker

På garden Røstad Øvre i Levanger, Nord-Trøndelag, har dei fått ein spesiallaga lukemaskin for å letta arbeidet i gulrotåkeren. Foto: Aud Mari Folden

Stikkord denne saka: ,