Samvirkebonde: Jone Ingvald Skartland driv med mjølk- og storfekjøtproduksjon i Vindafjord. Foto: Privat.

Ein annonse for Nortura på baksida av Bondevennen har vekt oppsikt og skapt engasjement. Vindafjordbonden Jone Ingvald Skartland angrar ikkje på ordbruken som kanskje fekk ein og annan lesar til å setja fredagstacoen i halsen.

Sjur Håland

– Me var tre personar som uttalte oss i annonsen. Det er vel dei færraste som hugsar kva dei to andre sa, seier Skartland, om baksideoppslaget til Nortura i Bv 15. mai.

– Mitt mål har vore å skapa diskusjon om oppslutninga til samvirket. Den diskusjonen må me løfta fram og våga å ta, seier han.

 Ikkje heftig ordbruk

Ordbruken, som inneberer skuldingar om å vera tett i pappen eller egoistisk, er ikkje særleg heftig, meiner Skartland sjølv.

– Men måten eg ordla meg på kan verka provoserande og skapa eit engasjement. Det er nettopp det som er meininga. Sjølvsagt med eit glimt i auga, men det ligg eit alvor og ei reell bekymring bak, seier han.

Administrerande direktør i KLF, Bjørn-Ole Juul-Hansen, er ein av dei som tek til motmæle i ei ytring i denne utgåva av Bondevennen.

– Du får kritikk for å skyta på konkurrentane medan du heller burde retta søkeljoset på Nortura sine fortrinn og verdiar?

– Det har ikkje vore mi meining å skyta på konkurrentane til Nortura. Dei private Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund (KLF)- bedriftene er dyktige. Paradoksalt nok er deira dyktigheit ein del av problemet. Eg fryktar konsekvensane for alle bønder, også dei som leverer til konkurrentane, dersom Nortura sin oppslutnad blir ytterlegare redusert.

Som med Opec

Olje og kjøt kan samanliknast, meiner 32-åringen som er mjølk- og storfekjøtprodusent på åttande året.

– Når det er overproduksjon og Opeclanda ikkje blir samde om å redusera produksjonen, rasar oljeprisen. Får me ein overproduksjon og ikkje har eit sterkt Nortura og tilhøyrande marknadsreguleringstiltak i orden, vil det same skje med kjøtprisane.

Skartland seier at noko av det verste for bøndene, er ein marknad i ubalanse.

– Då går prisane ned medan omsetnadsavgifta aukar. Det er heilt essensielt for oss å halda marknaden i balanse. For å greia det, treng me ein stor og tung samvirkeaktør som har vilje, evne og naudsynte verktøy til å gjennomføra marknadsregulerande tiltak. Når oppslutnaden til Nortura minkar, så svekkast moglegheita og evna til å gjere denne jobben.

– Kvifor er du så engasjert i samvirke?

– Gjennom samvirkeverksemdene eig me bønder ei svært god marknadsreguleringsordning. Denne reguleringsordninga kan eigarane vera med å styra og styrka gjennom vårt eigarskap i Nortura. Yrkeskollegaer over store delar av verda er ikkje i nærleiken av ei liknande ordning, og misunner oss det systemet me har i Norge. Marknadsreguleringa er kanskje den viktigaste einskildfaktoren for bonden sin økonomi. Difor meiner eg at eg kan forsvara ordbruken og seia at dei som ikkje skjønar dette er tette i pappen.

Skartland meiner KLF sine medlemsbedrifter, dei private slakteria, ønskjer ein låg råvarepris.

– Men dei må vel også betala best mogleg pris til sine leverandørar for å konkurrere med Nortura, få trygg råvaretilgang og halda drifta i gang?

– Ja, dei konkurrerer med Nortura og må betala litt meir for å kjøpa leverandørar. I ein marknad med underdekning er dette greitt. Då kan ein til ein viss grad seia at dei private er med å driva marknaden framover og prisane opp. Men kva veg dreg desse kreftene i ein marknad med overproduksjon?

For hard konkurranse

For hard konkurranse har sine ulemper, meiner Skartland, og peikar på anleggsstrukturen som eit døme.

– Nå har me ein styreleiar i Nortura som seier at kvar stein skal snuast i arbeidet med å oppretthalda lønsemda og gjera Nortura best mogleg rusta mot konkurransesituasjonen. Då får me nokre uheldige konsekvensar, som at me må leggja ned fungerande produksjonsanlegg, som på Otta, nyleg. Det meiner eg er ein uheldig konsekvens av ein for hard konkurranse. Kor effektive skal me bli, spør han.

