Vakker, men uønskt: Kjempespringfrø (Impatiens glandulifera) er ein vakker plante, men han er svartelista i Noreg. Biletet er frå Bulken, Voss.

Kjempespringfrø er ein framand art i norsk natur og kan utgjere ein trussel for sårbare og trua artar. Tiltak er å hindre spreiing av frø.

Mari Aker, NLR Vest

Kjempespringfrø er ein eittårig plante som normalt blir mellom 100 og 150 cm høg. Kjempespringfrø trivst i fuktig skog, våte enger, flaummark, vasskantar og grøfter. Kjempespringfrø kan neppe forvekslast med andre artar. Vår heimlege springfrø er mindre og har gule blomar. Ved berøring eksploderer modne frøkapslar og sender frøa med stor fart opp til sju meter frå morplanten.

Korleis bekjempe kjempespringfrø?

Bestanden må slåast regelmessig for å hindre spreiing. Frøformeiring er einaste aktuelle spreiingsmåte for denne eittårige planten. Ein enkelt plante produserer rundt 4000 frø med spireevne på 80 prosent.
Luking er effektivt. Det grunne rotsystemet gjer den lett å luke. Plantar som ikkje har starta å blomstre kan bli liggande att på staden, men pass på at rota ikkje er i kontakt med jord eller at planten ligg i vatn. Plantar i bløming kan samlast i tette sekkar og må brennast.
Slått er effektivt om det vert gjort fleire gongar i vekstsesongen og minst tre år på rad. Det er viktig å ta første slått i god tid før planten rekk å sette modne frø. Etter at planten er slått, set den ny stengel frå leddknuten under kuttehøgda. Nedste leddknuten er éin til to cm over bakken. Dei nye skota set også frø.
Med nok avstand til vatn og vassdrag, kan kjemiske middel brukast. Uansett behandlingsmetode så må behandlinga gjentakast i to-tre år. Sprøytinga må helst gjerast før planten er 15-20 cm. MCPA er eit aktuelt middel. Hugs å setje opp plakat om området er ope for allmenn ferdsel.
Beiting i tre år vil også redusere bestanden kraftig. Både storfe og sau beitar denne planten.
Det aller viktigaste tiltaket er folkeopplysning; fjerne den eller hindre spreiing frå eigen hage. Flytting av jordmassar og hageavfall kan bidra til å spreie frø. Maskiner eller utstyr som er brukt i område med kjempespringfrø må reingjerast før det vert brukt andre stader.

Skyt i veret: Kjempespringfrøa ragar høgt over denne åtteåringen.

Vakker, men svartelista.

Stikkord denne saka: ,
Share This