BN+

Ei løysing? Bondelaget har lagt fram ni punkt med mål om å auka delen eigd kvote blant aktive mjølkeprodusentar og for å få ned kvoteprisane. Debatten er i gang. Illustrasjonsfoto.


Styret i Norges Bondelag la i førre veke fram ni omfattande punkt som skal bidra til å redusere prispresset på mjølkekvotane her til lands.


Liv Kristin Sola


Kvotemarknaden har blitt ei mare for mjølkenæringa. Kring ein milliard kroner vert årleg tappa ut or næringa og i lomma til passive kvoteeigarar. Ein stor del av mjølkeinntekta går til å betale for retten til å produsere. Stadig nye prisrekordar vert sett for omsetting og leige av kvote. Det som skulle vere eit gode har blitt ein stor verkebyll, ikkje minst for Bondelaget. Å få til eit kvotesystem som i større grad tek vare på dei aktive mjølkeprodusentane og reduserer kvotekostnadene er avgjerande for framtidige generasjonar mjølkebønder. Etter lang tid og med stort press frå aktive mjølkebønder, vedtok Bondetinget i 2019 å ta ein gjennomgang av heile kvoteordninga. Bondelaget har løfta spesielt to utfordringar; å auke delen eigd kvote blant aktive mjølkeprodusentar, og få ned kvoteprisane.

Ni punkt som endrar kvoteordninga

Etter ein høyringsrunde i lokal- og fylkeslag vinteren 2020 har styret i Norges Bondelag summert innspela i ei ni punkt lang tiltaksliste. Punkt som blir viktige blant anna i samband med dei komande jordbruksforhandlingane.

  1. Utforme eit regelverk der en skil mellom kvote i samdrift og kvoteleige. Dei nye krava skal berre omfatte nye samdrifter etablert etter ein gitt dato og nye deltakarar som tas inn i eksisterande samdrifter etter denne datoen.
  2. Innføre ei avgrensing på ti år for kor lenge ein kvote kan være leigd ut/ leggast sovande. Etter ti år må kvota anten seljast eller ein må ta opp att mjølkeproduksjonen på eigen eigedom eller legge den i samdrift. Regelverket skal omfatte både nye og eksisterande utleigeforhold, der løpetida vert rekna frå tidspunktet for innføring av det nye regelverket. Regelverket skal også omfatte utleige av mjølkekvotar frå aktive mjølkebruk.
  3. På ny innføre eit leveransekrav på 24 månadar samanhengande mjølkeleveranse før kvota eventuelt igjen kan leigast ut (jamfør slik regelverket var før 2012). For å unngå at eksisterande samdrifter må oppløysast, må eit eige regelverk for samdrift etablerast, jamfør punkt 1. For å unngå omgåing av tiårs-avgrensinga gjennom skjult kvoteleige i samdrift, vert det innført:
    • Avstandskrav
    • Eit minimumskrav til eigardel i samdrifta
VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: