• Jørn Hafslund og hans lagra Fanaost parkerte både nasjonale og internasjonale konkurrentar i finalen av Oste VM.

Jørn Hafslund veit at han lagar god ost. Men at Fanaosten skulle kårast til verdas beste, gjorde ystaren mållaus.

Liv Kristin Sola

– Nokon her i salen vil få livet endra i dag, sa Nigel Barden frå britiske BBC, som leia finale-showet.

I salen sat bonde og ystar, Jørn Hafslund frå Ostegården på Krokeide i Fana. Han visste at hans Lagra Fanaost var ein av dei seksten finalistane. Men at det var han som skulle få snudd kvardagen opp ned frå denne fredags ettermiddagen, det var meir enn han turte å håpe på.

– Då eg måtte fram på scena var eg heilt himmeldotten, som dei seier i Lyngdal, humrar verdas beste ystar, då Bondevennen ringer måndag morgon.

I verdsklasse: Frå venstre, Gunnar Waagen frå Tingvollost som vann VM med Kraftkar i 2016, Jørn Hafslund med beviset på årets siger, og Barbro Stordalen som vart nummer to med sin brunost Heilfeit Brun Geitost.

Verdas beste råvarer

Hafslund skryt over miljøet blant norske ystarar, og legg vekt på at eit godt nettverk er avgjerande for å lukkast.

– Vi har eit ekstremt godt samarbeid. Vi deler kompetanse, men ikkje oppskrifter. Kvar ost skal vere unik. Vi lever av mangfald i produkta våre, seier Hafslund.

Lagra Fanaost har vunne fleire gullmedaljar og vart kåra til årets beste meieriprodukt i NM i fjor.

– Kvifor?

– Reine smakar og god balanse mellom sødme og salt, og fin konsistens, seier Hafslund.

– Men produktet vert ikkje betre enn råvarene. Det er suverent at vi har eit landbruk her til lands som produserer så gode råvarer at vi kan hevde oss i verdstoppen, seier Hafslund.

Eit livsverk til neste generasjon

I tillegg til mjølk frå eigne tolv mjølkekyr sper han på med mjølk frå Tine. Hafslund er stolt av å vere ein del av osteeventyret i Norge, som gir forbrukarane mange gode smaksopplevingar, men innrømmer at han til tider var nær ved å gi opp. Alt dreidde seg om ost og utfordringane stod i kø. Men i dag er han stolt over det han har bygd opp på ein tradisjonell vestlandsgard, ikkje minst med tanke på neste generasjon.

– Eg trur eg kan overlevere ei fin bedrift til neste generasjon, seier Hafslund.

Yngstesonen er i fullt arbeid i produksjonen og dei to andre står i kø for å vere ein del av dette.

– Det er motivasjon i seg sjølv, seier Hafslund.

Søker råd hjå erfarne

Kor dette endar veit ingen, men Hafslund og familien vil no søke råd hjå dei som har vore gjennom dette før, frå folk som han stolar på for å legge ein plan for vegen vidare.

– Er du utseld for Fanaost?

– Nei, eg har halde litt attende, men eg har bestillingar…., ja, det er heilt sjukt, seier Hafslund.

Nettverk, nettverk, nettverk

– Skal du starte eiga bedrift må du ha eit lite oppkomme av idear og sjå kva moglegheiter du har rundt deg. Du må ha evne til å knytte deg til eit godt nettverk. Det er avgjerande for å klare å stå i dette i motgang og i medgang.

– Vi har eit spesielt godt utgangspunkt med fine råvarer. Har du overskot og guts, må du berre satse. Det er truleg det som må til i norsk landbruk, å vidareforedle varene våre sjølve. Og nettverket er der, du må finne det og bli ein del av det. Men du må ha ein plan. Det går fleire år før du kan rekne med å tene pengar, seier Hafslund.

Verdas beste brunost: Barbro Stordalen (t.v.) frå Stordalen gardsbruk, i Tinn i Telemark, imponerte dommarane med sin Heilfeit Brun Geitost. Osten fekk ein delt andreplass og ystaren jubla i lag med Andrea frå Nederland, som er tilsett i drifta.

