BN+

Utan glyfosat: Kolbjørn Anda driv økologisk mjølkeproduksjon og har ikkje brukt glyfosat eller andre sprøytemiddel dei siste 20 åra.


Ei eventuell utfasing av verdas mest brukte plantevernmiddel, glyfosat, vippar ikkje Kolbjørn Anda av pinnen. Bonden har greidd seg utan sprøytemiddel i 20 år.


Sjur Håland


På kjelvene hans i Randaberg er grasveksten frisk og frodig, med tydeleg innslag av nitrogensamlande kløvervekstar. Sist i september står framleis 80 dekar med økologisk eng og ventar på lagleg haustevêr.

Droppa korndyrking

Buskapen består av 500 slaktegris gjennom året (konvensjonell drift) og økologisk mjølkeproduksjon på 28 årskyr. Nær halvparten av mjølka blir levert til Stavanger Ysteri. For inntil få år sidan dyrka han også økologisk korn. Det var ikkje kveka som fekk han til å slutta.


– Nei, eg droppa korndyrkinga mest på grunn av utfordringane med vêr og haustefôrhold. Men eg ser klart dilemma med kvekekamp i korn utan glyfosat. Alternativet blir gjerne meir pløying og open åker gjennom vinteren. Det er ikkje ideelt verken for åkerjorda eller miljøet.


Anda trur bønder som driv med korn og grønsaker vil streva meir med konsekvensane av eit eventuelt glyfosatforbud enn bønder som dyrkar gras.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,