Sjur Håland
Erstatningsordninga legg til grunn at staten skal dekka kostnadane til riving og rydding etter avslutta pelsdyrhald. Men kva skjer på tomta når alt er fjerna? Horpestad seier at rivinga så vidt er i gang hjå nokre få farmarar, og at fleire står klar til å sanera tomtene sine.
Gapande sår
På eit møte mellom pelsdyrbøndene og Statsforvaltaren i Rogaland rett før påske, vart pelsdyrbøndene gjort merksame på ordlyden i siste høyringsutkastet for kompensasjonsordninga med frist 6. mai. Her blir det presisert at staten ikkje inkluderer kostnadane med tilbakeføring av tomta til jordbruksareal i kostnadsberekninga for riving og opprydding. Horpestad seier at dette ikkje slår negativt ut for bønder som har byggeplanar på tomta.
– Dei kan sjølvsagt gå vidare med planane sine, understrekar han.
Men for dei fleste, Horpestad inkludert, vil det vera mest naturleg å leggja det sanerte arealet til den tilgrensande jordbruksjorda.
Faller utenfor
Kompensasjonen dekker bare utgifter til riving og opprydding av pelsdyranlegg. Med «opprydding » menes i hovedsak fjerning av rivningsmassen. Forberedelse av arealet til ny bruk anses ikke som en del av oppryddingen. Opprydding kan likevel omfatte håndtering og fjerning av gjødselmasser som er samlet opp i løpet av det siste året, men oppgrusing, tilførsel av jord og annen videre bearbeidelse av grunnen der hvor pelsdyranlegget har stått, faller utenfor.
Frå høyringsnotatet frå LMD med svarfrist 6. mai 2022.
Horpestad seier pelsdyrbøndene finn dette svært urimeleg.
– Me har blitt tvungne til å avvikla, og opplever enda ein gong at staten, gjennom siste presiseringa, ikkje syner vilje til å rydde skikkeleg opp etter seg.
Gjeld kring 57 farmar
Leiaren meiner at arealet det er snakk om på dei ulike farmane, varierer frå kring fire til opp mot 12 dekar. Horpestad presenterer eit reknestykke der han legg til grunn at kring 30 prosent av dei 82 farmane, som er ein del av erstatningsordninga i Rogaland, vel å setja opp nye driftsbygningar. Det vil i så fall bety at det er 57 farmar med tomter som dei ønskjer skal leggjast tilbake til jordbruksjord. Dei aller fleste ligg i Sandnes og Klepp kommunar, der matjorda er under press.
I staden trur han grustomtene vil bli nytta som til dømes lagerplass og at det etter kvart kan bli eit press på å heller regulera tomtene til anna næring.
– Slike løysingar samsvarar ikkje med styresmaktene si auka merksemd på å halda mest mogleg jordbruksjord i drift her i landet. Eg opplever også at Statsforvaltaren i Rogaland er oppgitt over at staten ikkje ordnar opp etter seg. Nå håpar me at sentrale politikarar merkar seg galskapen og syner vilje til å retta opp i dette, seier han.
Vil vera tydelege
Landbruksdirektør Geir Skadberg hjå Statsforvaltaren i Rogaland seier at dei areala det er aktuelt for bør leggast tilbake til jordbruksareal, noko dei vil vera tydelege på i høyringssvaret til Landbruks- og matdepartementet.
– I store delar av Rogaland er det også tilgjengelege overskotsmasser. Eg kan ikkje skjøna anna enn at gevinsten med å få att dyrka mark i lys av både jordvern og behov for areal til eigen matproduksjon er langt større enn kostnadane med dette for staten.
– Dermed meiner du at staten bør inkludera tilbakeføring til jordbruksareal i kompensasjonsordninga?
– Ja, det meiner eg.