Gjetaren anno 2017 er elektronisk, har full oversikt, og nyttar sitt eige internett – tingenes internett.

Liv Kristin Sola

Bjørn Høyland, i Time i Rogaland, fortel om mange års prøving av ulike system for sporing av sau på fjellbeite. Han har testa det meste som marknaden kan by på.

– Kostnad, rekkevidde og batterikapasitet er den største utfordringa, summerer sauebonden.

Billig, men best

For fire år sidan kontakta Høyland det lokale elektronikkselskapet Nortrace på Bryne. Sidan den tid har dei jobba i lag for å utvikle eit nytt sporingssystem for sau på beite. Høyland ønsker seg eit sporingssystem som er sikkert og brukarvenleg, som har lang batterikapasitet og stor rekkevidde, levert til ein pris som kan gjera det aktuelt å ha sporingseining på alle sauene.

– Han ville ha ein Rolls Royce til prisen av ei folkevogn. Det har blitt mange svevnlause netter, kommenterer Rolf Ørland frå Nortrace.

Høyland flirer. – Eg har nok vore ganske krevjande å ha med å gjera, seier han.

Fleire gonger har dei meint at dei nærma seg lansering av eit nytt system, men små ting har gjort at dei utsette lanseringa.

Då Telia i desember 2016 presenterte Narrowband-IoT, som første teleoperatør i Norden, fatta Ørland interesse. Han kontakta Telia og inviterte til eit samarbeid.

– Det vart forløysande for prosjektet, stadfestar Bjørn Høyland.

Trygg sommar for bonde og sau

Nortrace har serveren og oppdaterer einingane. Via ein app på mobiltelefonen viser Kjetil Helliesen frå Nortrace, korleis Gjetaren fungerer. Sauene er å sjå som raude prikkar på kartet.

Bonden må vurdere kva han vil overvake og kva som skal til for å utløyse alarm. Til dømes dyr som ikkje flyttar på seg innan eit visst tidsrom, eller dyr som held seg innanfor eit avgrensa område ut over ei viss tid.

– Realiteten er at dyr sit fast i hepter og steinurer til dei tørstar eller svelt ihel. Med sporing på alle sauene kan me redda fleire frå denne lidinga, konstaterer Høyland.

– Vala er mange. I lag med utviklar må bonden avgrensa rapporteringa til det han har nytte av, forklarer Helliesen.

Målretta sauesanking

Høyland trekk spesielt fram sankinga om hausten. Det er alltid dyr som manglar. Bøndene må attende og ettersanka, kveldar og helger.

– Uvissa er det verste. Det å ikkje veta kor ein skal leita, kva som har skjedd. Leitar me etter levande dyr eller kadaver? Det er ei stor påkjenning, skildrar Høyland.

Sauebøndene prøver å leita til heile flokken er funnen og frakta trygt heim til gards for vinteren. Dei siste åra har dei nytta helikopter for å søka etter sau. Til ein høg kostnad. Men det er liv det handlar om.

Sikker og brukarvenleg

Med ein handhalden skannar kan ein registrera dei elektroniske øyremerkene og kopla dei med sendaren.

– Her trengst ingen manuell tasting av tal. Ein treng ikkje vera datakyndig og det er uråd å gjera feil, forklarer Høyland.

Systemet er laga for å vara lenge. Håpet til Høyland er at Gjetaren skal bli så rimeleg og sikker i bruk, at bøndene kan ha sporing på alle sauene dei sender til fjells.

Gjetaren debuterer i Lyseheiane

Saman med Strand Sankelag vil Telia og Nortrace spore 1000 sauer på sommarbeite i Lyseheiane.

– Dette er verdas største pilotprosjektet basert på Narrowband-IoT. Denne nye mobilteknologien, spesiallaga for tingenes internett, er foreløpig på teststadiet, men vil bli kommersielt tilgjengeleg mot slutten av året. Me førebur no basestasjonar og kjernenettet vårt til denne nye standarden. Ein oppskalert test som dette gir oss nyttig kunnskap og understreker Telias leiande rolle innan IoT, seier Henning Huuse i Telia Norge.

