Foto: Arne Jostein Lyshol

Med desse enkle tiltaka kan du hjelpa vipa på garden din.

  • Merk reiret med ein tynn pinne (ikkje eigna sitjestad for skjor og kråke) eit par meter frå reiret, slik at ein ikkje uforvarande kjører over reiret når ein arbeider med jorda.
  • Dekk reiret med ei bøtte eller plast (berre ei kort stund) når ein skal spreia møkk.
  • Reir kan flyttast nokre få meter ved å ta ei spade under heile reiret når ein skal pløya eller liknande. Legg det helst tilbake etterpå.
  • Når ein skal slå graset er det bra om ein tek til i midten og arbeider seg utover, slik at vipeungane får rømme unna. Spar helst litt gras i kantane der ungane kan gøyma seg.

Les også: Bonden er ingen vipeversting

  • Attlegg av graseng: Eit godt grasområde blir brukt i fire til fem år, deretter blir det pløgd og sådd på nytt. Dette blir normalt gjort i august, då det er ei travel tid for bonden om våren. Eit område med gjenlegg fram til april ville for vipa vere ideelt. Dette området vil kunne trekke til seg viper, og det vil vere godt med næring for ungane. Etter kvart som graset veks, vil det også gi naudsynt skjul. Graset vil normalt bli slått i juli, på ei tid kor årets kull er blitt flygedyktige.
  • Trygge randsonar: Eit anna tiltak i identifiserte hekkeområde er å leggje området brakk i randsona mellom dyrka mark og grensa til myr, skog eller liknande. Dette vil også auke sjansen for at ungane finn nok næring, samt at dei raskt kan finne skjul. Ynskjer du å sette i verk dette tiltaket, vil kontakt med landbrukskontoret og grunneigar vere eit krav for å få til ein avtale. Det kan vera aktuelt å søke om SMIL [Spesielle miljøtiltak i jordbruket]-midlar for å gje bonden økonomisk kompensasjon. Formålet med tiltaket er blant anna å ivareta spesielle naturverdiar og biotopar som tilfredsstiller den etter kvart så sjeldne vipa sine krav til hekking.
  • Reservert plass: Svart jord er eit trekkplaster for vipene. Difor kan det vera ein god idé å setta av eit stykke open jord til fuglane. Vipene hekker på bar bakke, gjerne med lågt gras. Det gjer dei for å få god oversikt over moglege rovdyr. I nærleiken treng dei høgare gras, vekster som kan gi skjul for dunungane. Våtmark og myrområde er viktige biotopar for mat til vipa. Med andre ord er ein mosaikk av ulike naturtypar viktige for at vipebestanden skal bestå og kunne forlata kategorien sterkt truga i Norsk Rødliste.

Bli med i fotokonkurransen: Blir du årets vipe-venn?

Kjelde: Lars Ågren, Norsk Ornitologisk Forening, avd. Hordaland

Stikkord denne saka: ,