Stend vgs. tilbyr naturbruk som utdanning til ungdommar som har vakse opp i og rundt Bergen, norges nest største by.
Liv Kristin Sola
Tal på søkarar til skulen gjekk ned. Det var ikkje lenger noko alternativ å prøva og lokka urban ungdom til ei tradisjonell landbruksutdanning. Leiinga ved skulen tok nokre grep og tilpassa skulen til søkargruppa. Resultatet er fulle klassar og motiverte elevar.
På Stend vgs. kan elevane no fordjupa seg i dyrehelse, hund, hest, friluftsliv eller anleggsgartnarfaget. Skulen legg vekt på at elevane skal læra god dyrevelferd og førebygging av sjukdom. Elevane skal blant anna få innsikt i fôring, avl og utstilling av dyr. Dei har vore på bedriftsbesøk og på gardsbesøk og fått innblikk i foredling av ulike råvarer.
Gardsdrifta består av mjølkeproduksjon, sau og frittgåande høner. Fjøset har i seinare tid fått ei eiga kalveavdeling og lausdriftsfjøset vart oppgradert med mjølkerobot i 2010.
Skulen har Norges største smådyravdeling, ei avdeling som har alle dyreslag det er lov til å ha i norske heimar.
Les om Stend vgs. i Bondevennen nr 11.
UTDANING I LANDBRUKET
Under overskrifta Utdanning i landbruket, vil Bondevennen presentera skulane på Sør- og Vestlandet som tilbyr vidaregåande utdanning innan naturbruk.
Stikkord denne saka: Dyrehelse, ung i bygda, Utdanning