Grøftetilskotet er dobla og Rogaland har fire millionar i potten for 2017. – Nytt anledninga, oppmodar artikkelforfattaren. Illustrasjonsbilete frå ein grøftedemonstrasjon på Jæren i 2015.

Satsen for tilskot til drenering vart frå 1. juli i år auka til 2000 kroner per dekar ved systematisk grøfting.

Olav Magne Tonstad
Landbrukskonsulent

Ved annan form for grøfting vart satsen auka til 30 kroner per løpemeter, avgrensa til maksimalt 2000 kroner per dekar. Dette gjeld ved usystematisk grøfting, der det berre er enkelte grøfter som blir fiksa og skifta ut. Dette er visstnok eit resultat av jordbruksoppgjeret som kom i hamn i slutten av juni. Forskrifta er no blitt endra og dei nye satsane for tilskot er tekne inn.

Satsane har vore for låge

Det har lenge vore ei oppfatning at satsane for tilskot har vore for låge i høve til dei høge kostnadane med grøfting og drenering. Og kommunane har slite med å få «bruke opp» dei tildelte midlane. Det er derfor på høg tid at satsane no er blitt auka.

Får tilbakeverkande kraft

Dersom du har fått løyvd tilskot til drenering, men ikkje har starta arbeidet før 1. juli 2017, kan du be kommunen om å få løyvd tilskot etter dei nye satsane. Du må sende ei skriftleg oppmoding til kommunen, der du er kommunen fatte eit nytt vedtak på bakgrunn av dei endra og auka stasane for grøftetilskotet.
Jorda må har vore grøfta før Det er eit vilkår at jorda, enten det er dyrka jord eller beite, må ha vore grøfta tidlegare. Det blir derfor ikkje gitt tilskot til første gongs grøfting i samband med nydyrking. Unntaket er for planerte areal, der det kan løyvast tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

Må søke først

Du må søke om tilskot og få godkjent søknaden, før du set i gang med grøftinga. Du må også ha ein plan for grøftinga med kart og utgreiing av det arealet som skal grøftast.

Mange ubrukte pengar

Rogaland har i 2017 om lag 5,4 millionar kroner som skal gå til grøftetilskot. Til no i år er det berre løyvd om lag 1,4 millionar kroner, slik at potten no er på ca. 4 millionar kroner. Kommunane sit derfor og ventar på at nye søknader skal kome inn. Det er derfor berre å nytte anledninga. Sommaren i år har til dels vore våt og regnfull. Eit blikk på kjelvene som er blitt hausta, syner dessverre mange køyrespor. Det er derfor mykje jord som skulle ha blitt grøfta på nytt.

Stikkord denne saka: ,
Share This