BN+

Krevjande tider: - Eg vonar det blir fleire, særleg byfolk, som ser kor viktig jobben til matprodusentane er, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Foto: Liv Kristin Sola


Ho utelukkar ikkje beredskapslager av korn, men det sikraste me kan gjera er å byggja opp eigen produksjon, seier Olaug Bollestad, og insisterer på at me alt er sjølvforsynte med kjøt, mjølk og egg.


Bothild Å. Nordsletten


Koronakrisa har opna for debatt om matberedskap og sjølvforsyningsgrad, og landbruks- og matminister Olaug Bollestad har tilsynelatande mykje på hjarta. Smittesikre telefonintervju innbyr ikkje til mykje utanomsnakk - me går difor rett på sak.


– Frå ditt perspektiv som landbruks- og matminister - korleis vil du beskriva det me står oppe i no?


– Det er ein krevjande situasjon for landet og samfunnet. Så langt går det bra med matproduksjonen, stoda er bortimot normal i vårt eige land. Eg vonar det blir fleire, særleg byfolk, som ser kor viktig jobben til matprodusentane er.


– Kor godt budd meiner du landbruket så langt har vist seg å vera?


– Landbruket er ekstremt flinke og har erfaring frå kriser frå før, som tørkesommaren i 2018, noko som kjem til nytte no. Bondelaget har vore gode til å oppmoda kvar gard om å laga ein risikoanalyse. Så har næringa lang erfaring med smittevern. Det er kjempeflott å oppleva. På den andre sida er me jo sårbare når det gjeld utanlandsk arbeidskraft.


– Koronakrisa avdekker kor sårbart matsystemet vårt er. Korrigert for kraftfôr er Noreg om lag 40 prosent sjølvforsynt. Er det nok?


– Sånn i utgangspunktet er me opptatt av å få ei større forsyning. I 1970 var me null sjølvforsynte på korn. I fjor hadde me 60 prosent eige korn. Så er me sjølvforsynte på kjøt, egg, mjølk. Samstundes har me lagt til rette for å bruka eigna areal til korn og produsera gras på areal som er eigna til det.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: