Bård Erga (t. h)har bygg to stk. plansiloar av typen RÅ-PLANSILO. Her saman med Åsgeir Åasland (t.v.) og Runar Arvesen (midten).

Bård Erga (t. h)har bygg to stk. plansiloar av typen RÅ-PLANSILO. Her saman med Åsgeir Åasland (t.v.) og Runar Arvesen (midten).

Jærgründerar har utvikla eit nytt plansilokonsept med utgangspunkt i lokal produksjon.

Eirik Stople

Bonde, gründer og entreprenør, Åsgeir Aasland, har saman med gründer og entreprenør, Runar Arvesen, utvikla eit nytt plansilokonsept, RÅ- PLANSILO, med ein litt anna utforming enn det ein normalt ser forplansiloar.

Tilpassar omliggande terreng

– Kva er nytt med dykkar konsept?
– Skråstilte vegger, terrengoppfylling til topp vegg og asfaltunderlag er spesielt for våre plansiloanlegg. Dessutan har vi med ei gjennomtenkt løysing for oppsamling av press-saft og handtering av overflatevatn frå siloen.
– Kva er årsaka til at de har vald alternative løysingar?
– Med skråstilte vegger får me pakka graset heilt ut til sidene. Siloveggen har ein helningsvinkel på 20 grader. Prinsippet er at veggene kviler mot ein pukkmasse på utsida. På yttersidene av siloen blir det fylt opp masse til topp vegg. Primært er dette for å stabilisere veggene, men det gir også ein sikkerheit om ein skulle vera uheldig med traktorvelt i samband med pakkinga.
– Å velje asfaltunderlag i staden for betong handlar om økonomi. Og vi nyttar ikkje vanleg asfaltkvalitet. Dette er spesialasfalt med høgare tetthet og mindre porevolum. Det hindrar vassgjennomtrenging og vi har heller ikkje erfart problem med mjuk asfalt i samband med ilegging på varme sommardagar. I Danmark blei det lagt 70.000 m2 av denne asfaltkvaliteten i plansiloar i 2015.

Tiltak mot avrenning

– Korleis har de utforma dette?
– I utgangspunktet er dette ei løysing som byggherren kan velja eller ikkje. Alle plansiloar skal ha fall i lengderetninga. På det lågaste punktet, i enden av siloen, plasserer vi ei tverr-renne (acodren) for oppsamling av eventuell silosaft. Væska blir ført til ein utvendig kum med flottørpumpe, for å kunne pumpe væska over i ei oppsamlingsvogn. Det er viktig å ha eit opplegg for å skilje press-safta frå overflatevatn som kan gå i vanleg drens.

Ferdig byggegrop, klar for montering av veggelement. I botn er det lagt eit berelag og klargjort for asfaltering. Veggelementa blir sett på ei spesialutvikla monteringsrenne. På baksida kviler veggelementene mot ein jordbakke. Mellom jordbakken og elementene blir det nytta pukk, gradering 80-120 mm. Det er ein spesialprofil med tetningsmasse som bind elementa saman. Asfalten blir limd mot tilstøytande vegg. Veggen på bildet har ei høgde på 1.8 meter.

Ilegginga er avslutta, med tradisjonell tildekking, inklusive fuglenett. Siloen er godt terrengtilpassa, sjølv med ein fyllhøgde på 1,8 meter. Ytre skråning blir dekka med jordmassar eller sand. Siloane blir levert med 8, 10, 12 og 14 m breidde. Ein kan velja høgde frå 1-3 meter.

Åsgeir og Runar har utvikla eit press-stag for avstempling av plastdekke langs sidene. Dette gir langt mindre behov for tildekking med dekk.

Åsgeir og Runar har utvikla eit press-stag for avstempling av plastdekke langs sidene. Dette gir langt mindre behov for tildekking med dekk.

Stikkord denne saka: , ,