Den ferske bonden svinger kosten.

Den ferske bonden svinger kosten.

Nicolas Kolnes-Cassis er politisk engasjert, vegetarianar og ein spirande dataingeniør. Han fekk teste eigne grenser blant snøftande sugger.

 

Jofrid Åsland

 

– Velkommen. Dette skal bli spanande.

Wenche Helene Erga helsar og smiler. Denne novemberdagen opnar ho døra til grisehuset på vidt gap for ein mann frå urbane strok og Bondevennens journalist.

– Så vaskar du hendene og spriter dei etterpå. Av med sko og jakke før du kjem inn.

Wenche informerer raskt og bestemt, før ho viser veg inn på kontoret. Kaffien er klar. Urvisaren har nyleg passert 6.

– Ja takk, eg vil gjerne ha kaffi, fekk ikkje tid til det så tidleg.

Nicolas dumpar ned i ein ledig stol og tek imot ein kopp svart oppkvikkande veske. Samtalen går i laust og fast om gardsdrifta og utviklinga garden har vore gjennom. Wenche fortel om planar for dagen.

– Klokka 12 lager eg til litt mat.

– Eg er vegetarianar eg.

– Du er vegetarianar du. Wow. Dette blir bra.

Wenche tek informasjonen med ein latter.

– Eg forstår at andre vil ete kjøt. Det er mange grunnar til mitt val om å la vere.

Nicolas tek ein ekstra kopp kaffi, før han set kurs mot fjøsdressen.

 

Sjå film frå dagen som grisebonde:

(Saka held fram under filmsnutten.)

 

 

Røktar for første gong

Den erfarne røktaren viser veg gjennom labyrinten av fødeavdelingar og vaksne dyr. Ho har drive med smågrisproduksjon i 26 år. Til vanleg har ho Andrius Mickavicius med på det daglege arbeidet. Han kjem frå Litauen og har arbeida på garden i seks år. I dag har Andrius fått fri frå fjøset, og arbeider med Tor Olav Erga, mannen til Wenche, i staden.

I grishuset får Nicolas innføring i rutinar når det gjeld fôring, måking og reinhald.

– Du vil nok kjenne det på kroppen etter denne dagen.

Wenche fortel om slitasje både i rygg og nakke etter mange år med måke i handa.

Nicolas gir gass. Han går rett inn i bingen til store purker og sjølvaste rånen. Måker for dyra og godsnakkar.

 

Eit griseliv ser ganske avslappande ut.

Eit griseliv ser ganske avslappande ut.

Erfaring er kunnskap

– Me tek ein pause. Han byrjar å bli litt sliten trur eg.

Wenche spring over gardstuet etter ein kjekspakke. Klokka tikkar mot 09.30. Tor Olav og Andrius vil og ha seg ein kaffikopp.

– Det er mykje fysisk arbeid å vere bonde.

Den nye arbeidaren konstaterer fakta, men vil ikkje innrømme at han er sliten. I dag har han droppa førelesingar på Universitetet for å vere bonde for ein dag. Nicolas studerer til dataingeniør, er leiar av Grønne Studenter og aktiv i Miljøpartiet De Grønne.

– Eg er veldig glad for denne moglegheita. Det er mykje snakk om dyrevelferd, særlig i Miljøpartiet. Eg vil ikkje ha meiningar om noko eg ikkje har opplevd.

– Det er litt viktig at politikarar får erfare korleis det er å vere bonde. I grunnen skulle halle politiske parti hatt obligatorisk stell på gard.

Wenche vil at folk skal forstå korleis gardslivet heng saman.

– Me har det jo fritt, men travelt. Me går oppe om nettene under grising. Du kan samanlikne det med å ha små barn, berre at eg har det kvar tredje veke.

Nicolas har to små jenter, og veit litt om søvnmangel. Han er overraska over alt tittelen bonde inneheld.

Tilbake i fjøset. Skiten skal vekk, alle dei gryntande skal ha både strø og høy. Den uerfarne bonden er i full sving igjen. Wenche har slakka litt på kravet om at han skal gjere alt arbeidet, og har funne seg ei måke.

– Mange spørsmål svirrar rundt i hovudet.

Han slenger ein kommentar til journalisten bak kameraet mens han gir vatn til dyra i fødeavdelingane. Dei slanke hendene har ikkje full kontroll på lukkemekanismen, det er berre å passe seg.

– Kjempebra. Dette går bra.

Wenche er rask til å rose, men fortel nøye korleis ho vil ha arbeidet utført.

– Eg er gridlete.

Kommentaren kjem med jamne mellomrom denne arbeidsdagen.

(teksten held fram under bileta.)

  • Ingen tvil om dyreslaget på denne garden på Orre i Rogaland.

 

Draumen om gardslivet

Bonden inviterer inn på kjøkkenet til lunsj. Det er både reke, egg, kjøttpålegg og ost til brødet.

– Det blei berre brødmat i dag.

– Dette er veldig fint for meg.

Vegetarianaren er nøgd, og et meir enn vanleg etter dagens fysiske arbeid.

– Eg hadde respekt for bønder før, men no har eg endå meir respekt.

Han kjem frå ein annan kvardag enn dei andre rundt bordet, sjølv om han i dag bur på ein gard. Kona til Nicolas kjem frå gard i Sola, men garden er ikkje i drift. Paret bur i det eldste huset på garden. Han har aldri delteke i arbeidet på ein gard før.

– Det er utruleg mykje ein bonde skal ha kontroll på.

Kommentaren kjem spontant frå dagens praktikant.

Wenche er nøgd med gardslivet, men er kritisk til stadig aukande krav til bøndene. Rundt bordet vert det diskusjon om papirarbeid og krav til teknisk innsikt.

– Eg er oppteken av at me ikkje skal syte. Me har det ubegripeleg godt. Mat har me, ferie kan me ta og fire flotte barn har me fått. Kva meir kan ein ønskje seg?

– Blei du heilt avskremd no?

Det er Wenche som sender spørsmålet i retning av sin nyaste dreng.

– Eg ser at grisene har det bra her, men opplever at dagens landbruk har blitt så mykje fabrikk. Mitt generelle inntrykk er at bøndene vil det beste for dyra, og gjer det beste dei kan med dei midlane dei har.

Nicolas har ein draum om å bli bonde. Ikkje storbonde. Han ser ting i mindre skala. Der dyra er ute og barn kan komme til garden og lære kvar maten kjem frå. Kanskje ein gong i framtida når han er ferdig utdanna dataingeniør.

 

Om Nicolas Kolnes-Cassis (30):

Han er fødd på Island og vaks opp i USA på Island og i Sverige. Han starta utdanninga si i Danmark og traff kona der. Slik førte livet han til Noreg. Faren er fransk med røtter fra Hellas og mora er islandsk.

Nicolas er vegetarianar og politisk engasjert i Grønne Studenter Stavanger og Miljøpartiet De Grønne.

Han er framleis overtydd vegetrarianar trass i ein veldig god oppleving på garden på Orre. Valet handlar om korleis samfunnet i dag er bygd opp med stort forbruk av dyr.

 

Om Wenche Helene Erga (54):

Ho er frå Hillevåg i Stavanger og eigentleg byjente, men nytta mykje av fritida si på ein gard i nærleiken av Hillevåg som lita. Ho gjekk på jordbruksskulen og traff mannen sin, Tor Olav Erga (59), der. Ekteparet har fire barn og fire barnebarn.

Dei driv ein 110 mål stor gard på Orre i Roagaland, og leiger 80 mål spreieareal. Drifta på garden er smågrisproduksjon. Stadige byggeprosjekt har prega gardslivet. I dag har dei 1.980 kvadratmeter med produksjonslokale. Tor Olav Erga arbeider som forskalingssnekkar ved sida av garden medan Wenche Helene Erga arbeider fulltid på garden, og er å rekne som sjef i grisehuset.

Dersom Wenche Helene Erga ikkje skulle vore bonde ville ho utdanna seg til jordmor.

 

Nicolas Kolnes-Cassis legg stor vekt på kos med dyra.

Nicolas Kolnes-Cassis legg stor vekt på kos med dyra.

Stikkord denne saka: ,