BN+

Ei endring: Kampen for Egsjordet er blitt eit symbol på endring i Kristiansand. Endeleg er jordvern tydeleg på den politiske agendaen. Her er bonde Magne Thorvald Bakken (t.v.) og leiar i Bondelaget i Kristiansand, Gunnar Hangeland (t.h.), saman med Knut Erik Ulltveit, leiar i Agder Bondelag, på Egsjordet ein vinterdag. Foto: Kjartan Bjelland


Bøndene i Kristiansand er klare for å kjempa for matjorda i kommunen, og opplever ei bølgje av velvilje.


Jane Brit Sande


– Kristiansand har vore ein typisk «by», der politikarane har vore mest opptekne av by– og næringsutvikling. Tanken for jordvernet har vore beskjeden, seier Gunnar Hangeland. Han har vore tillitsvald i landbruket i ei årrekkje, og har i fleire periodar frå 1980-talet og fram til i dag vore leiar i Bondelaget i Kristiansand.

Jordvern inn i arealplanen

Etter valet i 2019 fekk Senterpartiet i Kristiansand gjennomslag i koalisjonen for at det skulle lagast ein eigen jordvernplan i samband med den nye arealplanen i kommunen.


– Arealplanen er ute til høyring i desse dagar. Bondelaga i Kristiansand kommune har sjølvsagt gått saman om eit høyringssvar, seier Hangeland.


– Me vil ha areal tilbakeført til LNF-område. Det er snakk om kring 300 dekar som er omregulert, men framleis blir drive som landbruk. Det er ikkje sikkert det er aktuelt å bygga der i det heile, og derfor vil me endre statusen, seier han.


Det er snakk om blant anna god landbruksjord på Tangvall, like ved sentrum i Søgne, og rundt sentrum i Kristiansand, seier bondelagsleiaren.


– Det er bondelaga lokalt som har best oversikt over jordbruksareala i kommunen. Me kan peika på kva som er viktig, og har kunnskap om kva jord som er av god kvalitet, seier Hangeland.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: