Mask monnar: Kvar månad hentar bonde Kalle Mæland Nilsen (t.h.) 1600 liter mask til kyrne sine hjå bryggjerimeister Bjarte Halvorsen ved Salikatt Bryggeri i Stavanger. Foto: Jane Brit Sande

Myse, mask, eller sjokolade? Kalle Mæland Nilsen er ein av mange som nyttar biprodukt frå lokale føretak som tilleggsfôr. – Det kjem absolutt godt med i tørken, seier han.

Bothild Å. Nordsletten / Liv Kristin Sola

 

Det er flott å sjå at restproduktet vårt kan bli til noko nyttig, seier bryggjerimeister på Salikatt Bryggeri i Stavanger, Bjarte Halvorsen.

Han hjelper Kalle Mæland Nilsen med å lessa 800 liter mask over i kjempedunken som snart skal fraktast til gards bak på bondens traktor.

Mask er restane av maltet frå brygging av øl etter at det meste av stivelsen er fjerna. Mask består hovudsakleg av kornskal.

– Dette er ein kjemperessurs, seier Mæland Nilsen nøgd.

Han hentar mask to gonger i månaden.

– I tillegg får eg tilkøyrt 40 sekker brød til dei 25 kyrne mine frå eit bakeri annankvar måndag. Eg nyttar 50-70 kg brød og mask per dag som tilleggsfôring, både til kyr og ungdyr. Stavangerbonden har fått merka tørken i år. I slike tider er avtalane med bryggjeriet og bakeriet gode å ha.

– På denne måten sparar eg grovfôr og totalt omlag 40-50 kg kraftfôr dagleg, sjølv om det er vanskeleg å måla innsparinga eksakt. Dette er ikkje fôressursar som hjelper så mykje, men alle monnar dreg. Det kjennest godt å nytta mat som elles berre hadde blitt hivd. Alt hjelper, seier Nilsen.

 

Brød til små og store: Somme bønder tek imot store volum brødvarer, men brød kan også vere eit godt supplement til fôrrasjonen i mindre fjøs. Ilustrasjonsfoto Bondevennen

Eit godt supplement

Spesialrådgivar i Tine, Erik Brodshaug, er kjend med at mange bønder nyttar biprodukt som mask, brød og grønsaker, eller produkt frå kraftfôrindustrien eller møllene. Biprodukt er eit godt supplement til dei tradisjonelle fôrmidlane, både no i fôrkrisa, men også som eit tilskot i år med normale avlingar, seier Brodshaug, og summerer dei mest aktuelle biprodukta slik:

Myse var eit populært fôrmiddel, men no vert all mysa tørka og foredla til mjølkesukker og proteinpulver på to av Tine sine anlegg.

Kornavrens vert mykje nytta i fiberkraftfôret, men lokale møller kan ha ulike variantar av kornavrens og erteskal for sal. Kornavrens har ein svellande effekt i vomma og gir dyra ei kjensle av å vere mette. Om lag to kilo tørrstoff per ku per dag kan erstatte omtrent to kilo grovfôrtørrstoff. Kornavrens har ein stor del ufordøyeleg fiber, og kan med fordel behandlast med lut eller maxammon for å auke energiverdien.

Brød har mykje stive og lite protein. Ver merksam på at søt bakst inneheld mykje sukker. Store mengder brød kombinert med lite  grovfôr og mykje kraftfôr blir ei utfordring. I rasjonar med halm og/eller fiberkraftfôr, kan brød vere ei god energikjelde. Gi helst ikkje meir
enn fem kilo ts per ku per dag.

Mask frå bryggjeria er mykje brukt som tilleggsfôr til mjølkekyr. Mask er ein mellomting mellom grovfôr og kraftfôr, med lite stive og  mykje fiber. Fiber er bra for vomma og gjer det mogleg å auke kraftfôrrasjonen. Mask har ein god del protein, noko som er positivt i kombinasjon med halm. Mellom åtte og femten kilo med mask per ku per dag kan fungere godt i ein balansert rasjon.

Potet inneheld stort sett berre stive, og eignar seg difor dårleg som supplement i rasjonar med lite grovfôr og mykje kraftfôr, det kan gi stor skade på vomma. Potet passar godt i lag med mask, men sørg for å få nok protein. Med god fiberdekning kan du gi inntil ti kilo potet, noko som utgjer godt over to FEm. I rasjonar med ein del halm, mask og/eller fiberkraftfôr kan strikken tøyast litt lenger.

Gulrot, fôrbeter og kålrot har låg ts prosent, men er smakleg fôr med mykje stive og sukker, spesielt i gulrot. I blanding med halm kan dei bidra til auka fôropptak. Om lag seks kilo gulrot svarar til ein FEm. Kålrot har noko meir protein enn dei andre grønsakene. Tilrådd mengd er ti til tolv kilo, noko som er rundt 1,5 FEm. Grønsaker som ikkje er lagringsdyktige er mindre aktuelle då dei berre kan nyttast i
ein kort periode. Vær merksam på at kål og løk kan gi smak på mjølka.

Fordelar og ulemper

For mange bønder er biprodukta eit verdifullt tillegg til tradisjonell fôring. Utfordringa er handtering og oppbevaring dersom du ikkje har ei drift som er rigga for det. Vert det for arbeidskrevjande, trur Brodshaug at det svarar seg å heller kombinere dei ulike kraftfôrslaga og grovfôrerstatterane til kraftfôrprodusentane.

Ei blandevogn er nyttig om du vil blande fleire fôrmiddel. I båsfjøs kan fôringa tilpassast meir individuelt og det kan svare seg å ta det ekstra arbeidet dersom du generelt har lite grovfôr. I fjøs med mindre enn ein eteplass per ku kan det bli kamp ved fôrbrettet og føre til at enkeltkyr taper for dei dominante dyra.

Seigmenn og sjokolade

Brodshaug er skeptisk til fôrmiddel som berre er tilgjengelig over korte periodar.

– Stadige endringar i fôrrasjonen er negativt for produksjonen, uansett kor godt det er meint. Difor er det viktig med stabile leveransar av dei ulike fôrmidla du har tilgang til, og lag ein god fôrplan som sikrar ei balansert fôring, helst med gradvis tilvenning, seier Brodshaug.

Han minner samstundes om at mykje kan vere løyst med å supplere med halm i tillegg til det grassurfôret du har, og gi meir kraftfôr og fiberkraftfôr.

– Kva er det mest spesielle fôrmiddelet du har vore innom?

– Det kan dukke opp mykje rart; pizzabotnar, potetsuppe, lomper og blomsterlauk. Det mest spesielle var kan hende eit digert, fargerikt berg med seigmenn. Elles er det somme som nyttar sjokolade. Ei god energikjelde i små mengder, men sjokolade inneheld mykje feitt,  seier Brodshaug.

Stikkord denne saka: , ,