Tidleg: Med lett traktor, tvillinghjul og slangespreiar er det mogleg å kome tidleg utpå jordene med plantenæring. Om jorda i utgangspunktet er vassmetta, aukar risikoen for avrenning. Foto: Thea Hjertuslot.

Fulle gjødsellager og behovet for tidleg plantenærig har ført til brunt gjødselvatn i vassdrag i Rogaland. Bøndene jobbar med utfordringane. – Ideelt skulle 100 prosent av næringa nådd plantene. Det er det me strevar etter, seier Jakob Eskeland.

Sjur Håland

Eskeland er bonde og entreprenør i Vats på Haugalandet. I tillegg er han styremedlem i Rogaland Bondelag. Han har brukt slangespreiarutstyr i 20 år, og spreier årleg kring 20.000 kubikkmeter gjødsel gjennom leigekjøring saman med spreiing på eigen gard.

– Er bøndene flinke nok når det gjeld å unngå ureining ved vårgjødsling med husdyrgjødsel på eng og beite?

– Ja, bøndene kan sitt fag, og er medvitne på kva dei gjer. Men nokre gonger trør me feil. Eg har sjølv vore uheldig, seier han.

Lort i bekken

Våronna er ferdig i store delar av Rogaland. Bondevennen har høyrt bønder hevda at dei aldri har sett at så lite regn etter spreiinga av husdyrgjødsel har gitt så mykje husdyrgjødsel i bekken. Mykje nedbør hausten 2019 og utover vinteren, førte til at mange bønder hadde fulle gjødsellager. Då høvde det godt med ein tidleg vår og tilsynelatande laglege spreieforhold. Med slangespreiarutstyr og gjødselvogner med kanon, vart gjødsla spreidd tidleg på både beite og eng. Likevel er det ikkje alt som hamnar som plantenæring på jordene. Eskeland held fram at jorda absorberer husdyrgjødsla i ulik grad.

– På nydyrka jord, eller på eng med dårleg grasdekke kan gjødsla fortare byrja å renna av, enn på ei eldre eng med etablert plantedekke. Slike variasjonar er det viktig å ta omsyn til, seier han.

Jakob Eskeland

Feil vêrvarsel

Han erfarer også at vêrvarslinga ikkje alltid held kva ho lovar. Bonden kan ikkje stola på varselet om tre millimeter nedbør, som kan enda opp med 20 millimeter.

– Å greia gjennomføra den ideelle husdyrgjødselspreiinga i ein travel og ofte uføreseieleg kvardag er ikkje enkelt, men me må gjera så godt me kan, seier Eskeland.

Betre vasskvalitet har vore eit prioritert mål hjå styresmaktene i mange år. Mange bønder ventar med spaning på dei lenge varsla endringane i gjødselvareføreskrifta.

– Korleis vurderer du risikoen for ei innstraming på spreiearealkrav og tidspunkt for vårspreiing?

– Det er klart at slike scenario ligg i bakhovudet til oss bønder. Me har heldigvis byråkrater, organisasjonar og andre fagfolk som kjenner landbruket og ser dei praktiske utfordringane våre.

Teori og praksis går ikkje alltid i hop, men me må alltid gjera det me kan for å minimera risikoen for avrenning og syta for at regelverka blir følgde.

Gjer alt rett

Eskeland er tydeleg på at dei fleste bøndene ikkje treng endra praksis i høve til husdyrgjødselspreiinga på garden.

– Dei gjer alt rett. Men likevel ser me at uhell skjer. Det vil bli stadig viktigare å vera medviten på faren for avrenning. Det er ikkje sikkert at det er rett å køyra den dagen du hadde tenkt, og det er ikkje sikkert at du skal spreia den mengda du hadde planlagd, rett og slett fordi gjødselkonsistensen eller -mengda vil auka risiko for avrenning med den tilstanden jorda og plantene er i der og då, seier Eskeland, og understrekar at han sjølv høyrer til gruppa som av og til feilar.

Næringsstoff trengs for å få plantene til å veksa.

– Ideelt skulle 100 prosent av næringa nådd plantene. Det er det me strevar etter.

Tiltak mot overflateavrenning av husdyrgjødsel

  • Unngå vassmetta jord
  • Tett leirjord gir lettere avrenning
  • Jord med dårlig jordstruktur gir lettare avrenning
  • Vurder å unngå haustbrakking. Jord som har vore brakka ei stund mister strukturen, og vil lett gi overflateavrenning
  • Ugjødsla randsone kan være positivt, men utgjer lite dei gongene ein verkeleg får spyling av heile arealet med regn
  • Sørg for god drenering
  • Etabler fangdammer der det er mogleg
  • Vurder å dele utkjøringa i to omgangar om det er store mengder som skal på grunna stor vassblanding
  • God røring, gjerne også under utkjøring er en fordel, slik at ein får jamn fordeling av næringsstoff
  • Ver forsiktig med bratte areal, spesielt om desse går rett ned i vassdrag.

Kjelde: Magnus Haugland, NLR.

Erfarne bønder gjer tiltak

Per M. Bjorland er ein av prosjektleiarane i prosjektet Frivillige tiltak i landbruket, med base på Jæren.

