• Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland vart etablert i 1917 og har vore økologisk dei siste tretti åra.

 

Eit annleis skuleår, ei annleis utdanning. Ingen ønskjer skulen vekk. Likevel kjempar dei ein hard kamp for å overleva.

 

Liv Kristin Sola

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule  er ein viktig del av Aurlandsbygda, men i snart eit tiår har dei levd med finansieringsspøkelset hengande over seg. Økoskulen tilbyr ei landslinje innan økologisk landbruk. Det betyr at pengar til drift av skulen kjem frå staten. Bygningane, frå rett etter krigen, treng ei omfattande oppussing, noko som er fylkeskommunen sitt ansvar.

I haust tok Bjørg Fritsvold fatt på sitt åttande år som rektor ved skulen. Ho legg ikkje skjul på at det har vore krevjande år.

Elevane har engasjert seg sterkt i saka. Dei har blant anna etablert ei eiga venneforening for å samla inn pengar til skulen.

– Engasjementet til elevane saknar sidestykke. Det er rørande og sterkt å oppleva, skryt rektor Fristvold.

På telefon med rektor nyleg, opplyste ho at fylkeskommunen har kome fram til ei mellomløysing i saka om utbetring av skulen og vidare drift for det neste tiåret.

– Eg er kjempeglad. Dette er ein seier. Det vart ikkje slik me har sett for oss, men me er veldig glad at dei ikkje trekte seg heilt, uttrykker Bjørg på telefon.

Det ser ut til at dei kan senka skuldrane for ein periode i Aurland, og konsentrera seg om det dei er aller best på: Å utdanna unge og vaksne innan økologisk landbruksproduksjon, og drive den allsidige garden på ein god måte.

Stikkord denne saka: , ,