Ny jord: Sindre Årsvoll t.v. og Per Ivar Borsheim med fast grunn under føtene. Under matjorda ligg overskotsmassar frå Stangeland Maskin. Etter massefylling og profilering har paddeflat eng blitt sjølvdrenerande jord med 3-7 prosent fall.

På Årsvoll i Sandnes kan Per Ivar Borsheim og naboen, Sindre Årsvoll nå gå tørrskodde over kjelvene året rundt etter at entreprenør har lagt overskotsmasse på den eldgamle havbotnen.

Sjur Håland

Enga hjå Per Ivar skal måla heile 110 dekar når alt er ferdig. Fram til nå har området her blitt fylt med masse i åtte ulike felt, som er sådd til med ny eng etter kvart som felta har blitt ferdige.

– Neste år pløyer me heile arealet her i eitt. Då vil overflata bli enda jamnare enn ho er nett nå, seier bonden, og peiker utover den grøne kjelva.

Les også: Massepåfylling blir vanskelegare

Var paddeflatt

Jordet ligg 400 meter frå Skas-Heigre kanalen, som fører dreneringsvatnet ut i Nordsjøen. Her strevde bøndene sist på 1800-talet og litt inn på 1900-talet med å tappa ut Skasvatnet for å dyrke jorda.

– Her var det paddeflatt før. Nokre stadar på eigedommen har me funne sand, identisk med den du finn på Solastranda, seier Per Ivar.

Han peiker ut over ei stor eng som nyleg er arrondert med fall ned mot ein open kanal som går langs det rektangulære jordstykket, og som munnar ut i Skas-Heigre kanalen.
Det er oktober. Regntunge skyer heng over gardsbruk og jorder. Å gå på joggesko ute på jordene og studera veksten utan å bli blaut på sokkane, er ikkje eit problem lenger. Slik har det ikkje alltid vore.

Ikkje grøfteeffekt

Per Ivar fortel om strev for å grøfta jorda for å freista å betra dreneringstilstanden før entreprenøren kom på banen med fyllmasse. Han peikar på eit myrlendtområde dei fekk kjøpt som tilleggsjord som døme.

– Her brukte me grøftehjul på 60 dekar, la meir enn 9.000 meter dreneringsrøyr og fylte på med singel heilt opp. Arbeidet til meir enn 200.000 kroner gav effekt dei to etterfølgjande åra. Etter det var det like vassjukt som før, seier han.

Bonden vart lei, og såg at det måtte tenkjast annleis. I samarbeid med faren la han ein plan, teikna ei skisse og sendte søknad til Sandnes kommune om å få leggja på fyllmasse for å arrondere jorda. Svaret var positivt, og Per Ivar tok kontakt med entreprenøren Stangeland Maskin, som synte interesse for å vera med.
Naboar, deriblant Sindre, kom også til og ville vera med.

– Eg sjekka litt ut og såg at erfaringane frå andre var svært gode, då var det ikkje vanskeleg å nytta seg av høvet til å vera med på dette. Resultatet har blitt auka matproduksjon og at me får driva meir rasjonelt og miljøvenleg, seier Sindre.

Sindre driv mjølkeproduksjon på 365.000 liter. Til hans gard høyrer 230 dekar dyrka. I tillegg leiger han 38 dekar dyrka og 50 dekar beite. Heile arealet blir nytta til fôrdyrking.
Per Ivar driv med ammekuproduksjon og produksjon av storfeslakt basert på innkjøpte oksekalvar. All jorda, kring 250 dekar, blir nytta til grasdyrking. Per Ivar driv også maskinstasjon.

Påfylt: Dronefoto over Årsvoll hausten 2020. Området over bekken, midt i biletet syner areal kor det er påfylt masse. Områda i nedre biletkant illustrerer utfordringane med å drenera området. Foto: Stangeland Maskin.

Midlertidig tipp

Entreprenøren begynte å tippa sin overskotsmasse på ein midlertidig tipp hjå Per Ivar alt i 2012. I anleggsperioden var entreprenøren og bøndene einige om å prøva å ta så lite jord som råd ut av drift på ein gong slik at dei kunne hauste så mykje gras som råd undervegs.
Stangeland Maskin har blitt kvitt overskotsmasse. I tillegg har dei i nokre høve kompensert grunneigarane slik at dei har kunna kjøpt inn grovfôr og ekstra kraftfôr som måtte til på grunn av areal som gjekk midlertidig ut av drift.

– Me snakkar trass om halve arealet på gardane. Det var avgjerande viktig for oss å kunne halda hjula i gang så normalt som råd i anleggsperioden, seier Sindre, som i løpet av halvtanna år fekk fylt på masse og arrondert 110 dekar.

Bøndene har ikkje hatt andre utgifter med tiltaket. Dei to understrekar at eit arbeid som dette krev smidigheit frå begge partar. Per Ivar har til dømes lagt godt til rette for lastebiltrafikken, medan Stangeland Maskin har brukt eit stort vaskekar for å reingjera lastebildekka og lastebilunderstellet før utkøyring på den offentlege vegen.

