BN+

Ikkje til sals: Kirsten Kverneland t.v. og Anne Frøyland Grødem frontar jordvernet og vil heller leggja eit eventuelt datasenter på fjellgrunn der landbruksjord ikkje blir berørt.


Seks tusen dekar i Time kommune på Jæren kan bli omregulert til næringsområde for eit datalagringssenter. Av dei fjorten grunneigarane som kan bli råka, har tre kvinner stått fram og vil verne jorda. Bondevennen har møtt to av dei.


Sjur Håland


På Kalberg i Time bygger Statnett ein ny trafostasjon som skal ta i mot meir straum til Rogaland frå nye høgspentlinjener frå Lysebotn. Berre trafostasjonen legg, i følgje Stavanger Aftenblad, beslag på 207 dekar. Nå er det planar om å også nytta den nye straumbasen på Kalberg til ny kraftintensiv industri. Aktørane som ivrar etter å utvikla området, Green Mountain og Lyse, hevdar at satsinga på eit nytt datalagringssenter vil kunna lokke til seg internasjonale aktørar som Facebook, Google og Microsoft til området. Aktørar som er ivrige på å utvikla området anslår at det kan koma mellom 6.000 – 10.000 arbeidsplassar til området. Ikkje alle jublar over planane.


Les også: – Dette er uhyggeleg

340 mål

Sørausten feiar friskt inn i tunet på Anne Frøyland Grødem sin gard på Frøylandsfeltet. Våronna er så vidt i gang. Om graset grønkar i bakkane, blinkar det eit raudt lys for framtida. Garden er aktuell for omregulering til det nye næringsområdet. Arealet målar 340 dekar. Av dette er 260 dekar dyrka. Ho og mannen, Tor Bjarte Grødem, og dei fem barna driv også ein gard i Time-grenda nokre kilometer unna. På Frøylandsfeltet blir jorda nytta til grasproduksjon og beite. I dette fjøset har dei ungdyra, medan mjølkekyrne er på den andre garden.


– For meg er engasjementet først og fremst knytt til jordvern. Eg meiner sterkt at me er plikta til å ta vare på matjorda og potensialet til å produsera mat. Norge treng meir mat, me har som kjent låg sjølvforsyningsgrad, seier ho.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: