Tillegg for elitemjølk er det viktigaste, men det er jo ein bonus å oppnå desse utmerkingane, seier sølvgutane på Laksesvela. Det er også viktig å levera mjølk av god kvalitet til meieriet. F.v.: Ludvig Vikesdal, Jan Severin Efteland, Sigurd Laksesvela, Ommund Laksesvela, Oddbjørn Laksesvela og rådgjevar Kjell Arild Helleland.

Tillegg for elitemjølk er det viktigaste, men det er jo ein bonus å oppnå desse utmerkingane, seier sølvgutane på Laksesvela. Det er også viktig å levera mjølk av god kvalitet til meieriet. F.v.: Ludvig Vikesdal, Jan Severin Efteland, Sigurd Laksesvela, Ommund Laksesvela, Oddbjørn Laksesvela og rådgjevar Kjell Arild Helleland.

Kva er det med Laksesvela? Mykje, kan hende, men ein ting kan dei vera stolte av. Mjølkeprodusentane leverer topp kvalitetsråvarer til Tine meieriet.

Liv Kristin Sola

På Laksesvela i Bjerkreim kommune, i Rogaland, er det framleis tett mellom dei aktive mjølkeprodusentane. Gardane ligg sørvendt og speglar seg i sola denne kvitkledde vinterdagen. Dei har mange ting felles, bøndene i bygda. Alle har haustkalving, alle har sau, kvotane er rundt 100 tonn. Generasjonsskifte står for tur hjå fleire av dei.
– Garden min ligg der vegen svingar rundt hjørnet på løa, seier Ommund Laksesvela.
Me står i gardstunet til Ludvig Vikesdal. Herfrå kan me sjå bygningane til fire av dei sju andre gardsbruka på Laksesvela, ein strekning på om lag 500 meter. I løpet av dei siste 5 åra, har 5 av mjølkeprodusentane i grenda motteke Tine si sølvtine. Utmerkinga er det synlege beviset på at dei har levert mjølk av beste kvalitet, femten år på rad. Tre av produsentane har i tillegg fått 20-årsplaketten i løpet av same periode.

Merittlista til bøndene på Laksesvela

• Oddbjørn Laksesvela får dobbelt opp dette året, både sølvtina og 20-årsplaketten.
• Brørne Sigurd og Leiv Laksesvela fekk sølvtina i 2013.
• Marit og Ludvig Vikesdal får sølvtina i år.
• Jan Severin Efteland fekk sølvtina i 2010, og får 20-årsplaketten i år.
20 år med elitemjølk.
• Ommund Laksesvela har saman med kona, levert elitemjølk i samanhengande 21 år på rad. Ekteparet fekk sølvtina i 2009. Året etter fekk dei 20-årsplaketten.
Jan og Ommund er på god veg mot 25 år, noko det ikkje finnest utmerking for i dagens regelverk.

Om lag 500 meter er distansen frå garden til Ommund Laksesvela som ligg nærmast, til Marit og Ludvig Vikesdal, som bur heilt inst i den vesle grenda.

Om lag 500 meter er distansen frå garden til Ommund Laksesvela som ligg nærmast, til Marit og Ludvig Vikesdal, som bur heilt inst i den vesle grenda.

Kva er oppskrifta?

  • Går litt av seg sjølv etter kvart.
  • Tar tak i problema før dei blir store.
  • Orden på klutar og reinhald.
  • Nøye med mjølkeprøvar i kukontrollen.
  • Ein og same person som mjølker.
  • Service og kontroll av mjølkeanlegget.

