image description

 

VI SER EIN TØFF KONKURRANSE om å setja dagsorden, ikkje berre i det offentlege rom, men inn til det minste kjellarrom. Følg oss i neste sending, les meir på heimesida, følg oss på twitter, følg oss på face book, reklame, propaganda, personleg melding og journalistikk, alt i ei herleg blanding. Subjektiv produktreklame forvekslast med forskingsrapportar og kommunikasjonsbransjen har eks­plosiv vekst, medan journalistisk arbeid skrumpar.

Vi har vore gjennom endå ein valkamp, og er sjølvsagt tilfredse og stolte over demokrati og frie ytringar. Utfordringa ligg i måten valkampane blir gjennomførte på. Gong etter gong blir valkampen ein heseblesande propagandamaskin, der kampen står om dei beste formuleringane og dei korrekte meiningane. Djupare analyse er nærast fråverande og dei færraste kjenner seg forplikta på formuleringar frå valkampen.

LIVET HAR LÆRT OSS at når showet er over, er det igjen pengemakta og lobbyen som er på banen. Det trugar folkestyret om makta blir flytta frå kommunestyresalar til styrerom, frå Stortinget til Brussel, frå Brussel til globale, altomfattande frihandelsavtalar. Pengemakta har ingen solidaritet. Den skaper forskjellar, forskjellar skapar naud og naud skapar uro.

AT JORDVERN, denne gongen, kom høgt på den politiske agendaen er interessant. I ein valkampsituasjon  går politikarane etter det som rører seg i folket. Når klima, miljø og jordvern opptek folk flest, blir det fort politiske tema. Vi har fått eit auka fokus på framtida. Korleis innrette seg i dag for å få mat og levelege forhold i morgon, er spørsmål som stadig fleire stiller. Ut av dette blir det skapt nye omgrep som det grøne skiftet, og verdien av matjorda er blitt kraftig gradert opp. Å demme opp for nedbygging av matjord har likevel, i det store biletet, vore ei tapt sak, fordi vern av matjord står i vegen for det «heilage» ordet, vekst. Eit anna utslag av politikken er gjengroing av kulturmark, noko som særleg rammar eit aktivt landbruk i distrikta.

KVEN SET DAGSORDEN og  gir retninga for samfunnsutviklinga? Vi er i ei brytningstid i samfunnet generelt og i landbruket spesielt. Kommentatorar og forskarar  kappast om å åtvare mot ei ikkje berekraftig utvikling. Gjeldande landbrukspolitikk, forhandla fram av Regjering og  Bondelag, blir snakka ned. Ein politikk som legg til rette for meir av det same; større, færre og meir sårbar.

VI REGISTRERer eit gap mellom ord og handling, mål og verkemiddel, som over tid ikkje er greitt å leve med. Å drive alternativt i forhold til politikken er ein sport for dei få. Bøndene må agere etter gjeldande politikk og pengestraum. Landbruk er knallhard business som alt anna næringsliv. Lever ekspertane i ei boble, utafor det som er realistisk, eller representerer dei idear som det kommersielle landbruket over tid vil gå etter?

Eirik Stople

Stikkord denne saka: ,