– Er det slik at sjølv at tilsynelatande ideelle forhold på våren også kan gi avrenning av husdyrgjødsel?

– Dette er alt anna enn lett å svara eintydig på. Det eg kan seia er at bøndene har lang erfaring og gjer ei rekke med tiltak for å unngå avrenning i tråd med mellom andre NLR sine tilrådingar, seier han.

Bjorland stadfestar at det sjølv med lite nedbør utover våren har vore husdyrgjødsel på avvege i vassdraga på Jæren.

– Meir enn eg hadde venta, seier han.

Positivt på utstyrsfronten

Prosjektleiaren har lang fartstid som bonde. På heimegarden har dei brukt slangespreiar sidan midt på 1980-talet. Nå manøvrerer han i eit landskap der han står i lag med bønder og byråkratar og skal finna fornuftige og praktiske løysingar som varetek bøndene sine behov for å driva praktisk landbruk og samstundes imøtekoma styresmaktene sine mål om reinare vassdrag. Bjorland held fram at det har skjedd mykje positivt på utstyrsfronten.

Per M. Bjorland

– Me har fått lettare utstyr og kan koma utpå med husdyrgjødsla tidlegare. Det er positivt, men det kan nok vera skil på kor «mottakeleg» jorda er om ein er tidleg ute med husdyrgjødsla.

Gardsbruka er ulike. Jorda kan vera vassmetta og lite tilgjengeleg for husdyrgjødsel ein stad, medan ho er lagleg som eit trekkpapir ein annan stad. Enga kan vera bratt, eller ho kan vera paddeflat. Gjødselkonsistensen og mengda vassblanding vil også variera. Bjorland vil verken generalisera eller kritisera bøndene sin ulike praksis.

– Mykje vassblanding er positivt for nitrogenbindinga og tilgjenge til næringsstoffa for plantene. Samstundes aukar kjøremengda og mengda gjødselblanding som blir spreidd. Det er uråd å presentera ei fast oppskrift og seia kva som er rett eller feil praksis. Det er sunn fornuft som gjeld, og det har bøndene heldigvis rikeleg av, seier han.

Lokalt regnskyll

Å treffa med spreietidspunktet er alt anna enn lett. Bjorland fortel om eit lokalt regnskyll nord på Jæren nå i vår, som vaska gjødsel ut i vassdraget.

– Her lydde vêrmeldinga på litt yr og bøndene spreidde husdyrgjødsel utan moglegheit til å sjå føre seg den kraftige regnbya som kom, seier han.
Låg vassføring og mykje husdyrgjødsel kan føra til oksygenmangel og fiskedød. Næringstilførsel i vassdraga over tid, vil gi auka algevekst, oksygenmangel og daudt vassdrag. Per Bjorland meiner bøndene gjer så godt dei kan, når dei balanserer mellom styresmaktene sine krav og omsynet til god agronomi og maks utnytting av husdyrgjødsla.

Fleire som gjødslar for seint

Magnus Haugland er rådgjevar ved NLR Rogaland sitt kontor i Ølen. Han er blant dei som ivrar for å få meir av husdyrgjødsla ut tidleg vår i staden for seinsommar og haust.

– Det er fleire bønder som er for seint ute enn for tidleg, seier han, og siktar til bønder som spreiar husdyrgjødsel utover hausten.

Haugland påpeikar at haustspreidd husdyrgjødsel kan vaskast ut gjennom heile vinteren, og seier at forsøk synar at tidleg spreiing om våren gir effekt i form av høgare avling.

– Men dette er eit dilemma sidan me av miljøomsyn ikkje må spreia på vassmetta jord, og unngå mykje regn, særleg rett etter spreiing.

Argument for slangespreiar versus den gamle tankvogna har gått i slangespreiaren sin favør. Men Haugland peikar på at ein med spreiing med gjødselvogn gjerne brukar fleire dagar for å nå over arealet som slangespreiaren feiar over på få timar.

– Kjem det då ei regnbye er det kanskje fleire hundre mål som er utsett for avrenning, medan det med gjødselvogna berre vil gjelda dei siste lassa, seier han.

Magnus Haugland

Tid limar gjødsla

Rådgivaren illustrerer kva som skjer med ein traktor som blir vaska rett etter at han har blitt skiten. Skiten renn av. Men om ein spyler etter at skiten har festa seg, er det langt vanskelegare å få han rein.

– Det er noko av det same som skjer ute på jordet. Får husdyrgjødsla «lima» seg til jorda, vaskast ho ikkje så lett vekk når regnet kjem.

Det universelle rådet er å kjøra husdyrgjødsel i lett regnvêr, for å få husdyrgjødsla til å trekka ned til plante røtene i jorda og samstundes hindra næringstap til lufta.

– Men her på Sør-Vestlandet regnar det som kjent mykje meir enn andre stadar. Råda kan difor sjåast på som motstridande. Dette er ikkje lett. Her er det nok dei som står eit stykke utanfor næringa som ropar høgast og har klarast svar. Me som står oppi utfordringane i dette klimaet, veit at optimal husdyrgjødselhandtering er ein krevjande kunst, seier Haugland.

Stikkord denne saka: ,