Inn på garden: Ole Magnar Undheim og Per Herikstad frå Hå rekneskapslag vil, saman med rådgjevar frå Tine, gå gjennom rekneskapet og driftsresultatet på garden til kundane som ønskjer det.

 

Rekneskapslaga i Hå og Klepp går saman med rådgjevarar frå varemottakarar for å gi bonden dei beste råda. No er dei spente på responsen frå kundane.

Sjur Håland

Hå rekneskapslag er, som kollegane på Klepp, alt godt i gang med førebuinga til det nye tilbodet. Dei to rekneskapslaga har i første omgang inngått ein samarbeidsavtale med Tine. Kundar som ønskjer det kan få eit to timars møte der årsresultatet frå rekneskapen blir brukt saman med data frå Tine. Møta skal i utgangspunktet finne stad heime hjå bonden.

Spente på responsen

– Me er alt klar for dei første møta og er spente på responsen frå landbrukskundane våre, seier Ole Magnar Undheim, styreleiar i Hå rekneskapslag og dagleg leiar Per Herikstad.

Dei har arbeidd ei tid for å få avtalen med Tine i boks. Hå rekneskapslag har stor tru på nytteverdien av det nye tilbodet for bonden.

– Rådgjevaren frå Tine og rekneskapsføraren går saman med bonden gjennom økonomien og drifta i fjøset. Dermed får rekneskapsføraren ei betre innsikt i drifta og driftsresultatet til kunden samstundes med at Tine-sin rådgjevar får ein innblikk i rekneskapen. Saman med bonden kan me leggja eit grunnlag for å gjera tiltak og setja mål for å gi garden og produksjonen eit løft, seier dei to.

– Kva er bakgrunnen for det nye tilbodet?

Breiare grunnlag

– Me ser behovet for å kunna gi råd, laga driftsplanar eller budsjett med breiare grunnlag enn rekneskapstala. Med det nye konseptet kan me hjelpa bonden og familien hans eller hennar med å setja konkrete mål for drifta og dei økonomiske resultata på garden.

Dei to held fram at tilbodet er i startfasen, og at fleire varemottakarar vil bli kopla på etter kvart.

– No er tilbodet litt laust i forma. Slik skal det vera, me ønskjer å utvikla konseptet undervegs for at tilbodet skal bli så godt som råd. Framover blir det er aktuelt å ta med frittståande rådgjevarar eller rådgjevarar frå andre varemottakarar, etter ønskje frå kundane. Prinsippet blir det same.

Grunnlag for avgjerder

Med mindre økonomiske marginar og sprengd produksjonskapasitet blir gode grunnlag for avgjerder i drift og investeringsprioriteringar viktigare.

– Kva blir effekten av å velja ein høgare eller lågare avdrått. Kva slaktevekt på oksane gir best lønsemd på din gard, kan vera slike spørsmål, seier Herikstad.

– Og står du føre store investeringar i bygg eller maskinar, vil det vera ein stor fordel å ta ein grundig diskusjon med grunnlag i produksjonen og rekneskapen i førekant, legg Undheim til.

Etter møtet med rekneskapsføraren og produksjonsrådgjevaren, blir det skrive eit referat med konkrete punkt for oppfølging, og kven som er ansvarleg for desse. Ved behov kan det også leggast ein plan for oppfølgingsmøte, etablerast erfaringsgrupper eller arrangerast fellesmøte ope for andre kundar med tilsvarande utfordringar.

Tverrfagleg nytte

– Veldig nyttig og ein god avtale med dei to rekneskapslaga, kommenterer Tinerådgjevar Torfinn Nærland.

Nærland peikar på at det tverrfaglege samarbeidet vil gi ein nyttig effekt i rådgjevinga for Tine sine medlemmar.

– Me får eit blikk inn i bonden sin rekneskap, medan rekneskapsføraren får innblikk i drifta. Saman kan mjølkeprodusent, Tine-rådgjevar og rekneskapsførar drøfte kor potensialet i mjølkeproduksjonen på garden ligg, og kva produsenten bør prioritere å gjere noko med. Me trur dette blir eit spennande grunnlag til å gi råd ut frå, og i samarbeid utarbeida målretta, lønsame strategiar for gardsdrifta.

Nå er det opp til bøndene om dei vil nytta seg av det nye tilbodet.

– Me gler oss til det vidare arbeidet og er spent på kva me får til. Eit slikt felles møte gjev ikkje betring i drifta av seg sjølv. Mjølkeprodusenten må fylgje opp med tiltak og endringar i drifta, for å ta ut potensiale og nå sine mål. Me håpar at bøndene ser nytta av tilbodet og ønskjer å ta ut dei potensielle meirverdiane i samarbeidsavtalen.

Stikkord denne saka: ,
Share This