Respekt: Pelsbonde Bength Oftedal og Frp-politikar Margrete Dysjaland fryktar at kompensasjonsordninga kan dra ut. Det hastar, meiner dei. – Det handlar om å ha respekt for folk og familiane deira, seier Dysjaland.

Ei kompensasjonsordning for pelsdyrprodusentane er i sikte. Men ventetida har hatt, og har, konsekvensar.

Jane Brit Sande

Etter sjokkmeldinga om næringsforbodet for snart tre år sidan, har pelsdyrprodusentane og familiane deira venta på kompensasjonsordninga. No ser det endeleg ut til å gå mot eit punktum.
I eit brev til Næringskomiteen, datert 21. oktober, skriv landbruks- og matminister Olaug Bollestad at ho vil senda eit forslag til endring av lov om forbod mot hold av pelsdyr til Stortinget. Forslaget vil innebere at det blir lovfesta rett til kompensasjon utmålt etter bestemmingane i ekspropriasjonserstatningslova, og med høve for rettsleg skjønn etter dei reglane som gjeld i ekspropriasjonssaker. Bollestad skriv vidare at ho forventar at forslaget vil kunne sendast ut på høyring kring månadsskiftet novemberdesember.
Bength Oftedal frå Sola i Rogaland, er ein av mange produsentar som kjenner på forbodet og ventetida. Han meiner at forslaget frå Bollestad vil vere eit klart skritt i rett retning, fordi kompensasjon etter ekspropriasjonsrettslege prinsipp er det næringa har bedt om heile tida.

– Men den store kampen er likevel ikkje over, seier han.

Høyringsfristen blir på mellom seks veker og tre månadar.

– Eg har fått signal om at dette er i boks i slutten av februar, i beste fall. I verste fall drar det ut fram til sommaren 2021, seier Oftedal.

Les også: Pelsdyrbønder fell utanfor omstillingsordninga

Vil starta opp med kylling

Oftedal held blikket framover. Det skal vere produksjon på garden, held han fram. Han er i dialog med Den Stolte Hane om ein konsesjon på slaktekylling. Men det skapar problem at kompensasjonsordninga lar vente på seg.

– Så lenge eg ikkje veit kva eg kjem til å få i kompensasjon, held banken igjen, seier han.

Oftedal er ikkje aleine. Nyleg skreiv NRK.no om Rennesøy-bonden Terje Øvrebø som to gonger har vore nøydd til å levera konsesjonen tilbake.

– Før jul i fjor var det kritisk. Kontoen var tom og banken sa nei. Da er det knalltøft, sa Øvrebø til NRK. Oftedal trur at han kan sjå langt etter 2021-konsesjonen.

– Akkurat no er det nokså ope, men det er mykje uføreseieleg som kan skje. Kylling er marknadsstyrt, og det er ikkje gitt at det er same opning i marknaden om eit år, seier han.

Pelsbonde Oftedal seier at utfordringane no ligg i korleis ekspropriasjonsbestemmingane skal løysast.

– Dette blir jo ikkje likt andre ekspropriasjonssaker, der staten har tatt jord, seier han.

Siste sesong: Det er siste sesong med mink hjå Bength Oftedal. Han har drive saman med faren, Ove Oftedahl, i meir enn 20 år. – Eg og far snakkar om mink kvar einaste dag. Det er ei genuin interesse, seier han.

Ingen champagne

Frp-politikar Margrete Dysjaland har engasjert seg i pelsdyrbøndene sin kamp for å få på plass ei kompensasjonsordning, og er ein av fleire som har lagt eit press på landbruksministeren for å koma til endes i saka.

– Siste utvikling syner at det nyttar å legga press på dei ansvarlege, seier Dysjaland.

– Prinsippa ser bra ut, men eg spretter ikkje champagnen, seier ho.

Dysjaland seier at dei må få inn dei rette elementa i lovendringa, som til dømes bruksverdiberekning.

– Eg ventar at Stortinget følger saka nøye. Dei kan ikkje sleppe saka før siste ord er sagt. Eg skal i alle fall rydda kalenderen og følga med på kvart ordskifte i debatten, seier ho.

Politikaren er uroa for at høyringa skal ta lang tid.

– Bønder er sjukmelde, og det er stor uro i næringa over den økonomiske skvisen bøndene er i. Det handlar om å ha respekt for folk og familiane deira, seier Dysjaland.

– Det viktigaste no, er å bli ferdige. Eg har store forventingar til at me endeleg kan gi pelsdyrbøndene den behandlinga dei må få, seier ho.

Stikkord denne saka: