• F.v. Espen Brømnes, Roy Vidar Svendsen, Tor Eivind Tingtveit, Monica Olimstad ( leiar Arendal bondelag ), Erik Fløystad, Anne Grete Lieng ( leder Froland bondelag ), Lars Woie og Tor Ingvald Brømnes. ( foto: Tom Ellingsen )

 

 

 

Bøndene etterspør ein politikk som tek heile landet i bruk. Matproduksjonen må auka basert på norske ressursar. –

Tekst – Liv Kristin Sola   Foto – innsendt frå lokallaga.

«Akkurat nå brenner det flere 100 bål over hele landet. Det er ingen selvfølge at vi har et jordbruk fra nord til sør, og et mangfold av gårder og produkter produsert på norske ressurser. Med jordbruksmeldinga vil regjeringa føre landbruket i feil retning, og er på kollisjonskurs med bøndene, stortingets flertall og forbruker», sa leiar i Gjesdal Bondelag, Marit Epletveit, i sin appell.

Epletveit fortel om eit vellukka markering i Gjesdal, kor bål blei nytta både til markering og til grilling for dei frammøtte.

Einsidig mål

Leiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal, var også med på markeringa på Skurve i Gjesdal. Byrkjedal melder om positive reaksjonar, tuting og tommel opp frå bilistane som passerte langs den traffikerte E39.

– Målet vårt var å sette søkelys på noko viktig, derfor valde me å markere med å brenne bål, seier Byrkjedal.

Han er uroa over regjeringa sitt einsidige mål om kostnadseffektivitet.

– Strukturutviklinga vil bli kraftig forsterka med denne meldinga. På sikt vil det få store konsekvensar, spesielt for distriktslandbruket. Ei utvikling som ikkje let seg reversera når den først er igang, fryktar Byrkedal.

Fylkesleiaren nemner auka kvotetak, rasering av marknadsordningar og flytting av mjølk frå distrikt til sentrale strok. Ei utvikling som har pågått over tid, men som vil eskalere med dei signala som regjeringa no sender.

– Mjølka er bærebjelken i distriktsjordbruket og for livskraftige lokalsamfunn, spesielt på Vestlandet. Det er også her me finn det meste av innmarksbeita som er svært viktige for distriktslandbruket

Jordbruksmeldinga legg opp til å styrkja beitebruk i utmarka ved å redusera tilskot til dyr på innmarksbeite. Forslaget vil gi store omfordelingseffektar. Gardsbruk i område med mykje kulturbeite vil tapa pengar og store areal vil truleg over tid gro igjen.

Bål, ikkje varde

Ola Andreas Byrkjedal understrekar at markeringa er ei bålbrenning, ikkje ei vardebrenning.

– Eg ser det har blitt brukt ord som vardebrenning om denne markeringa. Det er ikkje tilfellet. Me har markert med varselbål, ein aksjon for å få ut eit viktig bodskap. Vardebrenning er eit sterkt verkemiddel som ikkje er ein del av denne aksjonen, understrekar fylkesleiaren.

Han ser likevel ei eventuell fare med denne meldinga. Eit svekka norsk landbruk vil få konsekvensar for matberedskap, matsikkerhet, kulturlandskapet og turisme, i tillegg til mange arbeidsplasser.

 

Stikkord denne saka: ,