Grønt gull: Lytt til Bondevennens podcast og lær meir om korleis du lukkast betre med grovfôret. Arkivfoto.

Grovfôrøkonomi treng ikkje vera eit lotteri.

Bothild Å. Nordsletten

Det er ekstra krevjande tider i jordbruket. Som bonde er det minst like viktig som før, å prøva å bli enda dyktigare, og å auka lønsemda på bruket. Den største kostnaden på mange gardar er grovfôret. Her er det mykje pengar å spara for mange. Somme tener alt pengar på grovfôrproduksjon, medan andre meiner det er så dyrt at dei like godt kan kjøpa inn meir kraftfôr.

Korleis skal du lukkast?

Denne veka gir Bondevennens podcast- vertar Ingvild Luteberget Nesheim og Magnus Haugland deg råd om kva faktorar du sjølv kan påverka. Med i episoden er også rådgjevar i Norges Bondelag, Anders Huus, Andreas Lundegård frå Tveit Rekneskap, samt NLR-rådgjevar Bård Oliver Gjellestad.

– Med auka gjødselprisar, maskinkostnader og ein meir pressa økonomi generelt, er billig grovfôr veldig viktig for å få lønnsemd i grovfôrbaserte produksjonar, seier podcastvert Luteberget Nesheim.

– I denne episoden lærer du kva tiltak du kan gjera for å redusere kostnadane på grovfôret. Ho nemner fornying, fortørking og maskinsamarbeid som døme på tiltak som vil bli diskutert.

– Å redusere grovfôrkostnadene, auka avlingane, og produsere meir mjølk og kjøt på grovfôret, er ein vinn, vinn, vinn situasjon, seier ho.

Du finn Bondevennens podcast her, eller der du lyttar til podcast.

Stikkord denne saka: ,