Lausdriftskravet vart utsett, men det treng ikkje verta ei «hindring» for deg som ynskjer å bygga nytt eller bygga om fjøset, for å få ein betre arbeidsplass både for deg og kyrne dine.

 

Liv Kristin Sola

Bondevennen har vore på besøk hjå Lars Espevik, på Espevik i Tysvær kommune (Bondevennen nr 19-2016), og familien Sausjord i Myrkdalen i Voss kommune (Bondevennen nr 17-2016).

Sjå bilete av korleis dei har bygd om, og klikk deg inn for å sjå planteikningane.

Planskisse Espevik – klikk for å sjå planskisse av fjøset til Lars Espevik i Espevik.

Planskisse Sausjord – klikk for å sjå planskisse av fjøset til familien Sausjord i Myrkdalen.

 

Fordeling mellom båsfjøs og lausdrift

Tabellane viser fordelinga mellom mjølk levert frå båsfjøs og frå lausdriftsfjøs i fylka på Sør- og Vestlandet, målt i antall bruk og i millionar liter mjølk levert frå dei ulike driftsformene.

bv_fag1

bv_fag2
Kjelde: Kukontroll og leveringsdata frå TINE og Q-meieriet.

 

Små byggeprosjekt

– Det er råd til å bygga om til lausdrift utan å auka  produksjonen. Dersom du verkeleg vil det.

Det var bodskapen bygningsrådgivar i Tine, Svein-Åge Vangdal, til mjølkprodusentar i Myrkdalen i Hordaland og på Finnøy i Rogaland.

Vangdal har den seinare tida vore involvert i fleire prosjekt der oppdraget har vore å legga om frå bås til lausdrift, utan å auka produksjonen noko betydeleg. Rådgivaren ser gjerne at mjølkeprodusentane tenker nytt og utradisjonelt. Fordi om noko ikkje har vore prøvd før, betyr det ikkje at det ikkje kan fungera, er haldninga.

– Opne veggar, mykje lys, mykje luft. Det er gratis, og det fungerer i USA, i Canada og i Sveits. Land som både har snø og kuldegrader, sa Vangdal.

Luft, lys og ein betre arbeidsplass

Rådgivaren presenterte fleire byggeprosjekt og planteikningar. Erfaring viser at mindre prosjekt ofte endar på ein prislapp på rundt 20 kr/liter mjølk. Rådgivaren understreka at dette ikkje er ein gitt kostnad. Små prosjekt må vera nøkterne. Prislappen aukar i takt med punkter som står på ønskelista til bonden.

– Dei vala de tek, påverkar dette talet i den eine eller andre retninga, minna Vangdal om.

Kva er nødvendig?

Bygningsrådgivaren summerte kva som bør vera med for å få til eit velfungerande fjøs:

Ein eteplass per ku

Tal på eteplassar heng saman med kor mange liggebåsrekker du vil ha. Ein eteplass per ku er spesielt viktig på bruk med lite grovfôr, for å unngå at kviger og svake kyr ikkje tapar kampen om det gode grovfôret. Med tre liggebåsrekker er detkrevjande å få det til.

Dyreflyt

Planlegg slik at det er enkelt for ein person å henta og handtera dyr. Gjer det lettvindt for deg sjølv, med tanke på å flytta dyr mellom ulike avdelingar.

Velferdsavdeling

Ei eiga avdeling til kyr før og etter kalving, kyr med klauvproblem eller kyr som av andre årsaker treng tilsyn, har blitt ganske vanleg. Vurder ein separat binge for inseminering. Tar du dei inn i velferdsavdelinga, blir det mykje bråk og lite velferd for ei nykalva ku, eller flokkens mobbeoffer. Alternativet er å ha fanghekk og inseminera kyrne i fanghekken eller i liggebåsen.

Gjeldkuavdelinga

Denne avdelinga må ha romslege mål, gjerne 1,30 breie båsar. Legg til rette for god velferd. Tenk på plassering, med kort veg til fôr, til  robot, og til kalvingsareal.https://www.bondevennen.no/eksempel-pa-mindre-losdriftsfjos-espevik-og-sausjord/?preview=true

Stressfri kalving

Det må skal leggast til rette slik at kyr opplever minst mogleg stress rundt kalvinga. Kalvingsavdelinga bør vera  plassert slik at den er lett å ta i bruk og at det er enkelt å flytta ei ku frå gjeldku eller velferdsavdelinga til kalvingsbingen. Bruk opne grinder, slik at kua kan ha kontakt med resten av flokken.

Klauvskjering

Legg til rette for klauvskjering. Ein høg og brei port gjer det lett å få inn klauvboksen. Tenk også på tilgang til straum  og vatn, og vurder plasseringa slik at du kan skjera klauver på kyr får fleire avdelingar.

Fôringslinje

Val av fôringslinje avheng av mange faktorar, blant anna kor mykje tid og arbeid du vil bruka på fôringa, og kor stor grad av mekanisering du ønskjer. Om du nyttar tårnsiloar, plansilo eller berre rundball, påverkar også valet. Kvar må finna ut av kva som er rett for dei. Mål om høg avdrått krev høgt fôropptak, noko som også påverkar val av fôringslinje.

– Tenk gjennom kva for fôringsopplegg du vil ha. Stor variasjon i grovfôrkvalitetar kan gjera det interessant å investera i blandevogn. Vurderer du blandevogn og takband, krev det ein liten million. Har du brukt opp millionane, må du tenka annleis, sa rådgivaren.

Tårnsiloane kan vera ei god løysing dersom dei er i god stand. Med tanke på fôrkvalitet og arealbruk, og kuldegrader, kan tårnsiloane vera eit smart val. Vangdal viste til at 7-800 m3 fôr i tårnsilo, kan svara til om lag 1.000 rundballar.

– Tårnsiloar er i dag meir aktuelt enn eg trudde for nokre få år sidan. Ein skulle ikkje tru det, men me teiknar framleis tårnsiloar, sa Vangdal.

Vil du, eller eigentleg ikkje?

Svein-Åge Vangdal understreka at det er mykje som er mogleg å få til, dersom motivasjonen og ønsket om å finna løysingar er til stades. Dersom ein eigentleg ikkje er motivert, kan ein finna mange argument som talar mot endringar.

– Mykje handlar om å bestemma seg om kva ein vil, sa Vangdal, og minna om at det er mange som er motivert til å hjelpa dei som ønskjer tips og råd til å finna løysingar, gjerne litt utanfor «boksen».

 

Teksten er eit utdrag frå Bondevennen nr 17 og 19 – 2016.

Stikkord denne saka: ,