BN+

Bondevit: Arnar Lyche, organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag, meiner klimaforskinga burde vera meir gardsbasert og tilpassa norske forhold. – Eg har grunnleggande tru på bondevit, seier Arnar Lyche. Foto: Rose Bergslid


Kor langt strekk bondevitet til, i møte med forsking og fakta? Organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag, Arnar Lyche, er skeptisk til kjøtkutt og metanfokus som svaret på klimakrisa.


Anne Rivenes, frilansjournalist


I Bondevennen sist veke skreiv Arnar Lyche lesarinnlegg om frustrasjonen bønder opplever i møte med gjeldande klimaråd. Kvifor dette hjartesukket?


– På lokallagsmøta kjem me inn på klimasak og -tiltak, og me opplever at mykje strir imot sunt bondevit. I rapporten frå FN sitt klimapanel, der utslepp frå husdyr vert omtala, kjem drøvtyggarane dårleg ut, medan det ser voldsomt bra ut for kylling og svin. Vinnaren i klimamodellen blir intensivt industrilandbruk, medan den grasbaserte drifta me ynskjer i Noreg blir taparen, seier Arnar Lyche, organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag.

Demotiverande

Eit av hovudmåla for norsk landbrukspolitikk er norsk mat på norske ressursar, men den økonomiske tyngdekrafta dreg oss i stikk motsett retning. Slik kunnskapsgrunnlaget er for klimasaka i dag, blir bøndene stimulert til endå meir å intensivere drifta, fryktar Lyche.


Viss ein dyttar landbruket i retning av meir kraftfôr og import, heller enn å nytta eigne ressursar, blir konsekvensen motsett av det ein ynskjer.


– Som bonde blir ein demotivert. Det er ikkje hyggjeleg å produsere flott norsk sauekjøt når ein berre høyrer om kjøtkutt og kjøtfrie kantiner og barnehagar. Dagleg kan bøndene lesa at det dei produserer, ikkje er bra. Når klimaforkjemparar vil ha mindre kjøtforbruk og færre husdyr, ser dei kanskje ikkje at det går ut over det biologiske mangfaldet, beitemark og natureng, seier Lyche.

Kritisk til utrekningane

Ifylgje FN-rapporten har kjøt frå norske storfe eit klimaavtrykk på 17-22 CO2-ekvivalentar per kilo, medan svin har tre og fjørfe to. Ein Bioforsk-rapport (2014) sa at drøvtyggarane (fordøyelse/gjødsel) stod for 45 prosent av klimagassutsleppa frå landbruket. Legg ein til fôrproduksjonen, står husdyrhaldet for 90 prosent av landbruksutsleppa.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: