Bygg og erter: Det har kome etterlengta regn i det siste, og mykje fôr kan framleis bergast før vinteren. Her frå Hå på Jæren kor førsteslåtten av eit grasattlegg med havre og erter vart hausta andre august.

Felleskjøpet Rogaland Agder bur seg på å levera auka mengder kraftfôr og fiberrike grovfôrerstattarar. Nå kan du også bestilla halm og høy hjå kraftfôrprodusenten.

Sjur Håland

Til nå har Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) via nettordrar registert kjøparar til 4-5000 tonn høy og halm.

– Me arbeider nå med å verifisere avtalane med desse kundane slik at me kan byrja å effektuera ordrane, seier marknadssjef i Landbruksdivisjonen i FKRA, Aasne Aasland til Bondevennen.

Ikkje business

Importen av grovfôr er utfordrande ettersom tørken har råka heile Nord-Europa. Restriksjonar kring import av plantemateriale frå utlandet og logistikken gjer ikkje oppgåva lettare.

– Å frakte grovfôr over store avstandar er dyrt. Om kiloprisen på høy eksempelvis er to kroner hjå seljaren, vil prisen bli vesentlig høgare når kunden får rekninga der transportkostnadane er inkludert. Prisane på container-parti med høy, levert til ei norsk hamn, ligg i følgje FKRA si nettside på 3,50-4,00 kroner per kilo for høy, medan eit mindre parti halm frå Danmark kan omsetjast for 2,00-2,50 kroner per kilo.

Aasne Aasland

– Skal FKRA tena gode pengar på grovfôrsal?

– Nei. Me arbeider nett no med prissetjing. Vår ambisjon er å leggja prisnivået på sjølvkost. Nonprofit prinsippet vil truleg dempa prispresset elles i marknaden og koma til nytte for kundane våre.

Må vera godkjent

– Kor kjem grovfôret frå?

– FKRA har eit omfattande kontaktnettverk som me nyttar fullt ut. Me er i bransjen, men har ikkje på plass eit effektivt system for grovfôromsetjing. Målet er å finna grovfôr frå område som Mattilsynet alt har godkjent. Fastlands-Europa er mest aktuelt.

– Det går rykte om at grovfôr frå austeuropeiske land blir frakta til Sverige for omlasting til Norge. Er det ei problemstilling de er klar over?

– Me har høyrt liknande rykte, og vil gjera det me kan for at grovfôrhandel gjennom oss skal vera trygg. Sverige er dessutan eit land der det ikkje er aktuelt for oss å kjøpa fôr frå nå.

Mange spørsmål

Stoda er krevjande, stadfestar Aasland.

– Mykje av vår jobb handlar om å skaffa seg oversikt i eit terreng som endrar seg heile tida. Kjem det meir regn? Kva blir utfallet av tredjeslåtten, korleis blir haustbeita og kor mange aktørar er i sving for å importera vinterfôr er spørsmål som er uråd å få svar på no.

– Grovfôrmangelen er eit faktum. Kan du i ei tid der mykje rart skjer, lova nok kraftfôr?

– Ja, det kan eg. Me arbeider kontinuerlig med å rekna ut kva volum som må til. I tillegg tek me høgd for å auke produksjonen av dei såkalla grovfôrerstattarane. Kundane våre har gode erfaringar med desse fiberrike kraftfôrsortane som saman med ordinært kraftfôr kan erstatta opp mot 50 prosent av grovfôrbehovet.

Mogleg isåingseffekt

Den ekstreme tørkesommaren har råka ulikt i FKRA sitt salsområde. Nedbøren, som kom i månadsskiftet juli/august, har ført til ein forsiktig optimisme kring moglegheitene til å berga ein brukbar tredjeslått. Heilt korleis vekstsesongen vil enda, veit ingen. Heller ikkje Felleskjøpet Rogaland Agder.

– Me har vore ute med råd om isåing og har vore leveringsdyktige på både engblandingar, eittårig raigras og korn som nå er sådd. Om hausten blir god, kan slike tiltak gi god effekt, meiner Aasland.

Marknadssjefen har vore i bransjen sidan 1986, men har aldri opplevd ein tilsvarande situasjon.

– I 2013 hadde me mangel på grovfôr i vårt område. Dette vart utjamna i løpet av vinteren med overskot og grovfôrtilførslar frå andre stadar av landet. Det kan me ikkje venta i år, sidan så mange er råka.

Nye erfaringar

– Vil den ekstreme tørkesommaren føra til endringar i måten de i Felleskjøpet arbeider og planlegg på?

– Me endrar oss stadig. Denne sommaren gir ei heilt ny erfaring som garantert blir tatt med vidare. Me er ei bondeeigd samvirkeverksemd og skal bidra til auka lønsemd. Regnsommaren i fjor og tørkesommaren dette året gir erfaringar som må byggjast inn i verksemda, sjølv om eg håpar det går minst 50 år til neste gong me opplever noko så ekstremt som i år.

– Kva råd vil du gi til fortvilte bønder?

– Bruk rådgivingsapparatet ditt. Gjer ei nøye vurdering av fôrbehaldninga og kva behov du har. Hugs at grovfôrerstattarar er eit prisgunstig alternativ. Ver merksam på at innhaldet i rundballane kan vera langt høgare enn vanleg. Tenk kva som let seg gjera i praksis, kva som gir best økonomi, og ta val ut frå det.

 

Stikkord denne saka: ,