Skartland meiner at til mindre oppslutnad Nortura får, til større blir overkapasiteten på anlegga.

– Dette går sjølvsagt ut over lønsemda og er baksida av den harde konkurransen i kjøtmarknaden, seier han.

– Vil ikkje likevel dei private aktørane ha si rolle, ut frå at konkurranse er sunt og drivande for produktutvikling og mangfald? Dessutan bør vel bønder som er misnøgde med Nortura få moglegheit til å velja eit alternativt slakteri?

– Eg er med på tankerekka eit stykke på veg. Problemet oppstår når Nortura grunna for liten oppslutnad ikkje lenger kan driva solid og effektiv marknadsregulering, og heller ikkje lenger evnar å sette prisnivået.

Dårleg samvit

Bonden trur Nortura kunne formidla denne bodskapen enda tydelegare.

– Dei fleste skjønar samanhengen. Eg trur det er mange som leverer til KLF sine medlemsverksemder som eigentleg har dårleg samvit.

– Bondefamilien er liten. Er du ikkje redd for konsekvensane dersom det blir eit skilje, usemje eller ein dårleg tone mellom dei som leverer til samvirke og dei som handlar med ein privat aktør?

– Målet mitt er ikkje å skapa misstemning eller krig mellom bøndene. Det er ingen tent med. Eg har ingen annan agenda enn å peika på kor viktig det er med samvirke for å sikre best mogleg økonomi til oss bønder og å ta vare på den unike marknadsreguleringsordninga me har.

Må stå saman

Nortura er prissetjande, seier Skartland.

– Medan dei private betalar det dei må. Her er det ein vesentleg skilnad. Mens Nortura jobbar for ein stabil marknad utan overproduksjon med best mogleg pris til bøndene, ser kanskje andre seg best tent med ein noko mindre stabil marknad då overproduksjon bidreg til å presse råvarekostnadane deira ned.

I møte med kollegaer som leverer til ikkje-samvirke, høyrer Skartland ofte argument som går på kundetilhøve og god service.

– Det same er mi erfaring med Nortura. Her er det også hyggelege folk og god service. Men det er ikkje der skoen trykker. Bøndene må stå saman om marknadsreguleringsordninga for å halda marknaden i balanse.

Skartland seier at eit av måla hans med å stå fram i Nortura sin annonse, var å få bønder på vippen til å velje side.

– Trur du at du har lukkast med det?

– Det håpar eg. Eg veit eg snakkar med store bokstavar, men ønsket mitt er å få i gang ein diskusjon om dei reelle forskjellane mellom Nortura og konkurrentane, og ikkje minst håper eg å ha fått fram kor viktig det er med ein solid marknadsregulator med ei verdikjede som me kan samlast om.

Ber om respekt for ulike syn

Privat: Endre Nærland i grøne omgjevnadar heime i hagen på Rimestad. Han brukar gjerne arbeidsbukse med Nortura-logo, men meiner Nortura treng konkurranse frå private verksemder.

– Det må vera rom for både samvirke og private. Me må respektera ulike val, og ikkje hetsa og rakka ned på kvarandre, seier Endre Nærland, som leverer mjølk og kjøt til private.

Nærland er bonde på Rimestad i Hå. Her driv han med mjølkeproduksjon på 345.000 liter og fullt påsett. Han produserer i tillegg slaktekylling i eit 1.000 kvadratmeter stort kyllinghus frå 2006. Mjølka leverer han til Q-meieriet, medan Prima kjøper storfeslaktet. Mottakar av slaktekylling er Den Stolte Hane.

– Ser du på deg sjølv som ein egoist eller er du stokk tett i pappen, slik annonseteksten hevda?

– Eg meiner å meistre det eg held på med, så heilt tett kan det ikkje vera i pappen. Å gå ut med slike karakteristikkar er lite lurt etter mitt syn. Bønder er sjølvstendig næringsdrivande og må få lov til å gjera sine val. Nortura treng konkurranse, og her på Jæren har det alltid vore konkurranse om slaktet.

– Kvifor treng Nortura konkurranse?

– Konkurranse gjer at aktørane må skjerpa seg heile tida. Det blir konkurranse om produsentane, noko som gjer at verksemdene må konkurrera om å vera best. Det kjem oss produsentar til gode. Dessutan unngår me gjennom sunn konkurranse at éin aktør blir einerådande.

Ulike prinsipp

Nærland seier at det er viktig å ha forståing for at ikkje alle vil levera til samvirke.

