Pløy opp jorda, - eller så i svoren? Meiningsutveksling mellom f.v. Bengt Stangeland, Rasmus Bore, Odd Sele og Sven Dysjaland.

Pløy opp jorda, – eller så i svoren? Meiningsutveksling mellom f.v. Bengt Stangeland, Rasmus Bore, Odd Sele og Sven Dysjaland.

 

– Graset er grønt, men korleis oppnå optimale avlingar, spurde Ragnvald Gramstad forsamlinga på Bore.

 

Liv Kristin Sola
Norsk landbruksrådgiving arrangerer kvar vinter ein møteserie for sine medlemmar der tema er grovfôr. I Klepp gjekk dei saman med dei tre bondelaga i kommunen og inviterte til eit ope møte og bondekafè på Bore Samfunnshus.
Ragnvald Gramstad, seniorrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, innleia og ønska dialog om komande grovfôrsesong, om potensiell avlingsauke og om korleis næringa saman kan koma i møte samfunnet sine krav til redusert forureining frå landbruket. Det vert stadig meir fokus på miljøtiltak knytt til landbruket. Miljøplan – del 1, gjeld for alle føretak som søkjer om produksjonstilskot i jordbruket. Gramstad peika på kart over jorda ein eig og driv, jordprøvar, dyrkings- og gjødselplan, og sprøyteplan som dei viktigaste dokumenta i Miljøplanen.

Gjødsling

– Ta vare på husdyrgjødsla og fokuser på å nytta denne best mogleg, oppmoda Gramstad. Sprei husdyrgjødsla på våren og etter 1. slått, ikkje utover hausten. Ikkje gjødsla unødvendig med fosfor. Det er ikkje bra, verken for økonomien eller for miljøet. Tre kilo fosfor per dekar er nok. Husdyrgjødsla dekker dette behovet. Ikkje bruk pengar på å kjøra heim fosfor som plantene ikkje har nytte av, var klar tale frå Gramstad. Den erfarne rådgjevaren råda dei produsentane som har opne gjødselkummar til å ta ein prøve av gjødsla i samband med omrøring og utkjøring i vår. Etter ein svært våt vinter kan det vera store mengder vatn som tynner ut gjødsla.
– Tilpass supplementet med handelsgjødsel ut frå det analysene av husdyrgjødsla viser, råda han

Jordpakking

– Potensialet for gode avlingar i vårt område, er i verdstoppen, men me har ei utfordring med drenering og litt for mykje kveke og ugras i mykje av jorda, sa Gramstad.
Seniorrådgjevaren peika på at det er potensiale til å oppnå avlingar på 1.100 – 1.200 kilo tørrstoff på den beste jorda i regionen, noko som kan tilsvara 750 til 800 fôreiningar per dekar.
Det er for tida høve til å få tilskot til grøfting.
– Tilskotet på 1.000 kroner per dekar kan virka ubetydeleg med tanke på dei totale kostnadane, men tenk på dette som ei investering som kastar av seg i betre jordstruktur og auka avlingar i mange år framover. Tusenlappen er ikkje gevinsten. Gevinsten er ei betre drenert jord og auka avling, påpeika han.
I pausen vart det utveksla erfaringar rundt borda. Sven Dysjaland, Odd Sele og Bengt Stangeland var opptekne av tilgangen til dyrka jord, sett i samanheng med produksjonsauken som er venta. Dei er alle mjølkeprodusentar.
– Arealet er den avgrensande faktoren for ei produksjonsauke, kommenterte Dysjaland, fokus må ligga på auka avlingar på det arealet me har. Det er kamp om dei dyrka areala. Tal frå Fylkesmannen i Rogaland viser at nærmare 39 prosent av jorda i Klepp er leigeareal. Sele meinte at det er mykje å henta med å pløya jorda oftare. Sjølv har han vekstkifte med poteter, noko som betyr at han vender jorda kvart tredje til fjerde år.
– Argumenta for å la vera å pløya er først og fremst økonomiske, men “steinproblematikken” er og ein faktor. Dette er eit paradoks når ein tenker på kva for utstyr me kan nytta i dag samanlikna med det dei hadde når jorda vart dyrka, sa Sele.

Analyser jord- og fôrprøvar

Prøvar tekne på innmarksbeite i Rogaland i 2013, viser at det er høgt innhald av protein i graset, men lite kobolt og kobbar. Kobolt er viktig for lam og ungdyr i vekst. Vurder slikkestein på beitene eller legg mineralbolus i dyra før dei går på beite for å sikra tilførsel av kobolt og kobbar. Alternativt kan de vurdera å nytta helgjødsel med kobolt til beitene, tipsa Gramstad.
– Helgjødsel er eit godt alternativ, som er lokalt og som har positive miljømessige ringverknadar.
– Ta jordprøvar, grasprøvar og surfôrprøvar, og skaff deg kunnskap om tilhøva i jorda og på beitene. Tilfør den næringa som det er behov for. Tenk alltid jordpakking, jordstruktur og drenering, her ligg det store utfordingar og dermed og eit stort potensiale, oppsummerte Gramstad kvelden.

Stikkord denne saka: ,