Lidskapeleg frå dommarane om finaleostane

Danske Claus Meyer (bilde t.v.) kulinarisk entreprenør og grunneleggjar av restauranten Noma i København: – Den har ein spiss, men ikkje for mykje. Eg vil ikkje at ostane mine skal vere ei drama-Queen.

Svenske Peter Martinsson: – Osten er audmjuk og skrik ikkje høglydt. Den har god balanse mellom søtt og salt – som livet sjølv. Osten gret når den vert kutta, men du forstår at det er av glede, ikkje av sorg.

Carlos Vescas frå Mexico: – Ost var ein måte å livnære seg på gjennom vinteren. Denne osten fortel nettopp den historia.

Kobus Mulder, ystar frå Sør-Afrika, sparte ikkje på superlativa:

– Om eg ikkje tek feil, er det seks ostar av kumjølk, seks av geitemjølk, to frå sau, ein frå bøffelmjølk og ein miks i finalen. Geita utfordrar dyra med store jur og fire spenar. Denne osten viser kva som er mogleg å få til av geitmjølk.

– Denne litle osten var heilt perfekt. Når eg fekk den i munnen, tenkte eg at ok, eg kan reise herifrå i kveld.

– Eg har ikkje ord. No vil eg berre vere åleine ein augneblink for å nyte smaken. Denne osten kan begjærast med heile hjarta. Som ystar er eg svært sjalu overfor ystaren som laga eit produkt kan gi så mykje glede til ein enkel sjel som meg sjølv.

Ein bra dag på jobben

Landbruksminister Bård Hokksrud var full av lovord over arrangementet, og vart mest like mållaus som vinnaren sjølv då Fanaosten gjekk heilt til topps.

– Heilt rått, heilt fantastisk, heilt sprøtt, sa ein imponert minister.

Hokksrud innrømmer gjerne at han ikkje har vore så svær på ost, og at kunnskapen om mangfald og kvalitet på norsk ost ikkje har vore heilt oppdatert. Etter å ha smaka seg gjennom heile utvalet av norske ostar som var å få i Grieghallen gjekk ministeren både rikare og klokare frå arrangementet.

– Det vil heilt klart bli meir ost på bordet framover, forsikra ein svært nøgt minister.

Kraftkar frå Tingvollost på Nordmøre

Kraftkar vart kåra til verdas beste ost under VM i Spania i 2016. Gunnar Waagen var tilstades, men at det skulle gå heilt til topps hadde ikkje streifa verken han eller andre i familien.

Kraftkar er ein av fire ostar som vert produsert på Saghaug gard kor heile familien er involvert i drifta. Eldstedotter Kristin har overteke drifta av garden og ein mjølkekvote på 320 tonn og 60 mjølkekyr. I tillegg ystar dei av 220 tonn mjølk. Ysteriet har ni tilsette og er bygd for ein produksjon på ti tonn ost, men produksjonen har kome opp i 22 tonn ost i året og planen er å utvide.

Familiesuksess frå bygde-Norge: Marit Waagen Birkestøl og Ingrid Waagen var på Oste VM i lag med resten av familien som produserer mjølk og ost – Tingvollost på Nordmøre.

Yngstdotter Ingrid Waagen jobbar ein dag i veke på garden og tek seg av turistar, skuleklassar og andre som vil kome på besøk for å sjå drifta. Ho fortel om ei moderne drift med både mjølkerobot og fôringsrobot.

–  Me har mange små teigar og mange ulike grasartar og legg opp til ei allsidig fôring. Me har friske kyr som får gå ute når dei vil heile sommaren, seier Kristin.

Ho trur at det den norske landbruket med eit godt klima og god helsestatus både på planter og dyr, er mykje av nøkkelen til at norsk ost held så høg kvalitet.

– For å produsere verdas beste ost må me ha verdas beste råvarer. I tillegg har me eit fantastisk nettverk i ystemiljøet og Norsk Gardsost, kor alle deler kunnskap og erfaringar. Me speler kvarandre gode, seier Kristin Waagen.

 

Stikkord denne saka: ,