Motbeviser fordommar: Ull fra svartfjes har ikkje vore spesielt ettetrakta. Kan hende har vi stramma for mykje inn på korleis vi vurderer ullkvalitet. – Vi må ikkje dømme kva som er godt og dårleg før vi har prøvd, seier Pernille Volent, ved Oslo Mikrospinneri. Foto: P. Volent.

Svartfjesbøndene nektar å godta at ulla frå sauene deira er verdilaus.
No har dei bevist det motsette. – Garnet er overraskande mjukt og eksklusivt, seier Pernille Volent frå Oslo Mikrospinneri.

Liv Kristin Sola

– No er det i alle fall ingen tvil. Ull frå svartfjessauen gir garn av topp kvalitet, seier Gerhard Håkull.

Sauebonden og ullsorteraren frå Skjold i Rogaland er frustrert over korleis norsk ull vert handtert. Av totalt fire millionar kilo norsk ull, vert knapt ein fjerdedel brukt her i landet. Og det er stort sett den finaste kvite ulla frå crossbredrasane. Ull er gull, blir det sagt, men slik kjennast det ikkje på lommeboka til sauebøndene.

– Før i tida vart sauen verdsett for både ull og kjøt. I dag dekker ulloppgjeret ikkje ein gong kostnaden med klipp, sekk og frakt, seier Håkull.

Mange vel difor å grave ned eller brenne ulla. Ull har gått frå å vere ein ressurs til å bli eit problem for bonden.

– Skikkeleg trasig. Ingen vil levere eit avfallsprodukt. Det er heilt meiningslaust, seier Håkull.

 

Mjukt, glansfullt og slitesterkt

I fjor haust tok styret i Svartfjeslaget saka i eigne hender. Dei kontakta Pernille Volent, som eig og driv Oslo Mikrospinneri, og fekk avtale om å vaske, karde, kamme og spinne hundre kilo rå svartfjesull.

– Vi bestemde oss for å gjere ei investering og sjå kva vi kunne få ut av ulla, seier Håkull.

Volent vart skikkeleg overraska.

– Svartfjesulla har marg og dekkhår som gjer ulla svært grov. Likevel vart garnet veldig, veldig mjukt. Eg har aldri vore så nøgd med noko garn før. Eg er slett ikkje sikker på at alle i Svartfjeslaget forstår kor unikt produkt dei no har fått, seier ho.

Volent stod sjølv ved spinnemaskinen og trudde knapt det ho såg. Ho var budd på eit grovt, tjukt garn, til utanpå-genser, men sit att med eit to-tråds mjukt og glansfullt garn som ho samanliknar med det kjende islandske Léttlopi.

– Berre mykje mjukare. Alle mine tilsette måtte sikre seg nokre buntar før vi sende garnet frå oss, seier Volent.

Eg har aldri vore så nøgd med noko garn før.

Pernille Volent

Foto: Håkon Halgrimsen

Maskinar tilpassa grov ull

Oslo Mikrospinneri vart opna i 2019. Maskinparken er kjøpt inn og sett saman manuelt for å spinne garn av dei grovare ulltypane. Volent har spesialisert seg på garn frå spælull, men vil prøve seg fram med andre rasar.  

– Kvar rase må handterast i forhold til kvalitetane dei representerer. Vi må ikkje dømme kva som er godt og dårleg før vi har prøvd, seier ho.

Maskinane fjernar mykje marghår og dekkhår. Dei grove fibrane som er att kjennest mjukare når dei er tvinna inn i finare fibrar.

– Det er sjølvsagt grove hår att i garnet, men dekkhår er ikkje berre negativt. Det gjer garnet slitesterkt, seier Volent.

Ulla vert vaska, tørka og går gjennom ein opnar som riv frå kvarandre ullfibrane som har klumpa seg i vask. Deretter vert ulla karda og kamma slik at fibrane vert glatta ut og legg seg i same retning og gjer garnet mjukare. Gjennom spinneprosessen kan dei fylle garnet og gi det meir spenst.

– Prosessen gir dessverre ein del svinn, men resultatet er eit heilt fantastisk mjukt og utruleg glansfullt garn, seier Volent.

Verdsett bonden sitt arbeid

Volent vaks opp på gard og jobba mykje på sauebruk i oppveksten. Ho brenn for å skape verdiar av dei verdilause fellane.

– Vi må berre finne rett oppskrift, seier Volent.

Å finne ei oppskrift for svartfjessauen tok tre månadar. Prosessen er viktig for å lukkast. Volent har sett seg lei på at garn blir importert frå andre sida av kloden, medan vi kastar dei norske fellane. Ho håper på ei haldningsendring, frå fagmiljø, via industrien, og til bonde. Men også i strikkemiljøa.

– Vi må verdsette sauen og bonden sitt arbeid gjennom å auke verdien av norsk ull. Ja, det kostar pengar, men vi kan ikkje akseptere alternativet, seier Volent.

For dette er handverk. Det dreier seg om små volum av ein heilt unik, slitesterk og eksklusiv kvalitet. Det vil folk betale for.

Løn for strevet: Pernille Volent var budd på eit grovt og tjukt garn, men vart overraska over resultet. Foto 2, 3 og 4: P. Volent.

Svartfjesull til folket

Pernille Volent si lovprising av svartfjesgarnet er musikk i øyra til Gerhard Håkull. No skal garnet seljast, via sosiale media, til strikkeglade nordmenn. Salet skal dekke produksjonskostnadane og gi eit fint overskot til raselaget.

Håkull har merka seg at grovstrikka villmarksgenserar og rustikke kufter er ein trend. Då må næringa syte for eit tilbod om norsk garn.

Ull er gull: No er det eksklusivt ullgarn frå svartfjessauen å få tak i hjå styremedlemmane i Svartfjeslaget. Dei håper salet vil gi ei fin inntening og på sikt gi ein meirverdi for bonden. Foto: Gerhard Håkull.

Ull er gull

Dei fleste buntane er naturleg kvite, men nokre er farga i blått, grått, oker og burgunder. Kvar bunt er på 100 gram og kostar 250 kroner. Garnet er å få kjøpt hjå medlemmane i Svartfjeslaget.

Volent har testa garnet hjå fagfolk på andre spinneri. Alle gir svært gode tilbakemeldingar. Raselaget håpar no at mindre bedrifter, gjerne mikrospinneri, ser potensialet og legg inn ei bestilling på svartfjesull.

– Vi vil løfte svartfjesulla ut or samleklassa for verdilaus pigmentert ull, C2S, og la bonden ta del i verdiskapinga. For ull er gull, seier Håkull.

Stikkord denne saka: , ,