• (F.v.) Ken Rune Birkeland, Guttorm Gudmestad og Olav T. Bø var dommarar under kåringa i Sandnes. Dei var svært nøgde med lamma, og såg mange gode dyr.

94 lam blei kåra, og fekk gode tilbakemeldingar frå både dommarar og bønder.

Jofrid Åsland

– Det er eit gildt år i år, seier Kato Sinnes, bonde.
Han driv med farga og kvit spælsau, og fekk svært gode tilbakemeldingar frå dommarane for sine lam.
– Det finst ingen triks. Det viktigaste er at lamma får ein god start og god avl, svara Kato, då Bondevennen spurde etter triks.
Bonden er oppteken av å få lama friske og gode til fjells. Han sender 95 prosent av dyra sine på heiabeite. Garden ligg på Kylles i Sandnes, og husar 190 vinterfôra sau.
– Spælsau er min rase. Slik er det berre. Det ligg i blodet, sa Kato.
Han fekk sin første spælsau då han var 4 år, og er med i vêreringen i Sandnes. Interessa for avl er stor, og gir resultat i form av fine dyr.
Kåringa blei arrangert av Sandnes Sau og Geit og Sandnes vêrering.

Stikkord denne saka: ,