Gjetaren er eit heilnorsk samarbeid. Kjetil Helliesen (f.v.), Nortrace, Henning Huuse, Telia Norge, og Bjørn Høyland, Norsk Landbruks Elektronikk, representerer dei tre partane. Einingane vert produsert av rogalandsselskapet Westcontrol.

Tovegs kommunikasjon

Bøndene i Strand Sankelag gler seg til å få betre oversikt over kor sauene beitar, og ser fram til å nytta eit verktøy som gir dei høve til å  planleggja sankinga betre.
– Me pleier å sanke til snøen kjem. Då nyttar me helikopter. Me anar ikkje kva dette inneber, men denne utprøvinga ville me ha i vårt beiteområde, seier Magne Jakob Bjørheim, leiar av Strand Sankelag.

Gjetaren har tovegskommunikasjon. Under sankinga kan sauebøndene oppdatera informasjon om kor dei ulike gruppene har vore og sanka.

– Berre me ikkje vert store egoistar som spring etter eigne dyr, fleipar Bjørheim.

Modulane er ennå ikkje for sal, men går alt etter planen håper Telia at dei, som eit av dei første selskap i verda, kan lansera modulane for kommersiell bruk frå oktober i år.

– Når modulane er klar, er det berre å skalera opp produksjonen, seier Huuse.

Ifølge Telia er det venta å vera 26 milliardar tilkopla einingar verda over i 2020.

Mobilsendaren og batteriet er festa til klaven som enkelt vert festa om halsen på sauen. Batteriet har minst ti års levetid, truleg lenger.

Framtidsretta heiedrift

Om utprøvinga i Lyseheiane gir gode resultat, vil Høyland gjerne dela Gjetaren med andre sauebønder.

– I utgangspunktet er planen å etablera sal regionalt, men eg ser føre meg å vera til stades på dei større landbruksmessene som vert arrangert utover hausten, seier Høyland.

Han viser til at storsamfunnet ventar at bøndene gjer det dei kan for å ta vare på dyra sine. Fungerer dette systemet kan næringa i større grad dokumentera merksemd på dyrevelferd, også på fjellbeite.

– Kunden kan snart få tilgang til kart over sauen si vandring i fjellheimen, via strekkoden på kjøttet, fleipar nyskaparen.

Ikkje usannsynleg, men enn så lenge handlar det mest om sauen og om bonden som skal ta vare på sauen. Samarbeidet med solide norske aktørar gjer at sauebonde og nyskapar Bjørn Høyland, ser lysare på sankinga til hausten. Han har tru på at Gjetaren skal sjå til at det vert få bortkomne får i heia i framtida

Sjå film om Narrowband-IoT HER

IoT – Internet of Things, eller Tingenes internett: Eit nett av sensorar knytt til fysiske objekt («ting») som kommuniserer med omverda og kvarandre.

Narrowband-IoT (NB-IoT): Ny mobilteknologi, spesiallaga for Tingenes internett (IoT). Teknologien er ideell for ting som går på batteri. Lågt straumforbruk og låg sendingsfrekvens aukar levetida på batteria betydeleg. Systemet har langt betre dekning enn tradisjonell teknologi og lågt kostnadsnivå per eining.

Gjetaren: Eit system for elektronisk sporing av dyr på beite. I utgangspunktet sau, men også interessant for storfe og reinsdyr. Ein GPS-sendar på dyret sender data via Telia sitt NB-IoT mobilnett, til Nortrace sin server. Det er Nortrace i lag med Bjørn Høyland, som har utvikla og har ansvar for programvaren. Høyland har etablert enkeltmannsføretaket Norsk Landbruks Elektronikk, som har ansvar for sal av Gjetaren.

 

Stikkord denne saka: ,