Litt etter litt har svensk mjølk blitt erstatta med importert mjølk.
I dag kjem mindre enn halvdelen av mjølkeprodukta i svenske butikkar frå mjølk av svenske kyr.
Svenske mjølkeprodusentar som leverer til Arla får i dag same pris som på delar av 1980 talet. Den økonomiske situasjonen for svenske mjølkeprodusentar er nå så vanskeleg at annankvar bonde vurderer å legge ned produksjonen. Dette skjer samstundes som Arla-konsernet håvar inn milliardgevinstar.
I dag er over halvdelen av fastosten, 40 prosent av smøret, halvdelen av yoghurten og over 80 prosent av dessertostane produsert på utanlandsk mjølk. Produkta er produserte på mjølk, mellom anna, frå Tyskland, Danmark Finland og Nederland.
Kjelde:
Uppdrag Gransking, sin rapport; Kris i Bregottfabriken.
Forfatter Candir Jean Bluemel. Presentert i Vaken.se
Stikkord denne saka: Mjølkeproduksjon, Storfe