Sjølvforsyning: Husdyrproduksjonen skal så langt som mogleg skje på grunnlag av norske grovfôrareal, beitebruk og norske fôrråvarer, i følgje stortingsrepresentantane bak dokument 8-forslaget. – Alle beiteressursane og areal som går ut av drift må takast i bruk att og utnyttast, seier Nils T. Bjørke.

Sju stortingsrepresentantar frå Senterpartiet vil ha Stortinget med seg på å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent, korrigert for import av fôr, innan utgangen av 2026.

Sjur Håland

– Skal me få ein matberedskap som er reell, må me først og fremst ta alt areal i bruk her i landet, seier ein av representantane bak forslaget, Nils T. Bjørke frå Voss.

Dokument 8-forslaget skal truleg behandlast i stortinget før sommarferien. I følgje ein artikkel i Dagsavisen, kan det ligga an til at framlegget får støtte frå alle dei raudgrøne partia på Stortinget.

Låg sjøvforsyning

Dei sju bak forslaget held fram at den norske sjølvforsyningsgraden i eit normalår er i overkant av 40 prosent. Om fjorårets tørkesommar blir lagt til grunn, er sjølvforsyningsgraden kring 30 prosent. «Det er historisk lågt. Vi har nå om lag eitt og eit halvt dekar fulldyrka jord per innbyggar. I 2000 var talet to dekar», heiter det i forslaget.
I argumentrekkja blir klimaendringane i kombinasjon med auka globalt matbehov omtalt som alarmerande. Også faren for ei internasjonal matkrise som følgje av ei atomulukke, blir løfta fram. Det same gjeld behovet for eit styrka tollvern.

Nils T. Bjørke.
Foto: Stortinget.

Grasland

Framlegget legg opp til å auka sjølvforsyningsgraden korrigert for import av fôr. Dei sju presiserer at store jordbruksareal i Norge berre er eigna for grasproduksjon. Forslagstillarane påpeikar at auka bruk av norske ressursar inneber at husdyrproduksjonen så langt som mogleg skal skje på grunnlag av norske grovfôrareal, beitebruk og norske fôrråvarer. Jordbrukets verkemiddel må bygge opp under dette, blir det streka under.

– Kvifor eit forslag som dette nå. Er det ei politisk markering før jordbruksforhandlingane?

– Nei, dette har me arbeidd med lenge. Skal matberedskapen vera reell, må matproduksjonen i størst mogleg grad vera basert på norske ressursar, seier Bjørke.

Høgare avlingskvalitet

– I ditt fylke, Hordaland, har strukturendringane i landbruket ført til bruksnedlegging i kystområda, medan delar av mjølkeproduksjonen er konsentrert i store fjøs i Voss-området. Kraftfôr er nøkkelen her, medan grovfôrarealet gjerne er ein minimumsfaktor. Korleis kan mjølka frå Voss produserast med mindre importråvarer i kraftfôret?

– Eit av punkta blir å produsere meir grovfôr av betre kvalitet på det arealet ein har tilgjengeleg. Vidare må alle beiteressursane og areal som går ut av drift takast i bruk att og utnyttast.

Ei omlegging vil, i følgje Bjørke, bety at enkelte, som ikkje kan auka arealet, må produsera mindre enn i dag.

– Men desse vil nyta godt av ein marknad i betre balanse og få ein betre balanse i produksjonen på garden i høve til ressursgrunnlaget, seier han.

Mindre matimport

Bjørke meiner ein viktig kamp framover blir å få strengare regulering av meieriproduktimporten, som han meiner svekker den norske mjølkeproduksjonen.

– Me må sjå på både import av ferdigvare og import av kraftfôrråvarer. Men det er ikkje slik at me meiner at me ikkje skal produsera kylling her til lands og i staden importera kyllingen, understrekar han.

– Det er snakk om å produsera mest mogleg nasjonalt. Målet er høgare verdi på beite- og grovfôrareala, sjølv om dei er tungdrivne. Det vil også gi bonus i form av eit meir ope og finare kulturlandskap.

– Kva med mat- og kraftfôrpotensialet i havbruk og skog? Vil dykkar forslag bidra til meir forsking satsing?

– Eg trur ei stortingsbehandling om auka sjølvforsyningsgrad vil gjera slik forsking meir interessant. Innafor dette feltet kan me også finna potensiale i å auka det norske resursgrunnlaget innan fiskeoppdrett.

Husdyr på Austlandet

– Kva betyr kanaliseringspolitikken som verkemiddel for å oppnå auka sjølvforsyningsgrad?

– Eg trur det må vera ein del husdyr også på Austlandet. Det er ikkje all jord der heller som er eigna til korndyrking. Men skal me lukkast med å auke sjølvforsyningsgrada til 50 prosent, må me dyrka korn og oljevekstar på dei areala som er eigna.

Stikkord denne saka: ,