Ei kort oppsummering av svara som kjem fortløpande frå dei fem sølvgutane.
Jan, Oddbjørn og Ommund fortel om utfordringar med celletal i periodar. Dei har ulike erfaringar om korleis dei handterer dette.
– Me har behandla litt i laktasjon, men med blanda erfaringar, seier Jan.
Oddbjørn og Ommund nikkar. Dei har erfart det same. Ommund har prøvd å behandla nokre kyr ved avgjelding for å sjå om det kan gi betre resultat.
– Eg gjelder heller av den dårlege spenen. Har betre erfaring med det, seier Oddbjørn.
– For problemkyr har me jo eit alternativt telefonnummer, som ikkje er til dyrlegen, seier Ludvig.
Dei humrar litt rundt bordet. Dei har nytta seg av alternativet. Sigurd kjenner seg ikkje heilt att i problemstillinga. Han fortel om eit mjølkeanlegg frå 1977. Han tek sjølv service på anlegget. Celletalet i 2014 var på 42.000. Eit heilt normalt nivå hjå brørne Sigurd og Leiv Laksesvela.

Utfordringar med konsentrert haustkalving

– Sommarmjølk passar godt i enkelte områder, men her på Laksesvela skal det mykje til om nokon endrar på driftsopplegget, meiner Ludvig.
Den viktigaste årsaka er dei store beiteressursane dei rår over. Rundt fjøsdørene er det bare dyrka mark. Dei må lenger vekk frå fjøset for å nå kulturbeitene.
– Mjølkekvalitet er ei utfordring i starten og i slutten av laktasjonen. Det vart lettare å følgje med på utviklinga i kvaliteten, då Tine starta med fire analysar i månaden, forklarer dei.
Innhald av frie feittsyrer er ei felles utfordring med konsentrert kalving. Dei sluttar å levera mjølk litt tidleg, nyttar den siste mjølka til kopplam. Dei nyttar schalms test flittig for å sjekke celletal før dei mjølker ei ku på tanken etter kalving.
Ei anna utfordring er å få kalv i kyrne om vinteren. Enkelte år kan kalvinga dra noko ut. Alternativet kan vera at gromkua ikkje tar kalv i tide, og må på slakthuset. Alle ulempene vert likevel små samanlikna med den viktigaste fordelen: To månadar mjølkefri om sommaren vil ingen bytta vekk. Det breier seg ein eim av godkjensle i flokken.
– Kyrne nyt også godt av sommarferie. Eg er sikker på at dei er like glad for å få fri frå oss, som me er i å få fri frå dei, argumenterer Ommund.

Lite fri

Dårlege erfaringar med avløysar er det ingen som har. Dei har rett og slett ikkje avløysing utanom familien. Jan fortel at han får god hjelp av mor si.
– Mor har nok mykje av æra, både for sølvtina og for 20-årsplaketten, seier Jan.
Ommund og Ludvig henger seg på takkelista, og skryt av konene sine. Begge er aktivt med i fjøsstellet. Sigurd driv i lag med broren Leiv. Hjå Oddbjørn har dei hatt god erfaring med avløysar. For tida er det sonen som hjelper til.

Framtidstankar

Bøndene på Laksesvela skryt av det gode produsentmiljøet i Bjerkreim. Framtida for mjølkeproduksjon på dei fem gardane er likevel noko usikkert. Legg ein saman kvotane til dei fem produsentane, blir det 522.000 liter mjølk.
– Tenk om ein mann skulle drive alt det me gjer kvar for oss? Slik me fem driv effektivt og utnyttar ressursane på gardane i dag, det kunne ingen klart åleine, konstaterer Ludvig.
Resten av gjengen nikkar. Tankane går til måten dei kvar for seg utnyttar jorda, og bygningane, og ikkje minst beiteområda.
Måndag i neste veke skal heile gjengen av garde på årsmøtet i Bjerkreim produsentlag. Då vankar det heider og godord frå yrkesbrør og frå Tine, som nyt godt av den edle råvara som vert produsert i Laksesvela.

 

Laksesvela, ein gyllen avstikkar som leverer kvalitetsmjølk med audmjukskap og med stolthet.

Laksesvela, ein gyllen avstikkar som leverer kvalitetsmjølk med audmjukskap og med stolthet.

Stikkord denne saka: ,