Systematisk arbeid: Sauebonde og forsøkstekninkar, Øystein Bjelland, og avlsforskar Jette Jakobsen registrerer konsentrasjon av metan, oksygen og karbondioksid frå dei ti sauene. Målingane skal nyttast til å finne ut meir om mengde og variasjon i metanutslepp frå sauen.

NSG tar klimautfordringa på alvor og har investert i Metanmåleren, ein lastebil som rullar rundt på norske bygdevegar, sist sett på Finnøy i Rogaland. Seks tusen sauer skal kartleggast for utslepp av metan.

Liv Kristin Sola

På garden hjå Karl Andre Vignes er det full aktivitet. Sauene er henta inn frå beite, gruppert og skilde frå lamma sine. Utanfor sauehuset står Metanmålere, eit av Norsk Sau og Geit sine klimatiltak. Avlsorganisasjonen har gjort denne investeringa for å kartlegge utslepp av metan frå norske sauer. Målet er å avle fram ein meir klimavenleg sau.

Les meir om prosjektet her

Sauebønder i forkant

I grupper på ti og ti blir sauene henta ut i ein ventegarde før dei skal inn på bilen. Dyra står i kammeret i 50 minutt og vert målt tre gonger; ved start, etter 25, og etter 50 minutt. Når ei pulje er ferdig blir kammera ventilert og nullstilt før neste runde. 

Gaute Halleland er ein av fire bønder på Finnøy som stiller buskap og arbeidstimar til disposisjon for prosjektet. Bonden innrømmer at innsatsen handlar mykje om omdømmet til sauebøndene. 

– Me må vise vilje til å bidra. Og skal me koma i mål, må me starte ein plass, seier han.

Bonden er ikkje i tvil om at det er viktig å kartlegge klimaavtrykk frå dei ulike produksjonane i landbruket. Men han er litt oppgitt over at det er drøvtyggarane som har blitt det store problemet. 

– Kva med dei der inne? seier han, og peikar på kyllinghuset som ligg vegg i vegg med sauefjøset. 

Stempelet som klimaversting tærer på. At beitedyra gjer meir skade på klima enn den kraftfôrkrevjande produksjonen er vanskeleg å akseptere. 

– Sjå rundt deg. Eit fantastisk kulturlandskap. Det er også ein del av biletet og må bidra positivt i klimarekneskapen. Nei, nokon må lese seg opp på fotosyntesen, seier Halleland.

Nokon må lese seg opp på fotosyntesen.

Gaute Halleland

Viktig klimatiltak: Gaute Halleland er oppgitt over at det har festa seg ei sanning om at drøvtyggjaren er klimaversting. Han meiner me må attende til fotosyntesen og vise kva rolle kulturbeitet har for i klimarekneskapen. 

Verdifull løn for innsatsen

Bøndene på Finnøy deltar frivillig i prosjektet. Gulrota er gratis gs-test av alle dyra som vert målt, forklarer Karl Andre Vignes. Han har 150 søyer som er med i prosjektet. For den avlsinteresserte bonden er det 300 kroner verd i genetisk informasjon per sau. Akkurat no har det større praktisk verdi enn resultata av metanprosjektet.

– No får me oppdatert indeks på alle dyra og kan plukke dei rette dyra til eliteinseminering i haust. Med gs-verdiar kan me også gjere ein betre jobb når me plukkar ut påsettlam, seier Vignes.

Han har flest NKS, men også litt spæl, og nokre texel og charolais. Vignes held ein knapp på NKS som den mest økonomiske sauen totalt sett.

– Det er ein intensiv sau med høgt lammetal og god tilvekst. God både på kjøt og ull, seier han.

Vignes leiar vereringen på øya. I fleire år har dei gs-testa vêrane som er aktuelle for ringen. Det har vist seg å vere nyttig.

– I fjor vart vêrlammet til Solfrid kåra som det beste. Det var det ingen som trudde før me såg avlsverdien etter gs-testen, seier han.

Solfrid Skadsem, presentert som Finnøys sprekaste sauebonde, har akkurat kome til gards. Ho skal avlaste Halleland. For dugnadsånda og samvirketanken er sterk i sauemiljøet på Finnøy.

God dugnadsånd: Solfrid Skadsem og Gaute Halleland hjelper til med logistikken. – På Finnøy stiller me alltid opp for kvarandre, seier Skadsem.

Mindre metan med betre fôrutnytting?

Ved hjelp av målingar og gentest, skal NSG finne ut om det er ein arveleg komponent for metanutslepp og dermed genetiske skilnadar mellom slektslinjer.

– Mykje tyder på at det er slik. Så må me sjølvsagt finne ut korleis denne eigenskapen verkar inn på andre viktige eigenskapar før me tar redusert metanutslepp inn i avlsmålet, seier Jette Jakobsen, avlsforskar i NSG og ansvarleg for målingane denne dagen.

Ein eigenskap som forskarane ventar har ein positiv samanheng med metangassutslepp, er fôrutnytting. Dei dyra som utnyttar fôret best, har også lågast produksjon av metangass.

Frivillig: For sauebøndene er det frivillig å vere med i prosjektet. Gulrota er ein gs-test av alle søyene som vert målt. – No får me oppdatert indeks på alle dyra og kan plukke dei rette dyra til eliteinseminering i haust, seier Karl Andre Vignes (t.h.). Han er leiar av vereringen på Finnøy.

Kvar sine oppgåver: Vaflar smakar alltid godt, og denne gongen var det Aksel Tungland som fekk det viktige oppdraget.

Fem minutt: Det er lange økter, men innsetta er styrt av klokka og det vert tid til fem minutt med kaffi og vaffel mellom slaga.

Første gong på beite

Det er første gongen Jakobsen måler verdiar på søyer som er på beite. I teorien ventar ho lågare metanproduksjon på beite samanlikna med innefôring.

– Fordi godt vårbeite er energirikt og har mindre trevlar. Det skal gi lågare metanutslepp, seier Jakobsen.

Fôrkvalitet og vommiljø, arv og genetikk, samt ulike driftsopplegg og skilnad mellom rasar. Mange faktorar gjer biletet komplisert. Forskaren har merka seg at også størrelsen på dyret spelar inn. I ein besetning med svært store dyr, var målingane jamt over høge. Mikrobane i vomma kan også vere ein faktor.

– Det skal NMBU og samarbeidspartnerane sjå på i prosjektet «Grass to Gas». Kva dei finn ut av blir interessant for oss, om det er mikrobane eller dyret sjølv som er den viktigaste faktoren, seier Jakobsen.

Omfattande EU-prosjekt

Metanmålaren er NSG sin lastebil, utstyrt med ti gasstette kammer. Kvart kammer har plass til éin sau, og har utstyr som kan måle konsentrasjonen av metan, oksygen og karbondioksid. Sauene står i kammeret i femti minutt og verdiane vert lest av ved start, etter tjuefem og etter femti minutt. Då får sauen sleppe ut og kammeret vert ventilert før neste gruppe. Systemet er produsert på New Zealand, men spesialtilpassa norske tilhøve. NSG er ein av 26 partnarar i dette fireårige EU-prosjektet «SMARTER», som vert avslutta hausten 2022. Les meir om prosjektet på neste side.

Stikkord denne saka: , ,