Melder frå kor den går – via satellitt

Ekteparet Solem mangla 20 prosent av lamma etter  beitesesongen 2009. Dette vart starten på utviklinga av E-bjella.

Ekteparet Solem mangla 20 prosent av lamma etter beitesesongen 2009. Dette vart starten på utviklinga av E-bjella.

– Graset er grønare lenger nede i dalen, tenker sauen, og trekk ned frå fjellbeitene.

Liv Kristin Sola

Dei siste åra har det vore ei endring i bruken av beiteressursane på fjellbeitene. Det vert færre bruk med sau, og færre sau vert sende til fjells i beitesesongen, ifølge Rogaland sau og geit (RSG). For å prøva og snu denne trenden så har RSG starta eit prosjekt med støtte frå Fylkesmannen i Rogaland. Prosjektet, som starta i april 2013, har fått namnet “Økt bruk av heiabeite”. Prosjektperioden går fram til mars 2016. Onsdag i sist veke inviterte prosjektgruppa til informasjonsmøte i Vindafjordhallen.

Utnytt heiabeitene

– Målet med prosjektet er å stimulera til auka bruk av beiteressursane i heia, forklarte leiaren for prosjektet, Bjarne Østerhus. Han viste til auka gjengroing av beiteområda som ein konsekvens av færre sau i utmarka og redusert beitetrykk.
– Når det minkar med sau i fjellbygdene, trekk ”våre” heiasauer inn i desse beiteområda, presiserte Jostein Seldal, som og er med i prosjektgruppa.
– Ingen har då ansvar for å få desse sauene heim. Dette er eit aukande problem, utdjupa han.
Gruppa har som mål å få på plass ei betre organisering i desse områda. Seldal fokuserte på fordelane med å ha sauen på heiabeite, blant anna at det for dei fleste er god økonomi, det er ønskeleg ut frå eit samfunnsperspektiv å kunna nytta beiteressursane i heia, og det reduserer bruken av førebyggande middel mot snyltarar. Asbjørn Haga, leiar av Jæren smalalag, viste til at det vert meir krevjande å halda tilsyn med saueflokkane når dei trekk mot nye område, og at ettersankinga vert meir arbeidskrevjande.
– Her gjer heiasjefane ein kjempejobb. Dei går og går og går til det ikkje går å gå lenger. Snøen kjem like brått kvart år, då er det ikkje triveleg å tenkja på dei sauene som er att på heia, sa Haga ettertenksamt.

E-bjella

Med dette som utgangspunkt, har prosjektgruppa kjøpt inn 100 E-bjeller frå firmaet “Find my sheep”. Desse bjellene vart fordelte og testa ut i fleire besetningar i fjor. Resultata var positive. Haga var blant dei som testa ut E-bjella på fem av sine søyer i 2013.
– Spennande å få ei oversikt over beiteatferden til sauene, meinte Haga. – Det vil vera spesielt interessant å prøva ut i område der det er mykje tap, og dyr som me ikkje finn att, trur leiaren av Jæren smalalag.
På garden til ekteparet Solem, i Kvikne, har dei endra på sankerutinane etter at dei fekk E-bjella til å fungera.
– Bjella har ikkje minst effektivisert sankinga. No driv me ikkje med leiting og ei ressurskrevjande ettersanking lenger. No henter me sauen heim frå fjellbeitene, sa ei nøgt Marit Mjøen Solem.
No ønskjer prosjektgruppa å tilby E-bjellene til uttesting i fleire besetningar. Nye brukarar og nye flokkar på heiabeitene vil bli prioriterte, når dei skal låna ut bjeller komande beiteperiode. For interesserte er det bare å ta kontakt med nokon i gruppa for meir informasjon og avtale om utlån. Seldal viste til at det er mange fordelar med å kunna overvaka saueflokkane på beitet på denne måten. Blant anna så får ein melding tidleg om sauene går over i område der det ikkje er leigeavtalar med grunneigarane.
– Me får raskt melding om dette, og då må me handla med ein gong. Det er viktig å ha ein god dialog med grunneigarane i området, og visa at me har tilsyn med sauene på beite og respekterer grunneigarane sine val, oppmoda Seldal.
– Til og med eg, som ikkje tykkjer det er så stas med den datamaskinen, vart hekta på å følgja sauene sine bevegelsar i beiteområdet, innrømte Seldal overfor forsamlinga. Han ber sauebønder om å ta kontakt med nokon i prosjektgruppa dersom dei har innspel eller tips om korleis ein kan motivera til fortsatt aktivt bruk av heiabeitene i regionen.

bv08_aktuelt1b

 

 

 

Stikkord denne saka: ,