Asbjørn Haga opna dørene til sauehuset, og lot ungdommar lere meir om saueproduksjon.
Jane Brit Sande
Tre ungdommar hadde meldt seg på sauekurset hjå Asbjørn Haga, Figgjo i Sandnes kommune. Han har produksjon av sau, både tradisjonell drift og villsau. Både lamming, dagleg stell, besøk på NMBU sin seksjon for småfeforskning på Høyland, Sandnes, og partering av slakt stod på timeplanen denne helga – for å nemne noko.
(Tredje deltakar, Karina Sinnes, var ikkje tilstade då Bondevennen var på besøk)
“Grøn Framtid (tidlegare Naturleg framtid) er eit prosjekt i regi av 4H Rogaland for ungdom som er interessert i å vite meir om kva det vil seie å leva av naturen. Deltakarane skal få inspirasjon, kompetanse, nettverk og gode opplevingar innan fagfelta. Målet med prosjektet er å auke rekrutteringa av unge til naturbruksnæringa. Prosjektet er finansiert av 4H Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.” (Henta frå 4h.no)
Les meir i Bondevennen 18/19 som kjem i postkassane den 8. mai.
Stikkord denne saka: Sau, ung i bygda