Sær og trua: Knapt med areal tvang sauen på North Ronaldsay ut i fjøra. No kjempar øybuarane for at den unike, tangetande rasen skal overleve. Foto: Orkney.com/Colin Keldie.

Sauene på North Ronaldsay er ikkje som andre sauer. Dei hardføre og nøysame dyra lever store delar av livet av tang i fjæra. No er sauene trua.

Liv Kristin Sola

North Ronaldsay er den nordlegaste øya i øygruppa Orknøyene, nord for Skottland. Bøndene på øya er kjende for å la saueflokken beite tang i fjæra store delar av året. North Ronaldsay Sheep er utvikla frå den gamle engelske sauerasen og er genetisk i slekt med dei andre rasane frå vikingtida. Den sju kvadratkilometer store øya er grøn og frodig, men mangel på areal dreiv i si tid øybuarane til å tenke utradisjonelt for å skaffe seg mat.

– Det var for mykje folk og lite mat. Jorda måtte nyttast til å dyrke menneskemat, som havre. Sauen var viktig, men måtte finne seg i å tilpasse seg fôret i fjæra, seier Sinclair Scott då eg hukar tak i den erfarne bonden i ein av pausane for å høyre meir om den særeigne driftsmåten.

 

Tilpassa ein diett av tang

Frå september til mars går alle sauene på tangbeite i fjæra. Tang er best om vinteren, det passar godt til driftsopplegget.

Sinclair Scott, sauebonde frå North Ronaldsay, Orknøyene. 

Før lamming vert søyene flytte over på gras for å lamme og ta seg av lamma sine. Vêrane går i lag med flokken heile året, utan at det påverkar lammetidspunktet. Dei aller fleste søyene lammar dei første to vekene i april. Vêrlamma vert kastrerte og slakta først når dei er fire-fem år gamle.

– Er det nok gras, er det ein fordel om også vêrane får gå ein periode på gras. Dei veks betre, seier den erfarne bonden. 

Tang dekker næringsbehovet til sauene, men er fattig på kopar. Over år har sauene utvikla ei evne til å auke opptaket av det vesle som er av kopar i fôret.

– Sauene er overlevarar, dei er tilpassa dette livet, seier Scott.

Grunnmuren vert svekka

Eit to mil langt og 1,5 meter høgt steingjerde (eit dike) går rundt heile øya. Det unike steingjerdet skal halde sauen vekke frå graset på øya. Herja av vêr og vind er delar av gjerdet i ferd med å forfalle og kan knapt halde sauene på plass i fjæra. Eit sikkert gjerde er heilt avgjerande for sauehald slik dei driv det på øya.

– Med eit godt gjerde vil sauene overleve befolkninga, seier Scott, og siktar til den høge gjennomsnittsalderen til dei som lever her ute i havgapet. 

Bonden ler litt. Han skulle gjerne hatt kreftene og farten til ein ungdom når han skal handtere saueflokken sin. Men som dei fleste andre bøndene på North 
Ronaldsay, har han for lengst passert pensjonsalder.

Unikt sauehald: Lite areal på øya gjorde at bøndene i si tid bygde eit steingjerde (dike) rundt heile øya og flytte saueflokkane ut i fjæra. No har dei lært seg å overleve på tang og det havet byr på. Foto: Orkney.com/Colin Keldie.

Ei historie i endring

For hundre år sidan budde det 600 menneske på øya. I dag er talet 44. Berre éin er under 30 år, ifølgje Scott. Då han vaks opp var det 60 småbruk (crofts) på øya og 3200 sauer. I dag er det berre seks aktive bruk att og talet på sauer er redusert til 1200. 

Sju vaksne og tre ungar budde under same tak i heimen hjå Scott. Familien dreiv 190 dekar jord, hadde 90 sauer, høns, éin gris og sju mjølkekyr; tre som vart mjølka og fire som fôra fram kalvane. Dei dyrka det dei trengde til mat og hadde ikkje pengar. 

Kvinnene hadde lange arbeidsdagar med hus og strikking. To gonger i året gjekk dei til butikken for å få utbetalt differansen mellom det dei hadde selt og det dei hadde teke ut i varer. Menn hadde arbeid i tangindustrien, som redda både sauen og dei marginale familiebruka på øya fleire gonger heilt fram på 60-talet. Tang vart sanka, tørka og brent for å få fram oske for eksport til glas- og såpeindustrien i Europa.

Treng ungdommen

Scott fortel om ei øy i stor endring. Sjølv pendlar han med fly frå fastlandet (hovudøya på Orknøyane) til North Ronaldsay for å sjå til sauene sine. Flokken tel 300 sauer, der 190 er vinterfôra søyer og kastrerte verar. 

Sauene er viktig for identiteten til øya. Dei gir kjøt og ikkje minst verdifullt garn, spunne på eige spinneri, som vert eksportert frå den vesle øya. Eit rikt fugleliv trekker mange turistar og lokalprodusert garn har blitt ettertrakta som suvenir. 

No set dei aldrande øybuarane sin lit til at unge familiar som ønsker seg ein enklare livsstil og ein trygg kvardag, vert freista til øya for å utvikle  småskalalandbruket, sauehaldet og produksjon av garn og ullprodukt frå dei sjeldne rasane.

– Her er moglegheiter for dei som likar hardt arbeid og ein annleis livsstil, seier Scott.

Men det heng fleire mørke skyer over øya. Nyleg fekk bøndene melding frå skotske miljø- og distriktsstyresmakter, SEERAD, om at beitearealet skal  i innskrenkast frå 2800 til 800 dekar.

– Årsaka er at EU ekskluderer tang som fôr til sau. Eit døme på korleis sentralisering og byråkratiet kan true ein tradisjon og livsgrunnlaget for oss på øya, meiner Scott.

Stikkord denne saka: , ,