– Det har gått over all forventning, seier Per Ivar.

Sams masse

Før overskotsmassen vart lagt på, la entreprenøren det eksisterande matjordlaget i ranker. Det vart nytta ulik fyllmasse. Den dårlegaste kvaliteten i botn, med lagvis fastare og fastare masse. Øvste laget med fyllmasse inneheld drenerande, grusaktige morenemasser som silt, leir eller helst sams. Dette for at massen skal setja seg godt. Når dette er gjort, blir matjorda lagt tilbake på toppen. Ut mot nabojordene vart det lagt opne kanalar og markavegar, som også er ein del av overvatnhandteringa.
Dei to bøndene var spent på korleis avlingsnivået ville bli når arbeidet var ferdig. Det har gått over all forventning.

– Fyllmassen set seg skikkeleg, og me dyrkar gras på same matjordlaget som før. Avlingane var faktisk på normalt nivå med ein gong me kom i drift att, seier Per Ivar.

– Det synar seg at jorda drenerer godt, samstundes med at ho er tørkesterk. Me kjem utpå med traktor og reiskap nærast kva tid me vil, det fungerer rett og slett heilt eineståande, seier Sindre.

Sjølvdrenerande

Dei to fortel at dei påfylte områda er sjølvdrenerande med nokre ganske få unntak der vatnet «kokar» opp. Her må dei inn med veiter. Hellinga på jordene, som før var flate, er på tre til sju prosent. Overflatevatnet renn ut i dei opne grøftene på sidene av jordstykkene.

– Me har slitt med rust i grøftene på vår jord. Nå slepp me utgifter til spyling og anna veitevedlikehald, seier Sindre.

Ein tipp med fjellmasse frå den store sjukehustomta ligg framleis att på eigedommen til Per Ivar. Han fortel at dei har fått avslag hjå kommunen, men håpar på løyve for å fylla på siste delen hjå han og eine naboen.

Grøft: Ei open grøft hjå Per Ivar Borsheim endar opp i Skas-Heigre kanalen. Grøfta samlar overflatevatn frå kjelvene på begge sider. Markavegen, som lettar logistikken for bonden, har også ei rolle i å halda massane på plass og å handtere overvatnet som renn ut i grøfta.

Positivt for dyrelivet

Nedslagsfeltet til Skas-Heigre kanalen er eit spesielt område. Nokre ytra skepsis til kva massepåfyllinga ville gjera med dyrelivet i området. Sindre og Per Ivar såg effekt alt mens entreprenøren var i arbeid.

– Dyre- og fuglelivet tok seg merkbart opp. Under anleggsperioden var det ved fleire høve fuglekikkarar på plass for å fotografera sjeldne artar.

Dei opne kanalane gjer området attraktivt for fuglar.

– Når du kan køyra i beine strekk, slik som me kan no, er det dessutan mykje enklare å ta vare på spove- og vipereira enn det var før, seier Sindre.

Treng nye område

Bønder som les dette vil gjerne tenkja at dei også kunne fått moglegheita til å oppgradere vassjuk, dårleg arrondert jord med massepåfylling slik som Sindre Årsvoll og Per Ivar Borsheim. Er det mogleg – og kva må i så fall til? Stian Byberg er masse- og deponileiar hjå Stangeland Maskin.

– Me er alltid på jakt etter nye område, seier han.

Landbruksjord i nærleiken av pågåande prosjekt er ein føresetnad. Byberg held fram at kjerneområda for deira verksemd er rundt byane i Rogaland og rundt større industriområde, som på Forus. Men dei har også prosjekt i andre område tid om anna. Fellesnemnaren er at anleggsverksemda genererer mykje masse.

– Dei gode massane blir brukt i andre prosjekt, men me får også ein del massar av kvalitetar som gjer dei mindre eigna for gjenbruk i utbyggingsområde. Desse massane er gjerne veleigna til fylling og terrengjustering på landbruksjord, som på Årsvoll, seier han.

Vanskelegare med løyve

Byberg er oppteken av at entreprenøren leverer eit skikkeleg sluttprodukt ute hjå kundane.

– Me ser på dei ferdig terrengjusterte kjelvene rundt om i distriktet som reklame for oss. At bøndene er nøgde etter at me har reist frå garden har alt å seia, seier han.

Tidlegare var det bøndene som søkte om løyve til massefyllingstiltaka. Prosjekta er oftast svært omfattande, og gjeldande praksis er nå at entreprenøren er ansvarleg søkjar.

– Kva seier myndigheitene, kommune og fylke til slike tiltak?

– Det blir stadig vanskelegare å få løyve til denne typen tiltak. Massehandteringsplanen for Jæren legg til grunn gjenbruk av 70 prosent av overskotsmassane. Det er bra, men det vil alltid vera massar som ikkje let seg gjenvinna. Dei treng me nye område og deponi til. Det er der landbruket kjem inn som ei glimrande løysing for både oss og bøndene. Den biten har det dessverre vore vanskeleg å overtyde styresmaktene om i det siste, seier han.

Stikkord denne saka:
Share This