– Det at enkelte valde å gå over til Fatland då Nortura kjøpte opp slaktedelen av Prima Jæren, er ein illustrasjon på dette. Folk har ulike prinsipp og må få gjera sine val. Både bønder og dei andre aktørane i landbruksnæringa må driva kostnadseffektivt og ansvarleg, understrekar Nærland.

Han har følgt slakterisamvirket sine investeringar og opp- og nedturar gjennom åra.

– Du røper eit visst engasjement for Nortura. Betyr det at du meiner at samvirkealternativ er naudsynt?

– Ja, me er alle avhengige av eit godt samvirke. Dei er med på å halda prisane på bøndene sine produkt oppe. Så vurderer den enkelte av oss kor ho eller han vil levera ut frå ulike motiv.

– Skartland løfter fram marknadsregulering og sikker avsetnad på produkta som viktig for hans engasjement for samvirke. Kva tenkjer du som leverer privat?

– Me har ein lukka marknad her til lands og treng ei marknadsregulering. Den jobben er det Nortura som gjer. Nortura er store og dekker heile landet, at dei har rolla som marknadsregulator er ei ordning alle bønder er tente med.

Avstand til toppen

– Saknar du ikkje makta og moglegheita til å påverka som du ville hatt dersom du hadde vore medeigar i samvirke?

– Avstanden frå eigar til romma der vedtaka blir gjort har blitt svært stor. Konserna er svære og den enkelte eigaren sin moglegheit til å påverka er liten. Eg kan ta ein telefon til sjefen i Q og snakka med han kva tid eg vil. Der blir eg lytta til. Eg er ikkje sikker på om det er like lett å få toppane i Tine eller Nortura i tale.

Blir akseptert

Nærland opplever at det er stor aksept i landbruksmiljøet på Jæren for at bønder gjer ulike val av kor dei er kundar og kven dei leverer til. Det er sjeldan svart kvitt på gardane. Sjølv kjøper han kraftfôret hjå Felleskjøpet, er medlem i Bondelaget og leiar i produsentforeininga i Q, medan han er første varamedlem i produsentforeininga til Den Stolte Hane.

– Ting endrar seg. Då eg gjekk over til Q, var eg ikkje aktuell for styret i det lokale bondelaget. Slik er det heldigvis ikkje lenger, seier han.

Beklagar glippen, men tar debatten

Er det ein bevisst provoserande Nortura-eigar som skal til for å auka Nortura-engasjementet?

Hans Thorn Wittussen, visekonsernsjef i Nortura, svarar følgjande på spørsmålet:

– Eg opplever at Jone Ingvald Skartland ønsker å få i gang ein debatt om kva som er skilnaden mellom Nortura og våre konkurrentar. Men kanskje mest av alt ei bevisstgjering på kva som står på spel for alle norske bønder dersom Nortura blir svekka for mykje.

Wittussen seier at han har sakna debatten blant Nortura sine eigarar og er glad for at den blir sett på sakskartet.

– Jone er ein tydeleg kar og glad i å snakka i overskrifter. Det gjorde han til gangs i annonsen vår, men problemet der var at overskrifta vart ståande åleine, utan noko nærare avklaring i kva han la i det. Eg kan skjøna at det har blitt reaksjonar på dette fordi det blei oppfatta som karakteristikkar og nedsnakking av konkurrentar og bønder som vel noko anna enn Nortura.

Blør for drakta

Annonsen skulle blitt stoppa og justert i samråd med Jone Ingvald Skartland, i Nortura sin kvalitetskontroll, understrekar visekonsernsjefen.

– Dessverre skjedde det ein glipp der. Det beklagar vi, for det er ikkje på denne måten Nortura skal kjempa for tilførslane. Samtidig er det viktig å understreka at det er vi som må ta dette på vår kappe, ikkje Jone. Han er ein eigar som blør for drakta. Slike treng Nortura fleire av, og eg synest intervjuet med han i denne utgåva viser at bodskapen han har bak overskrifta er gjennomtenkt.

Hans Thorn Wittussen
Foto: Nortura

– Korleis bør Nortura vinna konkurransen om råvareleverandørane og større eigartilslutnad?

– Nortura vil jobbe for å vinne oppslutnad gjennom å være tydeleg på at Nortura er bonden sitt selskap, at vi er offensiv, attraktiv og med god konkurransekraft på pris, service og kunnskap. Vidare at Nortura stadig betrar effektiviteten, tenker langsiktig for bonden, løfter prisen i marknaden, jobbar for å oppnå marknadsbalanse og sikrar i best mogleg grad rammevilkår for bonden.

Stikkord denne saka: