bv47_aktuelt4a

”Fabrikkeigar Anton Mindes Ærespris for framifrå jordbruksdrift” vert år om anna delt ut av Stiftinga Hordaland Landbruksselskap.

I år var det Kjell Åge Aardal som vart heidra for måten han driv garden sin, på Brattland sør i Arnadalen, utenfor Bergen.

Liv Kristin Sola

– Eg er takksam og kjenner det som ei klapp på skuldra, til meg, men og til dei mange andre som er i same situasjon, seier bonden som driv med mjølk og sau på eit mindre vestlandsbruk.

Aardal er sterkt uroa for situasjonen for vestlandsjordbruket. Spesielt er han oppteken av utmarka og beiteressursane, og korleis mjølkeprodusentane skal tilpassa seg framtida.

– Eg har vore bonde i 30 år, og har stor respekt for korleis tidlegare generasjonar har rydda og slite for å brødfø seg og dyra sine. Det har vore viktig for meg å ta vare på dette, seier prisvinnaren.

Aardal har ein mjølkekvote på 59.500 liter og konsentrert haustkalving. Alle dyra er på sommarbeite. Fram til i fjor fôra han fram oksane. Avdråtten er rundt 7000 kg/årsku. Han nyttar mask og havremjøl til dyra og er oppteken av å halde kraftfôrforbruket nede. Han har 25 vinterfôra sau.

Godt stell av jord og dyr

Prisen vart delt ut av leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen. I grunngjevinga for prisen sa ho følgjande: «Kjell Åge er tidlegare nominert til denne prisen, og til kulturlandskapsprisen. Han har gjort utruleg mykje med rydding og vedlikehald av kulturlandskapet på bruket. Bakkene ovanfor fjøset er totalt fri for kratt og ugras. Kantane langs gjerdene og vegen vert slått med stuttorv. Eit gamalt grindbygg er i bruk under lemminga, der sauene kan gå inn og ut. Dei spelar ein viktig rolle i vedlikehaldet av kulturlandskapet. Enga er i god stand; bratt men godt grøfta og dreve. Bygningsmasse er dels svært gamal og godt vedlikehald. Eit mønsterbruk i sin klasse.»

 

Stikkord denne saka: , ,