BN+

Husdyrgjødsel: Landbruksdirektoratet har gitt beskjed til Statsforvaltaren i Rogaland at ein gjødselplan kan underkjennast dersom den synar uforsvarleg bruk av husdyrgjødsel. Statsforvaltaren påpeikar likevel at det skal svært mykje til før det kan hevdast at husdyrgjødsling innafor spreiearealkrava er uforsvarleg. Foto: Thea Hjertuslot


Høge fosfortal i jordprøvane, gjer at bønder fryktar restriksjonar kring bruk av husdyrgjødsla og trekk i areal- og kulturlandskapstilskotet.


Sjur Håland


Gamle gjødselsynder, den gongen velsigna av styresmaktene, skapar hovudbry. Skyhøge fosfortal som ligg lagra i jorda kan vera ein trugsel mot næringsavsig til vassdraga. Styresmaktene skal førehalda seg til nasjonale føringar og EU sitt vassdirektiv. Statsforvaltaren i Rogaland peikar på at det blir kjøpt inn for mykje fosforhaldig gjødsel. For bøndene spøker moglege innstrammingar i spreiearealkrava i ei komande ny gjødselvareforskrift. Bøndene er på tå hev i høve signal frå styresmaktene. Dei er redde for tilskotstrekk. Og i verste fall produksjonsavgrensingar.
I Gjesdal har eit brev frå landbrukskontoret, som vart sendt ut før jul i fjor, fått bøndene til å reagere. I brevet stadfestar kommunen at dei ofte ser svært høge P-AL tal i jordprøvane som blir lagt til grunn for gjødselplanane, særleg på areal nær driftsbygningane.
Tala synar ofte meir enn 14 milligram per 100 gram jord. Det er i følgje Veileder til jordanalyser er svært høgt. «Om en da har en plan som viser at det skal tilføres meir fosfor enn det er bruk for kan dette føre til underkjenning av plan», heiter det i brevet.

Kan få trekk

Arnfinn Auestad er leiar i Gjesdal Bondelag. Han synar til eit møte mellom landbrukskontora og Statsforvaltaren i Rogaland før jul, der det vart retta særleg merksemd på gjødselplanar og kva som skal til for at ein gjødselplan skal godkjennast eller ikkje.


– I brevet me bønder i Gjesdal fekk frå landbrukskontoret vårt i etterkant av dette møtet, fekk me ei forståing av at me ikkje skulle få lov til å spreia husdyrgjødsel på areal der fosfortala var for høge, seier han.


Auestad fortel at jordbrukssjefen i ettertid har presisert at så ikkje er tilfelle. Meininga var å peika på bruken av kunstgjødsel, og at for mykje fosfor tilført gjennom innkjøpt gjødsel kan leggjast til grunn for å godkjenna planen eller ikkje.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: