Vipevenn: Mjølkebonde Kjell Harald Horpestad trur dei fleste bønder er flinke til å ta vare på vipa. Her har han funne årets første reir.

– Fjernar du bonden, fjernar du kanskje vipa. Vipa treng det levande landbruket, seier bonde og fuglevenn Kjell Harald Horpestad.

Bothild Å. Nordsletten

Traktoren rullar sakte over jordet. Der! Og der! Vipene er overalt. I vill paringsdans gjennom vårhimmelen, eller spankulerande gjennom det så vidt spirande graset. Det store køyretøyet skræmer dei ikkje. Og der! Kan det vera eit reir alt? Kjell Harald Horpestad parkerer, klyv ut, vipemor flaksar vekk – og jau, tre flekkete egg!

– Vipa er eit vårteikn, det er liksom fuglen her i Klepp. Me er stolte av den, seier bonden.

Variert landskap lokkar

Horpestad driv eit mjølkebruk på Orre, heilt på kanten av landet mot storhavet på Jæren. I tillegg til storfe er han opptatt av dei fjørkledde skapningane på bruket. Bonden er uroa over at vipene er i tilbakegang, men har ei forklaring på kvifor dei trivst så godt nett her. Ikkje mindre enn tretti fuglar tel me på turen over jordet.

– Me driv grasproduksjon. Vipa trekkast til det. Me har au ei elv. Variasjonen i landskapet lokkar markfuglane. Vipa har gått tilbake grunna mindre pløying og meir gjengroing. Her til garden kjem dei der me har snudd jorda, der finn ho mykje mat.

Les også: Gi vipa ein trygg hekkesesong

Mykje desinformasjon

Horpestad er ikkje samd med dei som meiner bøndene og landbruket er skulda i at fuglen no er raudlista i kategorien «sterk truga».

– Det er mange usanningar og desinformasjon om bønder og viper. Det vil eg retta opp i. Dei bøndene eg kjenner er opptatt av det som lever og gror, og av fuglar. Dei kan mykje. Eit aktivt landbruk, vekselbruk, god gjødsling – at det ikkje gror igjen – det er viktig for vipa. Bonden er ingen versting. Fjernar du bonden, fjernar du kanskje vipa. Ho er tilpassa måten me dyrkar på. Det er mykje vipe i jærkommunane Time, Hå og Klepp. Ho treng det levande landbruket!

Bli med i fotokonkurransen: Blir du årets vipe-venn?

Store gardar ok

Dagens landbruk er prega av store maskinar og høgt tempo, som kan vera til fare for det ville dyrelivet. Horpestad går likevel ikkje med på at alt var betre før.

– At bøndene har større einingar, har ingenting å seia for vipa. Det er kva du gjer og dyrkar som tyder noko, samt at du tek omsyn. No til dags pløyer, horvar og slår me på berre nokre dagar. Det øydelegg ikkje så mykje for fuglen, som får mykje tid i fred på åkeren.

Han fortel av vipa har mange fiendar, både i lufta og på bakken – kråke og rev, til dømes. Er det mange tre rundt åkeren, kan rovfuglane følgje med derifrå. Heilt sikker på naturen ikkje går sin somme gonger brutale gang, kan du neppe vera. Men du kan minimera risikoen for at du sjølv skadar reir og ungar. Horpestad veit råd.

– Flytt reira, og ha augna opne for reir og fuglar. Legg du plastikk over tidlege kulturar, så klypp hål der du har sett eit reir. Pløy litt kvart år. Bry deg, og ta deg bryet!

Sjølv har han innarbeida rutinar, både for vipa og svarthalespoven på garden.

– Eg ser etter kor vipa har slått seg ned når eg køyrer traktor. Eg gjødslar før ho legg egg, eller etter, og pløyer rundt reiret eller flyttar på det. Skulle ulukka vera ute og eit reir bli øydelagt, hender det at vipa rekk å legga nye egg.

Ikkje skuld på bonden

Horpestad formidlar det han ser og gjer for vipa på facebook.

– I tillegg tek eg med barnebarna og syner dei fuglane. Det er viktig å formidla denne kunnskapen vidare, seier han.

– Er det mogleg å redde vipa, trur du?

– Kanskje. Men det krev ei meir realistisk og strukturert tilnærming enn i dag. Å skulda på bonden hjelper iallfall ingenting. Eg vil gjerne oppmoda andre bønder om å ta vare på vipa – men det trur eg òg at dei fleste alt gjer.

 

Nytt liv: Tre potensielle viper, ennå lukkeleg uvitande om farane som lurar på utsida av skalet.

Stikkord denne saka: ,