BN+

Avtale: Bøndene Lars Ove Rimmereid t.v. og Jarle Stangeland t.h. signerer avtale om husdyrgjødselleveranse med Jan Kåre Pedersen i Renevo.



Fjorten bønder i Sunnhordland har meldt interesse for å levere husdyrgjødsel til biogassprodusenten Renevo på Stord. Nå er dei første avtalane signert.


Sjur Håland


Blautgjødsel frå gris og storfe frå bønder i Sveio, Fitjar og Stord, skal blandast med fiskeavfall. Den rotna blandinga skal bli til flytande biogass som skal leverast ut på leidningsnettet på Stord. Det er investert 200 millionar kroner i anlegget der naturgasselskapet Gasnor eig 50 prosent. Enda manglar litt teknisk utstyr i dei store hallane på Eldøyane før Renevo kan henta dei første lassa med husdyrgjødsel hjå bøndene. I første omgang skal 17.000 tonn husdyrgjødsel nyttast kvart år, men anlegget har kapasitet til 50.000 tonn. Testdrifta skal starta ut på seinsommaren. Går alt som planlagd, er biogassanlegget i full drift frå komande årsskifte. Produksjonskapasiteten er rekna til 60 gigawattimar i året. Det er, i følgje Kommunekraft AS, nok energi til å dekka årsbehovet til 2.400 bustadar.

Bøndene har forhandla

Om kollegaer litt lenger sør på Vestlandet er under stort press når det gjeld spreiearealet, er ikkje dette eit avgjerande tema for Sunnhordland-bøndene. Fitjar- bonden Lars Ove Rimmereid er leiar for Sunnhordland Bionæring, ei gruppe bønder som har forhandla med Renevo om leveringsvilkår og prisar. Rimmereid peikar på landbruket sine forpliktingar om redusert utslepp av klimagassar der ein del av husdyrgjødsla skal gå til biogass.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,